Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Gard og grend
Skjerjehamn

 

  

Tekst og foto: Scandion
  
Skjerjehamn var eit viktig handels- og kommunikasjons - senter i leia. Det er å tru at hamna har vore søkt og brukt så langt attende som det har ferdast folk på sjøen i Gulen, og alt før 1600 må ein tru det må ha vore fastbuande folk her. Brev datert -Schierhavn den 8 Februar 1641- tyder på at det alt då må ha vore eit slags gjestgjeveri der. Her var kai og stoggestad for mange rutebåtar; landhandel, postopneri 1866, telegraf, pensjonat, trelastlager og oljelager. Postkontoret var lagt ned i 1981. 

Transporten vart etterkvart flytta til landevegen, og Skjerjehamn vart ein stille stad i mange tiår. 

Skjerjehamn er i dag eigd av Ola Braanaas, og den erverdige handelsstaden er igjen ei levande perle på kysten; ein vakker stad, der mennesker møtast og deler gode opplevingar! Våren 2007 reiste Braanaas til Italia for å hente heim Knut Steen si mektige statue av Kong Olav V. Den 10. juli blei monumentet reist på Skjerjehamn og ønsker deg velkommen enten du kjem lande- eller sjøvegen.

Les meir om historia til Skjerjehamn HER


 

Alle foto:
Scandion

Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no