Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
 

 

                    
Skjerjehamn - idyll i barsk skjærgård
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 05.03.200

Skjerjehamn var eit viktig handels- og kommunikasjonssenter i leia. Det er å tru at hamna har vore søkt og brukt så langt attende som det har ferdast folk på sjøen i Gulen, og alt før 1600 må ein tru det må ha vore fastbuande folk her. Brev datert -Schierhavn den 8 Februar 1641- tyder på at det alt då må ha vore eit slags gjestgjeveri der. Her var kai og stoggestad for mange rutebåtar; landhandel, postopneri 1866, telegraf, pensjonat, trelastlager og oljelager. Postkontoret var lagt ned i 1981. 

Skjerjehamn ligg ved nordvestodden av Sandøy, på ei lita øy som er vorten landfast med veg på ei fylling til Blidensol. Landskapet er berglendt. Gråstein og torvmyrer får dominere usjenert på dei stort sett låge øyane og holmane ut mot havet. Spredt bebyggelse, små gardsbruk og fiskebuer, er alt som stikk opp på enkelte av øyane. 

Eit spennande farvatn for fritidsbåtar, med tallrike gode fiskeplasser, fine naturhamner og stille viker. Dette er eit barskt og variert kystlandskap som er så typisk langs vestlandskysten. 

I Skjerjehamn har det i mange mannsaldrar vore kai, - og allereie i 1843 vart her D/S stoppestad for mange rutebåtar. Etterkvart fekk Skjerjehamn 20-25 rutestopp for veka. 

Her var landhandel, pensjonat, trelastlager og oljelager. Skjerjehamn postopneri vart etablert i 1866, - og lagt ned i 1981. (Postnummer 5979). 
Det vart telegrafstasjon i 1894 - som vart automatisert 5. januar 1972, og ein fekk el. kraft i 1957. 

Skjerjehamn var eit viktig handels- og kommunikasjonssenter i leia. Det er å tru at hamna har vore søkt og brukt så langt attende som det har ferdast folk på sjøen i Gulen, og alt før 1600 må ein tru det må ha vore fastbuande folk her. Brev datert -Schierhavn den 8 Februar 1641- tyder på at det alt då må ha vore eit slags gjestgjeveri der. 

Kræmmerleie 
På tinget i 1707 vart det opplyst at Skjerjehamn hadde vore Kræmmerleie frå gammalt av. Det var oftast kjøpmenn i Bergen som fekk desse i gang, på laglege stader langs kysten. Dei sette opp høvelege hus og sende dit ein eller fleire sveinar til å handle. Varene var øl, vin, brennevin, tobakk, kritpiper, men óg salt, jarn, korn, malt og brød, og ymse andre ting. Den fyrste kræmmaren som er nemnt på Skjerjehamn heitte Jon Dirch, og truleg kom han til staden før 1640. Den viktigast handelen var brennevin, noko som geskjeftige prost Dahl i Eivindvik ville ha slutt på. Han kjøpte like godt Skjerjehamn - og selde att med den klausul på skøyta at der ikkje skulle seljast brennevin til ålmugen. 

Sentrum for ruteferdsla 
I 1839 tok den vesle dampbåten Bjørgvin til å gå mellom Stavanger - Bergen - Lærdal. Men i 1853 sette Staten inn Constitusjonen i same ruta. Kvar veke skulle båten gå frå Bergen tysdag kl. 12, stoppe i Skjerjehamn kl. 17, og -antages at ankomme Lærdalsøren onsdag kl. 10 f.m.- står det i ruta. Dette varde berre nokre få år. Sidan tok Bjørgvin av og til turar til Sogn, men nokon skikkeleg rutefart vart det ikkje før Fylkesbaatane kom i drift i 1858, og Skjerjehamn vart eit slag sentrum for ruteferdsla på Sogn og Fjordane fylke. Då det i den tida ikkje fanst kai, laut dampbåtane ha tau i land etter som vinden bar, anten til Spafoten eller til skjera utfor hamna. Der var det difor oppsett -fastigheter - ringar eller boltar til å fortøye i. 

Wilhelm og Otto Schreuder 
Wilhelm Schreuder kjøpte handelsstaden Skjerjehamn i 1861.Han var målarmeister frå Bergen, og gift med Sara Dorthea Nitter frå Indre Holmedal. I 1862 fekk han løyve til å drive gjestgivarstaden og handel. 

I september 1873 hende det ei ulukke på sjøen. Det var konfirmasjon i Gulen kyrkje og eldste son til Schreuder, Otto Christian var konfirmant. På veg attende til Skjerjehamn, rauk det opp med uver og båten gjekk rundt. Berre Otto klarte å halde seg fast på kvelven til der kom hjelp. Faren Wilhelm og ei søster kom bort saman med tre andre. Mor til Otto var heime og kokte til konfirmasjonen. 

Otto Schreuder var f. i Bergen 30/4 1856. I 1879 gifte han seg med Øllegaard Kahrs, f. i 1858 på Gryta. 

Det vart store endringar på Skjerjehamn i Otto Schreuder si tid. I 1860 bygde han eit hus på 16x30 m i to høgder til trelastlager. Han bygde også ei 40 meter lang kai. I 1891 sette han opp hotell på denne gamle gjestgjevarstaden. 

På Skjerjehamn kom det også ein meterologisk stasjon, som seinare vart flytt til Byrknesøy. 

Verneverdig handelsstad 
Hovedhuset som i dag står og skuer ut over hamna, er fra 1891. Det vakre lysegrøne trehuset reiser seg på østsida av holmen med glassveranda og to rader smårutede vinduer omkransa av grønne vinduskarmar. 

Den gamle handelsstaden nærmast gøymer seg under høgreiste lauvtrær og kraftig krattvekst. Østsida av den lille holmen er overraskande frodig, sammenlikna med resten av landskapet her ytterst i Gulen. 

Det kan nesten følast som å bevege seg i ei filmkulisse frå 1800-talet, det er like før travle handelsmenn og betjentar, fiskarar og bønder, huskoner og håndverkarar dukkar opp rundt hushjørna. 

Handelsstaden på Skjerjehamn er i dag i privat eige. 

Kjelder: Gulen, band 3 / Glimt frå Gulen 2000 

    
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal