Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
Leksikon

 

  
Gulen gjennom århundrer
Tekst og foto: Scandion
Gulen si historie er skapt av små og store hendingar gjennom århundrer. Mangt og mykje av denne historia kan ein lese om i gamle skrifter, kyrkjebøker, utvandringsprotokollar, bygdebøker, sogehefter o.l. 

Framleis er det informasjon om mange hendingar, i vår nære og fjerne fortid, som ikkje er komen på trykk, eller allment lett tilgjengeleg. 

For å få ei enkel oversikt over historia og det som har skjedd av hendingar og utvikling i Gulen kommune, finn du her starten på eit leksikon frå farne år og fram til våre dagar. Hendingar i Brekke kommune som fram til 1964 var eigen kommune er teken med i dette leksikon. 

Gulen kommune vart oppretta i 1837 som Evenvik formannskapsdistrikt, seinare Evenvik kommune. Prost Niels Griis Alstrup Dahl vart valt som kommunen fyrste ordførar. Vervet hadde han til han ba seg fri i 1848 på grunn av dårleg helse. 

I 1850 vart Brekke frådelt som eigen kommune. Evenvik hadde etter dette 3.944 innbyggjarar. I 1858 vart Sulen (Solund) frådelt som eigen kommune og innbyggjartalet minka til 3.018. 

17. mai 1890 vart Eivindvik prestegjeld endra til Gulen prestegjeld. 1. juli same året vart kommunenamnet endra til Gulen. 

1. januar 1964 vart Brekke og det meste av Gulen slått saman til det som i dag er Gulen kommune med 3.250 innbyggere. Losna med 40 innbyggarar vart samtidig overført til Solund kommune. 
------------------------------------------------------------ 

978
- Ved Dingeneset stod det eit stort sjøslag mellom Håkon Ladejarl og kong Ragnfrød Eiriksson. På Dingeneset ligg ei gravhaug frå bronsealderen.

-------------------------------------------------------------

1327
- Den første kyrkja i Eivindvik, ei stavkyrkje, vart første gong nemnd.
- Ei stavkyrkje på garden Haugland er første gong nemnd.

--------------------------------------------------------

1350
Ei kyrkje eller kapell er nemndt på Kyrkjøy på Rutletangane som"Rutzla kirika".

-------------------------------------------------------------------

1590
- Stavkyrkja på Haugland vart flytta til Ytre Brekke. Sjå 1327.

----------------------------------------------------------------

1630
- Christoffer Torkjelson (frå Bergen) starta med handel og gjestgiveri på Nyhamar.

-----------------------------------------------------------------------------

1664
- Det vart halde ting på Nyhamar.
- Mons Mikkelsson tok over som gjestgivar på Nyhamar. Sjå 1630.

------------------------------------------------------------

1676
- Sjørøvarar herja i Gulen. Ei hæravdeling frå Bergen kom for å jage dei bort.

---------------------------------------------------------------------

1685
- Kong Christian V vitjar Gulen.

---------------------------------------------------------------------

1686
- Ei tømmerkyrkje er nemndt. Stod truleg der som kyrkja i Brekke står i dag.

--------------------------------------------------------------------

1695
- Stathaldar i Noreg, Ulrik Fredrik Gyldenløve, vitja Eivindvik.

-----------------------------------------------

1704
- Kong Fredrik IV vitja Eivindvik.

-------------------------------------------------------------------

1705
Nikolai Stabel vart sokneprest i Gulen. Til 1926.

--------------------------------------------------------------

1707
- Carsten Jakobsson var kremmar og gjestgjevar på Skjerjehamn. Han gjekk konkurs i 1716.

------------------------------------------------------------------------------

1724
- Den gamle kyrkja i Eivindvik vart kjøpt av sokneprest Nicolai Stabel.

-------------------------------------------------------------------

1742
- Ein pest herjar på garden Kjellby. 11 menneske døydde, og vart gravlagde same dagen. 

------------------------------------------------------------ 

1773
- Fram til 1773 høyrde søre del av Gulen kommune under futen i Nordhordland. Dingeneset markerte grensa mellom Hordafylket og Sygnafylket. Frå no av vart Gulen Skipsreide lagt til futen i Sogn og såleis overført frå Hordaland til Sogn og Fjordane fylke, som den gongen heitte Nordre Bergenhus amt.

------------------------------------------------------------------

1786 
- Opning av Den Trondhjemske Postveg. Vegen gjekk gjennom ytre Gulen frå Postvågen ved Halsvik og til Rutledal. Les meir 

------------------------------------------------------------ 

1787 
- Den første poststasjonen i Gulen vart skipa på Eide. 

------------------------------------------------------------ 

1790 
- Veg med 7 bruer vart bygd gjennom Nordguldalen til Rutledal. Denne vegen vart ein del av Den Trondhjemske Postvei. Posten fylgde denne ruta heilt fram til 1867. Les meir 

---------------------------------------------------------------------------

1797
- Eivindvik fekk postopneri. Soknepresten var postopnar i den gamle skysstasjonen i Fonnevik på sørsida av Prestesundet.
I 1849 vart postkontoret flytta til Åmalsvik, men i 1858 vart det flytta tilbake til Fonnevik.

--------------------------------------------------------------------

1799
- To postførarar frå Lindås drukna i Steinsvatnet ved Eidsfjorden. Mange tusen riksdalar dei hadde med seg sokk, men vart seinare funne på 14 famners djup.

------------------------------------------------------------ 

1804
- 24. februar : Niels Griis Alstrup Dahl vart utnemnd til res. kap. i «Evindvik Prestegjeld» 

------------------------------------------------------------ 

1807 
- 18. desember : Niels Griis Alstrup Dahl vart tilsett som sokneprest i Eivindvik. Seinare vart han prost og ein av dei mest kjende folkeopplysningsmennene i landet på den tida. Les meir 

------------------------------------------------------------ 

1811
Rideveg over Takledalen frå Austgulen vart bygd i 1811 - 1812. Same vegen vart seinare utvida til kjerreveg og bilveg.

-------------------------------------------------------------------------------
1812 
- Prost Niels Griis Alstrup Dahl fekk bygt den første ridevegen over Takledalen. Vegen forfall ganske raskt. Les meir 

------------------------------------------------------------ 

1814 
- Sokneprest Niels Griis Alstrup Dahl var stortingsmann for Nordre Bergenhus Amt i 1814 (ved det ekstraordinære møtet om hausten) og i 1827, 1828 og 1830. Les meir 

------------------------------------------------------------ 

1819 
- Sokneprest Niels Griis Alstrup Dahl sette opp Herresalen ved prestekaia i Eivindvik Det vart hans bustad. Les meir 

------------------------------------------------------------ 

1822 
- Gjest Baardsen sat som fange på Byrknes i huset som i dag er Gulen Fiskarbondemuseum. 

------------------------------------------------------------ 

1823 
- Sokneprest Niels Griis Alstrup Dahl vart tilsett som prost i Ytre Sogn frå 1823 til 1847. Les meir 

------------------------------------------------------------ 

1825 
- 14. oktober : Prost Niels Griis Alstrup Dahl fekk medalje for «Borgerdaad» Les meir 
- Prestegardsmuren (1,5 km) stod ferdig, og gjerda inn heile innmarka til prestegarden i Eivindvik. Les meir 
- Den gamle offisers- og sorenskivargarden Lovisendal vart innreia til det første skulehuset i Brekke.
- Brekke kyrkje vart seld til major Even Kraft.

------------------------------------------------------------ 

1827 
- Prost Niels Griis Alstrup Dahl fekk opplært og tilsett den fyrste jordmora i Ytre Sogn, ho budde i Sygnefest. Les meir 

------------------------------------------------------------ 

1832
- Henrik Wergeland var her og vitja Dahl i 1832. Han vart svært oppglødd over alt det Dahl hadde fått gjort og skreiv diktet «Evindvig» som eit stort hyllingsdikt til Dahl. Dette diktet vart godt kjent utover i landet, det vert m.a. brukt som eksamenspensum på gymnaset. Les meir 

------------------------------------------------------------ 

1835 
- Den faste skulen som Dahl dreiv i Fonnevika vart flytt til Undertun då skulehuset kom der. 

------------------------------------------------------------ 

1837 
- Prost Niels Griis Alstrup Dahl vart han den fyrste ordføraren då formannskapslova kom i 1837. Ordførarvervet hadde han til han ba seg fri i 1849 på grunn av dårleg helse. Han hadde også det tillitsvervet som i dag tilsvarar fylkesordførarombodet i Sogn og Fjordane. Les meir 

1838
- Skjerjehamn vart D/S stoppestad for dmpskipa som gjekk i postruta Bergen - Lærdalsøyri.. Etterkvart fekk Skjerjehamn 20-25 rutestopp for veka. Les meir.

-----------------------------------------------------------------------

1840
- Prost Niels Griis Alstrup Dahl kjøpte Skjerjehamn av Nathaniel Ross for å få slutt på brennevinshandelen der.

------------------------------------------------------------ 

1843
- Ivar Åsen vitja Gulen. 

------------------------------------------------------

1847
- Nathaniel Ross kjøpte Skjerjeham attende frå prost Niels Griis Alstrup Dahl. Sjå 1840.

----------------------------------------------------------

1849
Åmdalsvik vart postkontor fram til 1858 - då det vart flytta tilbake til Fonnevik.

------------------------------------------------------------ 

1850
- Rognald Pederson Haugland vald til ordførar. Fram til 1851.

----------------------------------------------------------------

1851
- På øya Vatnøy vart det vigsla ein gravplass. 4 menneske vart gravlagt i "uvigsla jord" etter ein kolerapest i 1849

----------------------------------------------------------------------------
1852 
- Cand. Theol. Niels Alstrup vald til ordførar. Fram til 1853.
- 4. august : Prost Niels Griis Alstrup Dahl døydde. Les meir 

------------------------------------------------------------ 

1854
- Rognald Pederson Haugland vald til ordførar. Fram til 1855.

----------------------------------------------------------------------------------------

1856 
- Kjøpmann N. S. Ross vald til ordførar. Fram til 1857

--------------------------------------------------------------------------------
1858
- Rognald Pederson Haugland vald til ordførar. Fram til 1877.
- Postopneriet som hadde vore i Åmdaksvik frå 1849 vart no flytta tilbake til Fonnevik.
- Skjerjehamn fekk postopneri. Lagt ned året etter. Sjå 1866.

------------------------------------------------------------------------------
1860 
- Køyreveg frå Dalsøyra til Dale vart bygt. 

------------------------------------------------------------ 

1861 
- Wilhelm Schreuder kjøpte handelsstaden Skjerjehamn. Han var målarmeister frå Bergen, og gift med Sara Dorthea Nitter frå Indre Holmedal. I 1862 fekk han løyve til å drive gjestgivarstaden og handel. Les meir 

------------------------------------------------------------ 

1862 
- 19. november : Brekke kyrkje vart vigd av prost Thomas Erichsen. 
- Brekke fekk rutestopp av Fylkesbaatane.

------------------------------------------------------------ 

1863 
- 13. desember : Gulen kyrkje vart vigsla 3. sundag i advent. Prosten i Ytre Sogn prosti, Tommas Eriksen, stod for innviinga, sokneprest Arnold Meyer forretta og det var fleire representantar for presteskapet til stades. 

--------------------------------------------------------

1865
- Haveland fekk skulehus for Nordgulen.

------------------------------------------------------------ 

1866 
- Skjerjehamn postopneri vart etablert, - og lagt ned i 1981. (Postnummer 5979). Les meir 
- Telegrafline vart bygt frå Postvågen (ved Halsvik) til Rutledal.
- Kjellevoll (Dalsøyra) fekk skulehus.

--------------------------------------------------------

1868
Brekke fekk postopneri. Styrar var landhandlarenkja Barbara Hatteberg.

------------------------------------------------------------ 

1873 
- Gulen kyrkje fekk altartavle signert C.Brun, og årstalet ser ut til å vere 1872. Måleriet framstiller Jesus i Getsemane, omgjeven av engelen med kalken, og sovande apostlar i bakgrunnen. Altartavla er sett opp i vakkert utført råme.. 

------------------------------------------------------------ 

1875 
- Ein statistikk viser at det i budde 25 mennesker i Fonnevika. 

-----------------------------------------------------------

1876
- Byrknes fekk skulehus.
- Postvågen, ved Halsvik, fekk dampskipsstopp fram til1887 - då stoppestaden vat flytta til Halsvikvågen.

------------------------------------------------------------ 

1877 
- Gulen fekk felles distriktslege med Lavik, Solund og deler av Hyllestad.

------------------------------------------------------------ 

1878 
- Lærar Mikal L. Vadsø vald til ordførar. Fram til 1879
- «Skjotarlage Gula» vart skipa. Skyttarlaget har fostra mange gode skyttarar. 
- Skulehuset på Haveland brann ned og vart erstatta med nytt.

------------------------------------------------------------------

1880
- Bonde Otto L. Midthun vald til ordførar. Fram til 1881.
- Det vart bygt nytt skulehus på Undertun.
- Otto Schreuder overtok Skjerjehamn etter mora Sara.

------------------------------------------------------------ 

1882
- Lærar Mikal L. Vadsø vald til ordførar. Fram til 1885.
- Sygnefest fekk rutestopp av Fylkesbaatane med Ingebrigt Lassesson Sugnefest som ekspeditør..

------------------------------------------------------------------------

1883 
- Elias Knutson Furubotten frå Masfjorden starta med landhandel på Nyborg. 
- Nils Karlsson Lindseth starta med landhandel i ei sjøbu i Barvågen på Byrknes.

------------------------------------------------------------ 

1886 
- Bonde Gjert J. Grinde vald til ordførar. Fram til 1889.
- Gulen Sparebank vart skipa med kontor på Midtun i Eivindvik. 
- Sygnefest fekk postopneri. Styrar var landhandlar Ingebrigt L. Sognefest. Kontoret vart nedlagt i 1971 - og kom inn under Brekke.

--------------------------------------------------------------------

1887
- Damskipsstoppen vart flytta frå Postvågen til Halsvikvågen. Severin Olsson Halsvik var både dampskipsekspeditør og postopnar.
- Halsvik fekk postopneri. Nedlagt i 1968 og innordna under Dalsøyra.

----------------------------------------------------------- 

1890 
- Bonde Anders Hantveit vald til ordførar. Fram til 1910.
- 17. mai : Eivindvik prestegjeld vart endra til Gulen prestegjeld. 
- Nyborg fekk rutestopp av Fylkesbaatane og Ole E. Sandnes vart ekspeditør.
- Lavik og Brekke Brandtrygdelag vart skipa.

------------------------------------------------------------ 

1891
- Otto Schreuder sette opp hotell i sveitsarstil på denne gamle gjestgjevarstaden på Skjerjehamn. 
- Guløy fekk postopneri på Nyborg. Lagt ned i 1964 og innordna Dalsøyra.
- Johan Nielsen var distriktslege i Gulen fram til 1925. 
- Gulen herreds Brandassuranceforening vart skipa. 

------------------------------------------------------------

1892
- Lavik og Brekke Brandtrygdelag vart skipa. 
- Dalsbygda Meieri vart starta. 
- Midthunvaagen Meieri på Underthun i Eivindvik vart starta. 
- Stadnamnet Brekke vart endra frå Brække.
- Det vart bygd gravplass på Mjømna.

------------------------------------------------------------ 

1893 
- Gulen og Solund vart utskilt som eige legedistrikt med kontor i Eivindvik. 
- Bålen fekk postopneri ved dampskipskaia i Breivik. Styrar var Baard M. Breivik. Lagt ned i 1968 og innordna under Brekke.
- Mjømna fekk postopneri. Styrar var landhandlar Gjert Iversen.
- Postopneriet i Fonnevik var flytta over Prestesundet til Eivindvik. Postopnar var Mons M. Haveland.
- Det fyrste meieriet i Gulen vart sett i drift på Undertun, men vart nedlagt alt i 1895. Les meir 
- Eidsbotn Meieri i Halsvik vart starta. 
- Nordgulfjorden Meieri og Slettelandet Meieri vart starta. 

------------------------------------------------------------ 

1894 
- Skjerjehamn fekk telegrafstasjon - som vart automatisert 5. januar 1972. 
- Mjømna fekk rutebåtstopp av Fylkesbaatane  med Gjert P. Mjømnen som ekspeditør.
- Skjerjehamn fekk telegraf.

------------------------------------------------------------ 

1895 
- Midthunvaagen Meieri på Underthun i Eivindvik vart lagt ned. 
- Ytre Oppeal fekk brevhus.

------------------------------------------------------------------------

1896
- Augustin K. Breivik vart lensmann i Gulen. Fram til 1938.
- Eivindvik Ungdomslag vart skipa.

------------------------------------------------------------ 

1897
- Dingja fekk rutebåtstopp av Fylkesbaatane.
- Gulen kyrkje fekk sett inn eit pipeorgel, det same som enno står der. 

-------------------------------------------------------------

1898
Ånneland fekk brevhus.

------------------------------------------------------------ 

1899 
- Vegen Brekke-Ynnesdal vart påbyrja i 1899. Ferdig i 1928. 
- Rutebåtstoppen Nyborg endra namn til Guløy.
- Nynorsk vart administrasjonsmål i Brekke. 
- Børtnes fekk brevhus.

------------------------------------------------------------ 

1900 
- Peder R. Sandal starta landhandel i Eivindvik. 
- Breivik / Bålen fekk rutebåtstopp av Fylkesbaatane.
- Ånneland fekk rutebåtstopp av Fylkesbaatane.
- Børtnes brevhus vart omgjort til postopneri. Styrar var lærar Hans Wergeland.

------------------------------------------------------------ 

1901 
- Mjømna kyrkje vart vigsla av biskop Erichsen i Bjørgvin. 
- Gulen sparebank flytta kontoret frå Midtun til gamle kommunehuset i Eivindvik. 
- Det vart bygd kai i Eivindvik - der Peder R. Sandal var ekspeditør for rutebåtane.

------------------------------------------------------------ 

1902
- Prestebustaden i Eivindvik vart bygd. Byggmeistaren var Anders Korsvold 
- Isak Breidvik starta landhandel på Dalsøyra. Frå 1904 var han og dampskipsekspeditør og telefonstyrar. Gjekk konkurs i 1921. 
- Oppdalsøyra fekk postopneri. Styrar var Lars L. Opdal.
- Nynorsk vart innført i skulen i Brekke kommune.

------------------------------------------------------------------

1903
- Kjøpmann Otto Wilhelm Schreuder i Skjerjehamn kjøpte motorbåt. Det var ein av dei første motorbåtane som kom til Sogn og Fjordane.
- Dalsøyra fekk brevhus.
- Indre og Ytre Oppedal fekk skulehus, og i 1918 leikeplass.

-----------------------------------------------------------------

1904
- Dalsøyra fekk rutebåtstopp av Fylkesbaatane med Isak Breidvik som ekspeditør.
- Eivindvik fekk telefon.
- Leversund fekk telefon.
- Nordgulen fekk telefon.
- Dalsøyra fekk telefon.
- Oppedal fekk telefon.
- Brekke fekk telefon.
- Hjartholm fekk telefon.
- Breivik fekk telefon.

------------------------------------------------------------ 

1905 
- Johannes L. Wergeland vald til ordførar i Brekke kommune. Fram til1910.
- Vegen Indre Oppedal-Ytre Oppedal vart bygt. 
- Lensmann Augustin K. Bredvik skaffa seg motorbåt som heitte «Veslemøy». 
- Dalsøyra brevhus vart 01.07. omgjort til postopneri. Styrar var John J. Kjellevold.
- Nordgulen fekk postopneri. Styrar var Thor Nordgulen.
- Gulafjord fekk postopneri. Styrar var Ole H. Østgulen.

------------------------------------------------------------ 

1906 
- Vegen Brekke og vestover til Indre Hjartholm vart påbyrja i 1906. Ferdig først i 1936. 
- Ånneland brevhus vart omgjort til postopneri. Styrar var Elias A. Unneland.
- Fivelsdal fekk postopneri. Styrar var Nicolay N. Fivelstad.

1907
- Hans Takle starta Takle Planteskule.

-----------------------------------------------------------------

1908
- Ytre Oppedal brevhus vart omgjort til postopneri. Styrar var Johannes Clausen Oppedal.
- Johannes Ivarson Steine (1877-1945) flytta trevarefabrikken sin frå Sogndal til Dingja. "Dingen Tønde- og Trevarefabrikk".
  Same året overtok han og kona Gunhild Skjerjehamn etter Otto Scheuder - som var far til Gunhild. Otto flytte til Bergen.
- Målarmeister Ole Andreas Korsvold, Fonnevika, starta O.A. Korsvold målarfirma.
Andreas Hansson Bjoral starta landhandel i Brekke.

--------------------------------------------------------

1910
- Haveland fekk rutebåtstopp av Fylkesbaatane med Henrik Ellingsen som ekspeditør.
- Nyhamar fekk rutebåtstopp av Fylkesbaatane.
- Sandebygda fekk postopneri. Styrar var Lars G. Sande.
- Dingja fekk telefon.
- Det vart bygt skulehus på Hjartås på Hisøy.
- Brekke fekk framhaldsskule.

------------------------------------------------------------ 

1911
- Bonde Hans K. Rutledal vald til ordførar i Gulen kommune. Fram til 1931.
- Ivar Sjurson Haugland vald til ordførar i Brekke kommune. Fram til 1916.
- Nynorsk vart administrasjonsmål i Gulen kommune. 
- Oppdalsøyra fekk rutebåtstopp av Fylkesbaatane med Hans Larsen Opdal som ekspeditør.
- Gulen Sanitetslag vart skipa.

--------------------------------------------------------------------

1912
- Gulen kyrkje fekk to lysekronene som heng i kyrkjeskipet. Dei vart gjevne til kyrkja av kong Haakon VII og dronning Maud (etter brev- frå klokkar Johan Henrikson Opdal.). 
- Dingja fekk postopneri. Styrar var Hans M. Dingen.
- Dingja fekk skulehus.
- Verkland og Ynnesdal fekk skulehus.
- Mons Johannesson Ytre Oppedal starta landhandel i Ytre Oppedal.

--------------------------------

1913
- Byrknes Snurpenotlag vart skipa etter opptak av Martin E. Birknes.
- Byrknes Sanitetsforening vart skipa.

----------------------------------------------------

1914
- Mjømna fekk eige skulehus.

----------------------------------------------------------

1915
- Nyhamar fekk postopneri. Styrar var Klaus A. Nyhamar.
- Rutledal fekk telefon.

------------------------------------------------------------ 

1917
- Ola K. Indre Oppedal vald til ordførar i Brekke kommune. Fram til1919.

-------------------------------------------------------------------------------------------

1918 
- Det kom nytt meieri på Dalsøyra. 
- Dalsbygda meieri vart nedlagt. 
- Sygnefest (på Lyngneset) fekk skule. Nedlagt kring 1970.

------------------------------------------------------------

1919
- Ånneland fekk telefon.

------------------------------------------------------------ 

1920 
- Mons Hanson Ytre Takle vald til ordfører. Fram til 1922.
- Dalsøyra Meieri / Eidsfjord vart starta. 
- Nordgulen Meieri vart starta. 
- Austgulfjorden Meieri vart starta. 
- Byrknes Meieri vart starta. 
- Mjømna fekk telefon.
- Byrknes fekk telefon.
- Eide fekk skulehus.

------------------------------------------------------------ 

1922
- Martin E. Birknes starta hermetikkfabrikk på Byrknes. 
- 17. april : Mjømna sokn valde det første soknerådet. 
- Takle fekk skulehus. (for Takle, Botnen og Hjartholm).
- Skjerjehamn Notbarkeri vart bygt.

------------------------------------------------------------ 

1923
- Ola K. Indre Oppedal vald til ordførar i Brekke kommune. Fram til1925.
- Småvågane fekk skule for krinsen på Strendene. Det gamle skulehuset på Dalsøyra vart flytta dit. Nedlagt kring 1950 - og borna flytta til Eivindvik skule..
- Arkeolog Anders Nummedal frå Vik fann to steinalderbuplassar på Blidensol, like ved Skjerjehamn.

-----------------------------------------------------------------------------------------------

1924 
- Ny køyreveg gjennom Eivindvik sentrum var ferdig i 1924. 
- Gulafjord postopneri vart lagt ned og innordna under Dalsøyra.

------------------------------------------------------------

1925 
- Sigurd Trædal vart tilsett som distriktslækjar og var i stillinga til 1939. Han kjøpte eit lite fly som han brukte til sine tenestereiser i kommunen. Det var sjeldan å sjå fly her den gongen, og det vert fortalt at når han kom i flyet, sprang folk ut for å sjå på «vidunderet». Dei gløymde at dei var sjuke, og vart friske. 
- Breivik, Bålen og Ytre Hjartholm vart eigen skulekrins.
- Fivelsdal fekk skulehus for grendene langs Brandangersundet.

------------------------------------------------------------ 

1926
- Mons Hanson Ytre Takle vald til ordfører. Fram til 1928.
- Vegen Dalsøyra-Dalsbygda vart opna i 1926. 

------------------------------------------------------------ 

1927 
- Øystein Hovden, frå Krødsherad, vart tilsett som sokneprest. Til 1937. 
- Ola Midthun starta handel på «Stranda», ned for Haugane, mot Midtunvågen. 
- 2. påskedag : Altartavla i Mjømna kyrkje vart avduka. Oljemåleri på lerret måla av Vilhelm Bjørknes. 
- Søren Randal vart tilsett som lærar og kyrkjesongar på Mjømna. 
- Isak Tynning starta Tynning Planteskule i Brekke.
- Vegen Kjellevold - Lund vart opna.
- Hjartholm fekk brevhus.
- Ånneland fekk skulehus.
- Brekke Idrettslag vart skipa.

------------------------------------------------------------ 

1928 
-Sigurd og Borghild Ellingsen starta landhandel på Dalsøyra. Nytt forretningsbyg stod ferdig i 1939, og i 1948 vart forretningsarelaet på nytt utvida. 
- Vegen Brekke-Ynnesdal vart ferdig. 
- Vegen Austgulen-Oppdalsøyri vart bygt i 1928, i 1933 til Hauge. 
- Rutledal fekk brevhus.

----------------------------------------------------------- 

1929 
- Ola K. Indre Oppedal vald til ordførar i Brekke kommune. Fram til1931.
- Toralf Sande starta mek. verkstad i Eivindvik. Dreiv det til 1956. Han var ein dyktig fagmann til stor nytte for både bønder, fiskarar og andre som trong til hans hjelp. Han var også flink våpensmed. 
- Brimsvåg fekk brevhus.

------------------------------------------------------------ 

1931
- Nyårsdag : Brekke kyrkje kunne for fyrste gong ta i bruk orgel ved ei gudsteneste. 
- Furenes fekk brevhus.
- Johannes Steine starta Skjerjehamn Slipp og Mek. Verkstad.

------------------------------------------------------------ 

1932
- Fylkesagronom Henrik H. Tveit vald til ordførar for Gulen kommune. Fram til 1941.
- Bonde Mons Hanson Ytre Takle vald til ordfører. Fram til 1934.
- Det vart bygt kai ved Mjømna kyrkje.

----------------------------------------------------------------------------

1933

- Thoralf Westervik starta landhandel på Eide. Han bygde nytt forretningsbygg i 1949 og dreiv til 1961, då han byrja som handelsreisande. 
- 26. november : Innviingsfest for Ungdomslaget sitt eige forsamlingshus «Vårtun» i Eivindvik. Dette var ein stor dag som folk hadde arbeidd mot, og sett fram til, i lange tider, og innsamling til eige hus hadde gått frå ungdomslaget sine fyrste år. 
- Vikelund skule i Vikane (Vedvik) vart bygt. Lagt ned i 1950.

----------------------------------------------------------

1934
- Handelsmann Lars Opdal bygde kai på Oppdalsøyra.

------------------------------------------------------------ 

1935 
- Sjur I. Haugland vald til ordførar i Brekke kommune. Fram til 1937.
- Guttorm Arnesen slo seg ned i Eivindvik og starta skomakarverkstad. Han dreiv fyrst ei kort tid på garden der kona Helga var frå, (Henriksbø, gnr. 21, bnr. 1), men bygde hus på feste nr. 11 på prestegarden og hadde verkstaden i kjellaren der. Han dreiv verkstaden til fram i 1970-åra, då han måtte slutte av helsegrunnar. 

------------------------------------------------------------ 

1936 
- Kong Haakon VII vitja Eivindvik.
- Vegen Brekke og vestover til Indre Hjartholm vart ferdig. 

------------------------------------------------------------ 

1937 
- Johan Vatne, som sjølv var guling, vart tilsett som sokneprest. Til 1956. 
- Brosvik fekk rutebåtstopp av Fylkesbaatane. Fram til 1967 - då vegen til Rutledal kom.

------------------------------------------------------------ 

1938 
- Nils R. Dale vald til ordførar i Brekke kommune. Fram til 1943.
- Til 75-årsjubileet vart Gulen kyrkje vølt og oppussa. 
- Brekke kommune tok opp arbeidet med å få bygt bilveg over Takledalen. 
- Instefjord fekk brevhus.
- Konrad Dingen starta båtbyggeri  i Dingja.
- Ein sjukeheim for sinnslidande vart starta i Eivindvik av Ragnhild og Jørgen Midttun. Heimen hadde plass til 12-13 pasientar, og var i drift fram til 1959. 

------------------------------------------------------------ 

1939
- Gulen sparebank bygde sitt eige bygg i Eivindvik. 
- Asheim fekk brevhus.
- L/L Brekke Kraftlag og Gulen Kraftlag vart skipa.

------------------------------------------------------

1940
- Byrknes fekk nytt skulehus. Utvida i 1968 og 1976.

--------------------------------------------------------------

1941
- Merkesdal fekk telefon.

------------------------------------------------------------ 

1943
- Berner Ellingsen vald til ordførar i Brekke kommune. Fram til 1945.

---------------------------------------------------------------------------------------
1944 
- Vegen Haveland-Nordgulen-Rutledal vart utbetra under 2. verdskrig.  I 1944 miste anleggsarbeidar Harald Tveit frå Nordgulen livet i ei arbeidsulukke på dette anlegget. 

------------------------------------------------------------ 

1945
- Fylkesagronom Henrik H. Tveit vald til ordførar for Gulen kommune. Berre dette året.
- Nils R. Dale vald til ordførar i Brekke kommune. 
- 25. januar : Ein merkedag i Eivindvik då den elektriske straumen vart sett på leidningsnettet i bygda. 
- Vart starta 2-årig realskule på Byrknes. Lagt ned i 1947.

------------------------------------------------------------ 

1946
- Skulesjef Søren Randal vald til ordførar i Gulen kommune. Berre dette året.
- Torvald Hjellum vald til ordførar i Brekke kommune. Fram til 1959.
- Gulen bonde- og småbrukarlag vart skipa.

----------------------------------------------------------------------------------------

1947
- Kjøpmann Ludvik Johnsson Kjellevoll vald til ordførar. Fram til 1963.
- Henrik O. Ynnesdal starta rutebilselskapet "Rutebilane i Brekke".
- Høyanger Meieri starta mjølkebåtrute til Høyanger frå Brekke og andre bygder i austre delen av kommunen. Fram til 1972.
- Brimsvåg brevhus vart lagt ned og omgjort til til postopneri. Styrar var Alfred Bremnes.
- Ivar Mongstad og Halvor Vatne starta Eivindvik Snikkarverksted.

- 3. august : Minnestøtte over dei falne i 2. verdskrig vart avduka under stort folkeframmøte av major Skåtun. Støtta står like ved kyrkjeporten til Gulen kyrkje. Marinesoldatar stod æresvakt. Det var 75- årsdagen til kong Haakon VII, ein fin og svært varm sundag. Kongejubileet vart markert i kyrkja under gudstenesta før avdukinga. Då var det ofring til minnesteinen, og det kom inn 700 kroner. 

- Gulen fekk tannklinikk i Eivindvik. Det var Sanitetslaget, saman med distriktslækjar Hallvard Natvik, som stod bak arbeidet med oppretting av tannklinikken. Fyrste tannlækjar var Reidar Tveit frå Leikanger. Han var delvis oppvoksen her då faren, Olav Tveit, tidlegare var lærar i Eivindvik og klokkar ved Gulen kyrkje. Tannlækjarkontoret var i kjellaren i bankhuset (huset Jørs no har). Reidar Tveit reiste herfrå i 1951 og vart seinare fylkestannlækjar i Sogn og Fjordane. 

------------------------------------------------------------ 

1948 
- Brekke Samyrkelag starta landhandel i Brekke. 

------------------------------------------------------------ 

1949
- Verksemda «Wevling og Opdal», Erling Wevling og Martin Opdal, starta i kjellaren hos Wevling. Det var og ein snikkarverkstad, og dei produserte glas, dørar og trapper. I 1958 løyste dei opp samarbeidet, Wevling heldt fram i sin kjellar, og Opdal starta firmaet «M. Opdal» i sitt eige hus. Seinare, i 1960-åra, kjøpte han tomt på gnr. 22, bnr. 3 og bygde ny verkstad der. Opdal var sers dugande trappesnikkar. Etter Wevling er det mange heimar som har mange fine handarbeidsting som små ambarar, tiner, brikker og mykje meir. 
- Det vart starta ei pinsevenmenighet i bygdene kring Brandangersundet.

-------------------------------------------------------------

1950
- Vikelund skule i Vikane (Vedvik) vart lagt ned.
- Bremnes fekk skulehus.

-----------------------------------------------------------

1951
- Odd Midttun kjøpte den første bilen i Eivindvik - ein liten lastebil av merket "Fargo", 1938-modell.

-----------------------------------------------------------------

1952
- Dalsbygda fekk telefon.
 - Vedvik fekk telefon.

------------------------------------------------------------ 

1953 
- Vegen frå Dalsøyra til Eidsbotn og vidare til Halsvik vart opna. 

------------------------------------------------------------ 

1954
- Eivindvik Slipp og Mek. Verkstad vart starta av Lars Nygård. Etter kort tid kom sonen, Johannes Nygård, heim og overtok drifta. 
- Indre Oppedal fekk brevhus.
- Bremnes fekk telefon.
- Litle Kvernøy fekk telefon.
- Pinsevenene bygde eige forsamlingshus - Betania - i Fivelsdal.

------------------------------------------------------------ 

1955
- Hantveit fekk vegsamband til Levra ved Leversund. 
- Vegen frå Glenja til Fivelsdal ved Brandangersundet vart opna. Den hadde vore under bygging sidan 1935. 
- Ferjesambandet Instefjord - Vadheim var etablert som det første over ytre Sognefjorden. Fram til 1965.
- Trygve H. Wergeland starta med sandtak og produksjon av blokkstein på Steine.

- Eivindvik Vassverk vart skipa. Den fyrste dammen vart laga i Dalen ovanfor prestegarden. Han var ferdig i 1957, men etter kvart som fleire og fleire vart tilkobla leidningsnettet vart dammen for liten. Gamleheimen og skulen var store brukarar av vatn og i 1967-68 vart det laga ei lita inntakskum i Kvernhuselva på Midtun, ved Geitebykset, og lagt leidning opp der. Det vart også lagt leidning frå Svartevatnet fram over Svartevasshamrane. Derfrå rann vatnet i elva vidare ned til inntaket ved Geitebykset. I 1982 vart så slangar lagt, over Gryta, heilt opp i Svartevatnet, slik me har det i dag. Vassverket vart drive som eit sameige, med fellesinnsats frå bygdefolket, heilt fram til 1. juli 1992 då kommunen overtok som eigar, og føretok ei større utbygging med m.a. moderne reinseanlegg. 

------------------------------------------------------------ 

1956 
- Ny skulebygning "Gulatun" for Eivindvik krins vart bygt på Undertun.
- Johannes Holten, frå Fjaler, vart tilsett som sokneprest. Til 1964. 
- Distriktslege Jens Fischer kjøpte den første personbilen i Eivindvik.

------------------------------------------------------------ 

1957
- Skjerjehamn fekk elektrisk kraft. 
- Ein FM-sendar vart sett i drift på Brosviksåta

------------------------------------------------------------ 

1958
- Marta Sandal dreiv frisørsalong i Eivindvik frå 1958 til 1967 og frå 1981 til 1985. Dei fyrste 5 åra hadde ho salongen i huset til faren, skulesjef Søren Randal, så i 4 år i sitt eige bustadhus fram til ho og mannen, Per Sandal, flytte her frå i 1967. Då dei kom tilbake og overtok forretningen P.R.Sandal A/S i 1980, starta ho opp att salongen i 2. høgda i forretningsbygget på kaia (1981) og dreiv fram til 1985. 

- 1. desember : Eivindvik Meieri i drift i kjellaren under Olav Midthuns sin butikk. Den mjølka som meieriet ikkje produserte og omsette lokalt, vart sendt til Bergensmeieriet. Meieriet var i full drift fram til det vart ordna med levering til samlestasjon for Bergensmeieriet i Duesund. Det skjedde i 1967.

------------------------------------------------------------ 

1959 
-Tormod Tynning vald til ordførar i Brekke kommune. Fram til 1963.
- Vegen Rutledal - Brosvik vart opna i 1959. 
- Sande fekk skulehus.
- Byrknes Idrettslag vart skipa.

------------------------------------------------------------ 

1960 
- Johannes Norstein, Eivindvik, var den førate som skaffa seg fjernsyn i Gulen.
- Aldersheimen i Eivindvik vart bygd av Gulen kommune og Gulen Sanitetslag. 
- Rutebilane i Brekke kjøpte inn sin første "30 seters buss".

------------------------------------------------------------ 

1963
- Den første TV-sendaren i fylket vart bygt og sett i drift på Brosviksåta (723 meter).
- Gulen kyrkje feira 100 års-jubileum. 
- Helga Johannessen vart vald til leiar i soknerådet, og vart dermed den første kvinna i dette vervet. Helga var også den første kvinnelege klokkaren i Mjømna kyrkje. 
- Vegen Nyhamar-Hjartås på Hisarøy var ferdig i 1963, og frå Hjartås til Vilsvik i 1968. 

------------------------------------------------------------ 

1964 
- Kommunane Gulen og Brekke vart slegne saman. 
- Skulesjef Søren Randal vald til ordførar. Fram til 1967.
- Gunnar Selvik, frå Bergen, vart tilsett som sokneprest. Til 1971.
- Birger Flolid fekk fyrste drosjeløyvet i Eivindvik. 
- Ny veg frå Takle til Rutledal var ferdig. 
- Leversundbrua (152 meter) saman med Undaltunnelen (590 meter) og Lundtunnelen (147 meter) vart opna. Det vart då samanhengande riksveg (riksveg 57) mellom ferjeleiet på Halsvik ved Fensfjorden og ferjeleiet i Rutledal ved Sognefjorden. 
- Vegen frå Leversund via Oppdalsøyra på austsida av Austgulefjorden og vidare over Takledalen til Brekke opna. 
- Hjartholm brevhus vart lagt ned.

------------------------------------------------------------ 

1965 
- Ferjesambandet Brekke - Lavik vart starta.
- Mjømna kyrkje fekk nytt orgel. 
- Indre Oppedal brevhus vart lagt ned.
- Forsyningsselskapet AS Gulakraft vart skipa. Sjå 1996.

------------------------------------------------------------ 

1966 
- Kommunesenteret Eivindvik får vegutløysing. Bygdefolket i Eivindvik hadde forskottert prosjektet. Dermed hadde kommunesenteret vegsamband til det samanhengande vegnettet som vart opna i 1964 og er omtala ovanfor. 
- Frå 1966 gjekk ein stor del av trafikken nord-sør på Vestlandet mellom ferjeleia i Duesund og Brekke over Verklands-høgda. 
- Haveland skulekrins vart lagt ned og elevane vart skyssa til Eivindvik på den nye vegen.

------------------------------------------------------------ 

1967 
- Bøndene på Midtun sette opp eit felles sagbruk, som har vore, og framleis er, til stor nytte for dei sjølve, og også for andre i grenda som har bruk for trematerialar i blant. 
- Instefjord brevhus var lagt ned.
- Asheim brevhus vart lagt ned og innordna under Brekke.
- Veg var bygd til Brosviksåta (723 m.o.h)
- Harald Ellingsen starta Lovisendal Kafé i forretningsbygget ved kaia i Brekke.
------------------------------------------------------------

1968 
- Postopnar John L. Kjellevoll vald til ordførar. Fram til 1971.
- Gunnar Selvik vart tilsett som sokneprest. Til 1972. 
- Sygnefest fekk veg til Brosvik og vidare Rutledal i 1968. Parsellen Sygnefest-Risa var ferdig i 1964. 
- Vegsambandet nordover frå Fivelsdal vart opna, slik at bygdene Sellevåg og Furnenes fekk vegutløysing. 
- Bålen postopneri lagt ned. Innordna under Brekke.
- Nordgulen postopneri var lagt ned. Innordna under Dalsøyra.

------------------------------------------------------------ 

1969
- Tom Bache-Wiig vart tilsett som distriktslækjar. Han gjorde ein stor innsats for sjuketransporten og lokalrutetrafikken i kommunen. Han er aktiv også på mange andre område, m.a. er han ein dyktig grafikar og kunstmålar som har hatt utstillingar både innanlands og utanlands. Han starta musikkbandet «Epidemic» og var aktiv musikar i mange år. Ved sida av alt dette får han også tid til å konstruera og produsera ymse typar knivar. Han lagar alt på knivane sjølv, og salet går glatt både her i landet og i fleire utland. 

- «Eivindvik Vel» vart starta. 

- Vegen Instefjord-Brekke vart opna i 1969 - fire år etter at Brekke ferjekai vart opna. På strekninga er det to tunneler; Hauglandstunnelen (838 meter) og Instefjordtunnelen (538 meter).

- Gardane Sande, Kittelsvik og Skipavik på sørspissen av Sandøy fekk veg nordover til Ånneland. 
- Det vart det sett opp flomlys på kyrkjegarden i Brekke. 

---------------------------------------------------------------------

1970
- Rutebilane i Brekke bygde stort garasjeanlegg med verkstad og bensinstasjon.
- Ingeborg I. Brekke starta Brekkestranda Fjordpensjonat.

------------------------------------------------------------ 

1971
- Planteskulestyrar Harald Takle vald til ordførar. Fram til 1975.
- Olav Georg Rossabø, frå Haugesund, vart tilsett som sokneprest. Til 1984. 
- Oppdalsøyra postopneri vart lagt ned og innordna under Dalsøyra.
- Rutledal brevhus vart lagt ned.

------------------------------------------------------------ 

1972
- Fylkesbaatane sette inn hurtigbåten "Solundir" mellom Solund, Gulen og Bergen.
- Byrknes kapell vart bygt.

---------------------------------------------------------

1973
- Eivindvik Skulemusikk vart starta. Fyrste skulemusikkorps i Gulen.
- Eivindvik vart underpostkontor.
- Brekke var underpostkontor.
- Mjømna vart underpostkontor.
- Ytre Oppedal postopneri vart underpostkontor.
- Ånneland postopneri vart underpostkontor. 
- Børtnes postopneri vart underpostkontor. 
- Dalsøyra postopneri vart underpostkontor. 
- Fivelstad postopneri vart underpostkontor. 
- Dingja postopneri vart underpostkontor. 
- Sandebygda postopneri vart underpostkontor. 
- Brimsvåg postopneri vart underpostkontor. 
- Skjerjehamn postopneri vart underpostkontor.

------------------------------------------------------------ 

1975 
- Aldersheimen i Eivindvik fekk tilbygg. Namnet vart endra til Gulen sjuke- og aldersheim. Innviinga var 1. juni. 
- Ferjesambandet Rutledal - Rysjedalsvika - Krakhella vart opna.

------------------------------------------------------------ 

1976
- Ola E. Byrknes vald til ordførar. (Senterpartiet). Fram til 1978.

-----------------------------------------------------------------------------------

1977
- Ikjefjordbrua (340 meter) opna i 1977 og gjev vegsamband mellom Oppedal i Gulen og Bjordal i Høyanger. 
- Eivindvik vart postkontor C.
- Brekke vart postkontor C.
- Mjømna vart postkontor C.
- Ytre Oppedal vart postkontor C.
- Ånneland vart postkontor C.
- Børtnes vart postkontor C. 
- Dalsøyra vart postkontor C.
- Fivelstad vart postkontor C - men lagt ned same året.
- Dingja postopneri vart postkontor C.
- Sandebygda posopneri vart postkontor C.
- Brimsvåg postopneri vart lagt ned.
- Furenes brevhus vart lagt ned og innordna under Dalsøyra.
- Skjerjehamn postopneri vart postkontor C.

------------------------------------------------------------ 

1978 
- Olav Solheim vald til ordførar (Arbeidarpartiet) Fram til 1983.
- Fiskeforedlingsanlegget Sognefisk AS på Byrknes vart starta. Konkurs i 1981. 
- Sandebygda postopneri var lagt ned og innordna under Ånneland.

------------------------------------------------------------ 

1979 
- Eivindvik Vertshus kom i drift. 
- Grete og Kjell Solheim starta firmaet G-Foto og dreiv fotografverksemd i ca. 6 år. 
- Det vart sett opp bårehus attmed kyrkjegardsmuren nord for Gulen kyrkje. 
- Brekke pensjonistlag vart skipa.
- Byrknesøy pensjonistlag vart skipa.

-------------------------------------------------------

1980
- Ferjesambandet Leirvåg - Sløvåg - Skipavik vart opna.

------------------------------------------------------------ 

1981 
- Eivindvik båtlag, som frå fyrst av var ei underavdeling av «Eivindvik Vel», vart skipa. 
- Postkontoret på Skjerjehamn var lagt ned og innordna under Eivindvik.. 
- Dingja Landhandel bygde nytt forretningsbygg.
- Asfaltverket NCC Roads i Breidvik vart starta.
- Brekke Skulemusikk vart starta.

------------------------------------------------------

1982
-- Johny Birkeland Transport AS vart starta.
------------------------------------------------------------ 

1983
- Ola E. Byrknes vald til ordførar. (Senterpartiet). Fram til 1999.
- Anna Elisabeth Westerlund, vide kjend for sine synske evner, var i Eivindvik for å sjå om ho kunne stadfeste kvar Gulatinget hadde vore. 
- Det vart det sett opp høgtallaranlegg i Brekke kyrkje. 
- Oddfinn Nyhammer starta Nyhamar Slipp og Mekaniske AS.

------------------------------------------------------------ 

1984
- Gulen Sparebank gjekk inn i Sunnfjord Sparebank. 
- Telefonen i heile Gulen vart fullautomatisert.

------------------------------------------------------------

1985
- 1. påskedag : Signe Sandberg, den fyrste kvinnelege soknepresten i Bjørgvin bispedøme, hadde i Gulen kyrkje si fyrste gudstenesta i embetet. 
- 20. juni : Avisa «Bygdebladet» kom ut med sitt fyrste nummer. Redaksjon og trykkeri var i 2. høgda i bankhuset. Utgjevar og redaktør var Oleiv Gjetle, tidlegare sosialsjef i Gulen. Bladet gjekk diverre inn etter 1 års drift. 

------------------------------------------------

1986

------------------------------------------------------------ 

1987 
- 15. november : 125-årsjubileet for Brekke kyrkje vart høgtida med festgudsteneste. Vidare var det middag, utstilling og program på Brekke skule. Les festskrift 
- Svein Larsen starta Sveins Mat og Overnatting på Byrknes. 

------------------------------------------------------------ 

1988
- Gulen kyrkje 125 -års jubileum. Les festskrift 
- Gulen Sparebank, som i 1984 gjekk inn i Sunnfjord Sparebank, vart no ein del av Sparebanken Sogn og Fjordane. 
- Dingja postopneri vart lagt ned og innordna under Brekke.
- Nyhamar postopneri vart lagt ned og innordna under Eivindvik.

-----------------------------------------------------------

1989
- Jernfjelltunnelen (981 meter) på E39 mellom Kringla og Haugsvær vart opna.
- Sollibotn vart ekspressbåtstopp på ruta Bergen - Sogn.

------------------------------------------------------------ 

1990 
- Instefjord-Oppedal på E 39 med Skrikebergtunnelen (1508 meter) vart opna. 
- Mjømna kyrkje fekk installert høgtalaranlegg med teleslynge. 
- Per Sandal bygde marinaanlegg for småbåtar i Eivindvik.

------------------------------------------------------------

1991
- Ytre Oppedal postkontor vart lagd ned.
- Nynorsk vart innført i alle skulekrinsane i Gulen kommune.
- Sea Cat-ulukka.

------------------------------------------------------------ 

1992 
- Brua mellom Sandøy og Mjømna over Mjåsundet (219 meter) vart opna. 

------------------------------------------------------------ 

1994 
- Januar : Berit Bjørnerud, frå Nes på Romerike, vart tilsett som sokneprest. Til august 2002. 
- Gulen og Masfjorden Utbyggingselskap vart skipa

------------------------------------------------------------ 

1996
- AS Gulakraft vart kjøpt opp av BKK.
- 25. mars : Borgny Solbakk og Oddny Sognefest starta firmaet Eivindvik Husflid. 

------------------------------------------------------------ 

1997 
- Brua over Mjømnesundet (381 meter) vart opna. 
- Brua over Nappsundet (142 meter) vart opna. 
- Mjømna postkontor vart lagt ned.
- Ånneland postkontor vart lagt ned.

------------------------------------------------------------ 

1998
- 30. mai : Gulen Fiskarbondemuseum vart offisielt opna av direktør for Kystmuséet i Sogn og Fjordane, Kristian Jansen. 
- Arne Hjartholm starta Hjartholm Feriehytter.
- Baker Oil Tools starta fabrikk i Sløvåg.

----------------------------------------------------------

1999
- Trude Brosvik vald til ordførar. (KRF)
- Knut Laasbye starta Gulaprent i Eivindvik.

--------------------------------------------------------------

2000
- Gulatingstaden på Flolid er Gulen kommune og Sogn og Fjordane Fylke sin Tusenårsstad.
- Stein-Inge Larsen starta Byrknes Auto.

------------------------------------------------------------ 

2001 
- 100 års-jubileum for Mjømna kyrkje. Sjå bilder.
- Wergeland Halsvik AS sette kabelferja "Fjon M" i drift i sambandet Duesund - Masfjordnes.
- Mjømna Ferie og Rorbuer vart starta av Erene og Kjetil Wilberg.

------------------------------------------------------------ 

2002
- 11. juni : Kongeparet besøkte Eivindvik. Les meir. Bilder frå besøket 
- 18. august : Under gudstenesta i Gulen kyrkje kunne soknerådleiar Halvor L. Brosvik ta imot ein tru kopi av sognejekta Svømmianna av Eivindvik Ungdomslag. Det var Magnor Midtun som sette ungdomslaget på idéen om kyrkjeskipet. Les meir 

--------------------------------------------------------------------

2005
- Tusenårsstaden, Gulatingstaden, vart offisiel opna 27. august av stortingspresident Jørgen Kosmo.
- Fiskeoppdrettar Ola Braanaas kjøpte Skjerjehamn

-----------------------------------------------------

2007
- Vegen Dingja - Eivindvik vart opna.
- Dingja fekk "Post i butikk" i den lokale landhandelen. 
- Fiskeoppdrettar Ola Braanaas kjøpte ei granittstatue av kong Olav V og sette den opp på Skjerjehamn.
- 24. mai eksploderte to store lagertankar for kjemisk avfall i Sløvåg. Tankane tilhøyrde verksemda Vest Tank.
- Kjell Jan Kversøy og Frode Kversøy starta Mjømna Park DA.

-----------------------------------------------------

2008
- Morten Nilsen kjøper Brekkestranda Fjord Hotell.
- Solveig Anne Weltzien og sambuar Richard Hayms opna kafeen Søthola på Dalsøyra rundt 25. juli. Avvikla i 2011.

-----------------------------------------------------

2010
- Bru over Brandangersundet
----------------------------------------------------------

Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no