Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Gard og Grend
Dalsøyra

 

 
Dalsøyra
Tekst og foto: Scandion. Sjå staden på Google maps

I bygdeboka "Gulen i gammal og ny tid" skriv Ivar Kleiva at det skal ha vore busetnad ved "Dalsnøstet" frå 1670. Dette året, den 19. oktober, var det på hausttinget i Halsvik føre ei sak som viser at mennene i Dale, Jon og Johannes, hadde lova at Kristen Søfrensen og Eli, kona hans, skulle få busetje seg ved "Dalsnøstet". Det kan tyde på at Dalemennene har hatt ein rettsgild ålmenning der når dei kunne love noko slikt, og jamvel merkesteinane er nemnde. 
Etter at dette hende ser det ut til at det har budd folk ved "Dalsnøstet" nokonlunde samanhengande i meir enn 100 år. Den siste som er nemnd var ein Ivar Andersson. Han hadde båtstø nord for d/s kaia, og støa heiter Vossestøa den dag i dag, avdi Ivar og folket hans var fødde på Voss. Ivar og familien hans flytte til Kjellevoll i 1784. 

Vi må fram til tidleg på 1900-talet før det vert ny busetnad på Dalsøyra. Isak Ananias Monsson Breidvik, f. i Breidvika 16/4 1872, fekk i 1902 kjøpe to jordstykke like ved "Dalsnøstet" av Lasse Lihaug og Ole L. Lihaug. 

Isak sette opp hus på staden og tok til med landhandel. Då Fylkesbaatane fekk Dalsøyra som stoggestad vart Isak også dampskipsekspeditør. Frå 1904 fekk ein telegrafstasjon på Dalsøyra - og Isak vart telefonstyrar attåt. 

I 1905 vart Dalsøyra poststad, og postopnar var John J. Kjellevoll. Posten held då til på Kjellevoll. 

I 1911 vart det bygd dampskipskai, mest med dugnadsarbeid. Stein til kaia vart frakta på ein pram frå andre sida av fjorden. 

I 1919 bygde Isak Breidvik det huset som står på eigedomen, men det er påbygt og ombygt fleire gonger sidan. 

Kring 1920 vart telegrafstasjonen flytta, og Staten tok over tenesta. 
 


Parti frå Dalsøyra i farne tider.
 
Då Isak Breidvik selde eigedomane sine i 1921, hadde Ludvik J. Kjellevoll ein tinglesen leigekontrakt på dei. Han tok til med landhandel der frå 2/1 1922. I 1933 kjøpte Ludvik alt, også kaia. Han var då både landhandlar og postopnar, og attåt dreiv han gardsbruket på Kjellevoll. Dottera Thorbjørg Birknes fortel den vidare historia til Dalsøyra Landhandel 

I juni 1928 fekk Sigurd Ellingsen, født på Mjømna, og kona Borghild, f. Lihaug, kjøpe eit stykke av naustgrunnen "Dalsnøstet" til tomt. Dei bygde to hus og tok til med landhandel. Ingolf Austgulen / Einar Ellingsen har skrive ned historia om korleis Sigurd, og seinare sonen Einar, utvikla staden til eit viktig handelssenter for bygdene ikring. Les historia om E. Ellingsen AS

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no