Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Vestlandet
Kyrkja
Stavanger bispedøme
Bjørgvin bispedøme
Møre bispedøme 
Sokneråd
Dåp
Konfirmasjon
Vigsel
Gravferd
 

Kyrkja på Vestlandet

Den norske kyrkja er eit evangelisk luthersk kyrkjesamfunn. 
Delt inn i 11 bispedømer, 105 prosti og 1285 sokn. 
Kvart bispedøme blir leia av ein biskop og eit bispedømeråd. 
På lokalplanet er det eit sokneråd.
Kvart fjerde år vel kyrkja sine medlemmer nye sokneråd med mellom 4 og 10 medlemmer. 
Omlag 83 % av alle nordmenn tilhøyrer Den norske kyrkja
Mange gjev uttrykk for sitt religiøse liv gjennom kyrkja sine ritual og høgtider. 
Kvart år er det 70000 gudstenester i 1600 kyrkjer i dei 1285 sokna. 




Selje Kloster 
Selja var eit av dei tre første bispeseta i landet, og eit sentralt religiøst senter i mellomalderen. I dag ligg ruinane av Selje Kloster lett tilgjengelig for besøkjande på øya Selja i Selje kommune. 

Legenda om St. Sunniva

I følgje legenda var Sunniva ei irsk kongsdotter som i 960-åra, saman med ein liten flokk, forlet riket sitt etter at vikingane tok til å herja - og ein vikinghovding ville gifta seg med henne. 

Sunniva stranda på øya Selja der ho døydde som martyr i det som i dag er kjent som St. Sunniva-hola. (Bilete)
Kong Olav Tryggvason fekk undersøkt staden i 996 - og leivningane til Sunniva vart samla opp og skrinlagde i relikvieskrin som vart sette inn i kyrkja som Kong Olav Tryggvason bygde utanfor hellaren. 

Sunniva er rekna som vernehelgen for Vestlandet.
Staden blei det første pilgrimsmålet i Noreg - og biskopsete omkring 1070. Det gjekk ikkje mange åra før biskopen flytta til den framvoksande byen Bergen. 

I år 1170 blei skrinet med Sunnivas leivningar ført til Bergen og høgalteret i domkyrkja, ei hending som førte til ei offisielle flytting av bispesetet frå Selja til Bergen. 

Frå den tid rådde benediktinerane grunnen ålene på Selje.

Foto: Scandion.

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal