Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Samferdsle
Bruer
Leversundbru
 

 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 

 

        
Leversundbrua
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 23.03.2007


Leversundbrua. Foto: Scandion. 
  

Leversundbrua er ei bru som går over Leversundet i Gulen kommune i Sogn og Fjordane. Brua vart opna i 1964, er 152 meter lang, og er ein del av riksveg 57. På nordsida av sundet er store jettegryter. Nokre av dei er godt synlege frå brua. 

Med dette vegprosjektet - Leversundbrua, Undaltunnelen (590 m) og Lundtunnelen (147 m) vart det opna for samanhengande riksveg (riksveg 57) mellom ferjeleiet i Halsvik ved Fensfjorden og ferjeleiet i Rutledal ved Sognefjorden. 

Samstundes vart også vegen frå Leversund via Oppdalsøyra på austsida av Austgulefjorden og vidare over Takledalen til Brekke opna. Ferga Brekke-Lavik kom i drift året etter, i 1965. 
 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal