Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
 

      

     
Sus av gamle dagar i Furenes
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 28.09.2002


Furenes. Foto: Scandion.

Fjordabåtane har betydd enormt mykje for Nordhordland og Gulen, og i dag var Furenes pynta til fest for å ta imot veteranbåtane M/S Granvin og M/S Atløy. Ingen av desse båtane har hatt rute til Furenes. M/S Midthordland kunne ikkje ta turen i dag, men redningsskøyta Christian Børs var ein verdig erstattar. 

Tunge mørke skyer ligg truande over Furenes i morgontimane. I kulissane jobbar arrangementskomiteen med forebuingar for å ta i mot både veteranbåtar og folk. I samfunnshuset er flittige hender opptekne med å lage flotte smørbrød med fristande pålegg, der reka - sjølvsagt er med. På kaia er det den siste finpuss. Telt kjem på plass for ly, i tilfelle vergudane slår seg vrang. 


Foto: Scandion.

Mange kikkar opp for å sjå om skyene lysnar. Ikkje betring i sikte, men regnet heldt seg vekke. Fleire kikkar på klokka. - Dei er seine, seier ein. Sjølv for ein veteran kan tida gå for fort. Det er disig ute i sundet. Fleire kikkar forventningsfullt utover i håp om å være den første som får synet av ein veteranbåt. 


Foto: Scandion.

To skøyter kjem tøffande rundt neset. Reketrålarane M/K Gulaskjer og M/K Furenes, dei einaste som no driv aktivt med tråling, legg til kai. På dekk står fleire isoporkassar og Svein Kvamme lettar på lokket og kan friste med ferske nykokte reker og krabbar. 

Så kjem dei. Redningsskøyta Christian Børs er i tet - med M/S Atløy og M/S Granvin tett bakom. M/S Midthordland kan desverre ikkje kome, men redningsskøyta, frå 1937, er i dag ein verdig erstattar. 


Dalsøyra songkor. Foto: Scandion.

Lenge sidan det har vore fjordabåt i Furenes no. Den siste gjekk frå bygda i 1970. Men folk har ikkje gløymt dei. Det vitnar det gode frammøte om. Fotoapparat og video - her skal alt forevigast når veteranane sig inn på vågen og legg til ved den gamle dampskipskaia. Landgangen kjem på plass, og alt er klart for at folk skal gjennoppfriske mange gode minner ved å ta ein tur ombord. 


Søskena Baarøy trakterte toradarane. Foto: Scandion.

Velkomst 
- Det er historisk at veteranbåtane no kjem til Furenes, seier Einar Austgulen, handelsmann på kaia i 40 år. Han helsar båtar og folk velkommen. Som handelsmann kjenner Einar fjordabåtane både ut og inn. Det var BNR sine båtar som traffikerte her, og Furenes var både endestopp og overnattingsstad. 
Som pensjonist har Einar brukt mykje tid på å lage sitt eige museum i gamlebutikken, og alle vart innvitert innom for å ta ein kikk. Historia om fjordabåtane har fått ein sentral plass i samlinga til Einar. 


Foto: Scandion.

Underholdning 
Dalsøyra songkor, under leiing av Agnar Mostrøm, framførte kjente og kjære songar. Søskena Baarøy trakterte toradarane som dei aldri skulle ha gjort noko anna. Det frista og til ein svingom på kaia. To av mannskapet på redningsskøyta Christian Børs, Lars Fauske (gitar) og Eyolf Sylta (trekkspel) oppfordra til allsang. Sjølv ikkje trommande regn på teltduk og pressenningar kunne ta gnisten av den stemninga som dei fekk fram med ramsalte melodier på rekke og rad. 

Eit vellukka veteranbåt-treff som sikkert vert arrangert også neste år. Kanskje kjem då D/S Børøysund til Furenes. Denne veteranbåten frå 1908 er noregs siste kolfyrte dampskip - like gamal som gamle Oster frå 1908. 

Les og artikkelen - Stø kurs mot Furenes

   
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal