Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
 

 

   
NRK-sjef med røter i Gulen
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 12.03.2007


Olav Midttun var riksprogramsjef 1934-40 og 1945-47. 

Olav Midttun, NRKs første og einaste riksprogramsjef, hadde sine røter i Gulen. Jørgen, far hans, var født i Eivindvik på garden Indre Midtun, men flytte frå garden og vart lærar i Kvinnherad, og deretter i Øyestad ved Arendal. 

Olav Midttun vart født 8. april 1883 i Mauranger i Kvinnherad og døydde i 1972 i Bærum. 

Våren 1933 vedtok Stortinget at staten skulle overta all kringkastingsverksemd i Noreg. Ved lov av 24. juni vart så Norsk rikskringkasting oppretta. 

Lova gav NRK einerett til å «opprette og drive stasjoner og anlegg til kringkasting av muntlige meddelelser, musikk, bilder og liknende». Den 1. juli 1933 kom Norsk Rikskringkasting i drift. 

Olav Midttun vart den første riksprogramsjef med dagleg leiing og ansvar for programverksemda frå 1. januar 1934. I denne stillinga fekk han stor innverknad på utviklinga av NRK i åra 1933-40 og 1945-47. 

I 1939 vart det oppretta ein stilling som administrerande direktør, og Egil Sundt vart utnevnt. 

28. september 1940 vart Egil Sundt, saman med Olav Midttun, avsett av NS. Etter frigjeringa 8. mai 1945 vart dei tilsett i stillingane og leia ei kort tid gjenreisinga av kringkastinga. I 1946 vart Egil Sundt generaldirektør i Statsbanene. Han døydde i 1950. Olav Midttun held fram i stillinga si til 1947. 

I åra 1940-45 og 1947-53 var Olav Midttun professor i nynorsk dikting og målbruk ved Universitetet i Oslo. 

Olav Midttun var ein kulturperson med røter i frilynt målnasjonalisme i 1890-åra. I 1905 var han republikanar og formann for Studentmållaget i Oslo. Frå 1908 til 1960 var Midttun redaktør for det nynorske tidsskriftet Syn og Segn. I tillegg hadde han ei rad andre tillitsverv. 

27. mai 1936 vitja kong Håkon VII Eivindvik. Ved Borgstova, på berget som vert kalla Lovseieberget, heldt riksprogramsjef Olav Midttun tale. Det står i eit avisreferat at Midttun, som slektar frå Gulen, heldt ein tale som reiv heile forsamlinga med seg. 
Han opna talen med å seia at ein føresetnad for at tinget kan opnast er at kongen er med. Han er den viktigaste personen på tinget. No er kongen komen og tinget er sett. Du kan lese meir i Magnor Midtun sin artikkel om kongebesøket 

Litteratur: 
Olav Midttun: Livsminne, Oslo 1971. 
Olav Midttun: Mål og menn: utgreidingar og livsskildringar , Oslo 1968. 
Olav Midttun med fleire: Studentmållaget 50 år : 1900 - 30. oktober - 1950., Oslo 1952. 

Kjelder: 
«Gulen i gammal og ny tid» Bygdebok for Gulen av Ivar Kleiva. 
Familieboka (1955) 
Nynorsk Wikipedia 

I 1947 vart administrasjonsordninga i NRK endra. Stortinget oppretta ei stilling som kringkastingsjef. 

Kringkastingssjefar: 
2007 - Hans Tore Bjerkaas (frå 19. mars) 
2001-2007: John G. Bernander 
1989-2001: Einar Førde 
1981-1989: Bjartmar Gjerde 
1972-1981: Torolf Elster 
1962-1972: Hans Jacob Ustvedt 
1949-1962: Kaare Fostervoll 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal