Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
 

 

    
I farlege oppdrag over Nordsjøen
Forfatter: Ingolf Austgulen
Publiseringsdato: 16.05.2004


Paul Kråkenes f. 1912 frå Koksøy.

Paul Kråkenes opplevde meir enn dei fleste gulingar. Dei mest spennande åra hadde han under krigen i aktiv teneste i Nordsjøfarten mellom Vestlandet og Shetland. Heile 48 turar i krigsoperasjon over Nordsjøen var Paul med på. Historia er fortalt til Ingolf Austgulen av Paul Kråkenes frå Koksøy i Gulen, og er å lese i hefte "Mjømna og øyane" (2002) 

I farlege oppdrag over Nordsjøen 
- På meg vart det i alt 48 turar i krigsoperasjon over Nordsjøen. Det var få andre som hadde så mange turar. Kanskje hadde eg englevakt, for tapa i denne farten var store. 
- Eg kom heim. Med “Hessa” kom me inn til Rubbestadneset straks freden var kunngjort. Me skulle vidare til Bergen. 

Tilfeldig var eg i byen same dag som brørne mine kom med tog frå Oslo etter fangeopphaldet i Tyskland. Eg fekk fri til å ta i mot dei og fylgja dei heim til Koksøy. Det var sterkt å få møta dei, og det var sterkt og godt å få kome heim til foreldra våre (Mathias og Johanna) og syskena. 


Med ein slik 21-fots båt drog dei ut frå Byrknesøy sommaren 1941 - med kurs for shetland. 

Flukt over Nordsjøen 
Her heime vart fiskebåtane tekne i bruk til Englands-farten. Ein og annan måtte ta risikoen på overfart med mindre båtar. Det 
var likevel betre det enn å verta arrestert for illegalt arbeid, som mange var opptekne av. Det var uråd å veta kor lenge dei 
greidde å halda tett dei som alt var arresterte. Men det var ikkje berre å stikka avgarde heller. Avgjerda var tung, for tyskarane tok ofte dei som var att heime som straff for den som hadde kome seg unna. 
Eg kom i den situasjonen at eg måtte venda augo vestover. Turen vart planlagd forsommaren 1941 med den 21 fot store 
motorbåten vår. 

Maskineriet var ein 3,5 hestars SABB oppfyringsmotor. Einaste overbygget om bord var motorkassa, så det var uråd å søkja ly for sjøane - eller anna som måtte koma over oss. Og me kom oss av garde. Med i båten hadde eg ein kamerat, Arthur Byrknes. Lærar Harald Hundvin og jenta hans, Olava Einebærholm, ville også vera med. Hundvin hadde også vikla seg inn i illegalt arbeid. Han var med i ei gruppe som vart leia frå Bergen. Gestapo hadde fått snusen i kva som gjekk føre seg, og det tok til å brenna under føtene på mange av dei som var med. 


Shetlandsbussen "Hessa" eit krigsfarty som Paul Kråkenes hadde mange turar over Nordsjøen med i krigsåra. Det var stor fare og spenning når båten måtte inn i fjordane og losse våpen og ammunisjonslastene til motstandsrørsla. 

Det var tydeleg at Harald og Olava sat hardt i det sidan dei tok risikoen på å vera med i den vesle båten. Ikkje var dei vane med sjøen heller. Me fekk montert kompas som vart korrigert før avreisa. Midt i båten lasta me eit fat med drivstoff til turen. Me tøffa oss vest mellom holmane og la Holmengrå og Fedje bak oss seint på kvelden. Kursen var klar. Eg var godt kjend på Færøyane og Shetland og kjende havet og dei rette kursane vestover. No var det berre å vona at veret heldt. Det vesle skalet av ein båt tolde ikkje kva det skulle vera. Harald og Olava vart sjøsjuke. Ikkje teikn korkje til båtar eller fly. Og berre havet hadde me kring oss då me etter alt å døma 
skulle sjå land. 

Uroa tok oss. Det var noko som ikkje stemde, men me visste ikkje kva. Kvelden etter at me gjekk frå Byrknesøy høyrde me drønn som me rekna med kom frå Norskekysten. Eg kjende til djupnene i leia som var staka ut, og då eg lodda djupna vart eg snart klår over at noko var gale. Etter djupna å døma var me framleis i Norskerenna - og dermed ute av kurs. Me visste kort og godt ikkje posisjonen, og vart samde om det einaste rette; å venda heilt om og setje kursen mot land. 

Spenninga og uroa tok tak i den vesle gjengen med Englands-fararar. Det var heller ikkje mogleg å sova i ein så liten open båt. Havet gjekk tungt og fekk oss til å kjenna oss små der me dansa av garde. Motoren tok til å verta for varm. Det hadde vorte for mykje hardkøyr for den vesle SABBEN. Farten måtte ned. Å tøffa inne i skjergarden på fiske og småturar var noko heilt anna enn nordsjøfart i time etter time, dag etter dag. Me måtte stogga motoren, skru maskina frå kvarandre å pusse og skrape ramlagra. Båten låg på rek midt på havet i mange timar. Då motoren endeleg starta måtte me gå med sakte fart. 

Så var landet der. Utsira fyr var det første me såg. Med sakte fart gjekk det mot land - rett mot ein tysk festning under bygging. Det nytta ikkje å få panikk. Truleg var det storleiken på båten som berga oss. Tyskarane hadde vel ikkje tanke for at ein så liten farkost hadde tenkt seg til England. Det vart verkstadopphald for båten. Ramlageret var brent og måtte skiftast. 

Harald Hundvin og Olava måtte på land snarast og koma seg vekk. Dei for landevegen til Bergen og vidare til Byrknes - den einaste staden dei kunna dra til. Me to som var att fekk reparert motoren og seig nokre dagar etter inn Koksøysundet. 

Men kva var orsaka til at vi hadde kome ut av kursen vestover i Nordsjøen. Det var oljefatet som vart lasta om bord i den lille båten etter at kompasset var korrigert før avreisa frå Byrknes. 

Dei to passasjerane våre var komne til Byrknes då me kom. Men no hadde folk teke til å snakka. Rykta gjekk. Me var i høgste grad samtale-emne om dagane, og kjende oss svært så utrygge og redde for kva som kunne skje. På Byrknes kjenner alle kvarandre og veit kva som rører seg på sjø og land. Vart me tekne var utfallet sikkert. Englandsfart eller forsøk på røming vart straffa med døden. 

Me måtte planleggja ny tur med større båt. Fleire folk kom til som skulle av garde, frå Nordhordland og frå Bergen. Saman med ein kamerat fekk eg oppdraget med å skaffa båt. Med SABBEN for me inn i Gulafjorden, til Haveland. Der snakka me med Henrik Haveland som eigde skøyta “Havblink”. Det var ei prektig skøyte med god motor og som gjorde god fart. Eigaren hadde god røynsle frå sjøen. 

Me fekk ja til overfart. Han skulle ta turen over Nordsjøen og heim att som om ingen ting hadde hendt. Karane som venta spente på resultatet av turen vår kjende seg letta. Endeleg skulle me sleppa frå. Me låg i Koksøysundet og venta då skøyta kom utover. Men kva hende? 
Gleda over snart å vera på veg vestover tok ein brå ende. Henrik Haveland hadde kome til at han likevel ikkje torde ta risikoen. Båten hans gjekk i rutefart på fjordane. Skulle noko skje, enten på turen vestover eller ved at tyskarane fekk greie på at båten var borte, då ville det få store fylgjer for Haveland og mannskapet hans. 

Skøyta for, og me måtte berre koma oss derifrå - nokre til gøymeplassar inne i fjordane, andre heim til ei ny og verre ventetid. Det var fæle dagar. 

Med gavlbåt frå Værlandet 
Kort tid etter vart ny røming organisert, denne gongen frå Værlandet. Der skulle me gå om bord ved ein holme med namn Håsteinen. På ein dag var alle flyktningane som skulle over til England samla. Nokre av dei som hadde prøvd seg før hadde søkt andre vegar, medan andre og nye var komne til. 

Avreisedagen kom med nordavind. Ut på kvelden stilna det og me gjekk om bord. Dette var ein liten gavlbåt som heitte “Soløy” og høyrde til handelsmann Brosvik der ute. Båten hadde overbygg framme med ein liten lugar. Bak styrehuset er gavlbåtane opne for å gje plass for nota. Her rigga me til ein presenning mot sjøsprøyt og kulde. 

Me skulle over Nordsjøen. Me var 27 personar i alt - begge kjønn. Frå Byrknes var - i tillegg til Harald Hundvin og Olava Einebærholm - søstra til Olava, Emilie, og Endre Byrknes. Fleire var frå Bergen, mellom dei Hysing-Dahl (seinare stortingspresident) og kaptein Kvinge (Linge-kompaniet). 

Arthur Krossøy frå Austrheim førde båten. Han hadde god røynsle frå utanriksfart. Med den lasta han hadde no var det langt frå nokon fisketur han skulle på. Det vart langt frå nokon god tur vestover. Med rikeleg brennstoff og mange passasjerar om bord låg båten tungt i sjøen. Å få det heile til å fungera med så mange om bord var ikkje lett. Me sat som sild i tønne og låg som sardiner i boks. Sjøen slo inn over båten og presenningen bak, og då kom det nok ein del ulydar frå dei som hadde ly der. 

Men føraren var roleg. Han let seg ikkje merka med noko. Etter uttrykket i andletet hans var alt under kontroll. Blant passasjerane var det ein god del sjøsykje og manglande matlyst. Likevel rådde optimisme. Redsla for å verta tekne av tyskarane minka etter kvart. Det gjekk ei heil natt og ein heil dag fram til klokka 23 før me kunne byrja å vona på landkjenning. Før midnatt såg me land klårt. Det vart gledeshyl blant den slitne gjengen i den vesle båten. 

Vel framme på Shetland 
Etter ei ny natt med roleg søvn gjekk me ned på kaien for å sjå til båten vår. Men der var ingen båt å sjå. Han hadde gått til botnar. Det synte seg at han hadde ikkje tåla påkjenninga med dei krasse sjøane over det lange havstykket. Men båten hadde gjort ei god gjerning for oss alle. Me kjende oss langt tryggare no enn heime. 

Så tok me farvel med Shetland. Ein større rutebåt, "St. Magnus", tok oss med til Aberdeen i Skottland. Der frå vart me sende med tog til London der me vart fordelte. Stridande vart sende til aktiv teneste, marinen, hæren eller handelsflåten. Andre vart sette til administrative oppgåver. Kvinnene vart overførde til stasjonar der dei norske var stasjonerte. For fleire av oss som søkte hæren vart det no krigsskule på ny, og det var noko anna enn me hadde vore gjennom på Voss tidlegare år. Rekruttskulen låg i Skottland, og der var det tøffe saker med forsering av piggtråd, åling i gjørme, vassgraver med meir. 

Med i Kompani Linge 
Då Arthur Byrknes og eg var klare til teneste kom det spørsmål om me ville gå inn i kompani Linge. Sa me ja til dei fårlege oppdraga i “sjøgjengen”, måtte me ha kommando-opplæring. Etter ein mildt sagt hard krigsskule skulle me - attende til Noreg. 
Turane på den tida var med skøyter. Eg vart med “Arthur” som seinare var med i filmen om Shetlandsgjengen. Førar var Peter Salen, ein leiar eg hadde på mange av turane over Nordsjøen. Han heldt seinare fram på Shetlands-bussen “Hessa”, og var ein svært dugande sjømann og båtsjef 

Me skulle føra våpen, ammunisjon og anna til øygarden på Vestlandet; utstyr som skulle brukast mot fienden når invasjonen i Noreg skulle ta til. Første turen til Vestlandet gjekk bra. Me kom til Solund og la oss til i ei bukt der. Så var det å få tak i hjelparar på land, folk som var viljuge til å lossa og ta vare på den verdfulle og farlege lasta. 

På Husøy fekk me kontakt med handelsmannen, ein mann eg kjende frå før. Sønene Per og Harald var med på oppdraget. 
Men å finna den rette lagringsplassen var ikkje lett. Eg for like godt over Sognefjorden i ein liten båt for å spørja om bror min på Koksøy hadde ei løysing på problemet. Han såg ingen utveg, men både han og den andre broren min kom over til Husøy for å hjelpa til. 

Den korte tida eg hadde heime minnest eg nok så lenge eg lever. Det var stor glede blanda med indre uro og otte for det farlege oppdraget me hadde. Det var ein otte som synte seg ikkje å vera overdriven... Den dyrebare lasta vart lagra i ei fjellhole på øya Begla ved Indrevær i Solund. Me hadde ei kjensle av ein vellukka tur då me endeleg kunne stikka til havs att. 

For meg og mange andre vart det mange skøyteturar over Nordsjøen i året som kom. Med “Andholm" frå Nordland - ein båt på om lag 70 fot - var eg med over Nordsjøen 9-10 turar, og det gjekk godt på desse turane. Føraren på “Andholm” heitte Nesse og var frå Nesefjord i Solund. Etter kvart gjekk så mange skøyter ned og så mange av våre kom bort at skøytetrafikken måtte takast opp til revisjon. Beste kameraten min, Arthur Byrknes, kom bort på ein slik tur. Me leita i over åtte dagar for om mogleg å finna dei, men til ingen nytte. 

Når me hadde permisjon samstundes var me to Byrknes-gutane saman. Me tala om heimtur, om freden, om det harde livet som no var ein del av oss. Men me hadde ikkje noko val. Me måtte ta vår tørn og vona det beste. 

Ein annan med tilknyting til Gulen, og som eg sette mykje pris på, var Sigurd Fivelsdal. Han kom med i Nordsjøfarten berre 16 år gamal. Finare unggut, ven og kampfelle fann ein ikkje. Han var hjelpsam, synte mot, ansvar og ro i alle situasjonar. Skøytene over Nordsjøen hadde berga mange frå klørne til gestapo. 

Første turen vår til Solund førde diverre til arrestasjonar. Særleg var det hardt for familien min, det same for dei på Husøy: sønene til handelsmann Henriksen, Per og Harald. Desse to, pluss brørne mine Johan og Georg, vart henta av gestapo-skøyta og sett i fangeskap - først i Noreg, så i Tyskland. Det var nære på dei miste livet i konsentrasjonsleirane der. 

Heider for krigsinnsats 
I England under krigen fekk Kråkenes St. Olavs medalje med eikelauv. I Noreg - då freden kom - vart han tildelt St. Olavs medalje med to eikelauv, kong Haakon 7. medalje, og deltakarmedalja. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal