Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
 

 

       
Frå landhandel til antikvitetar
Forfattar: Scandion
Publiseringsdato: 12.06.2004


Parti frå Furenes ein solrik septemberdag. Foto: Scandion

Stikk du nedom kaia på Furenes i Gulen, er det ingenting som tilseier at landhandelen er nedlagt. Men kanskje finn du døra stengd. Tek du mot til deg og kikkar inn vindauga og ser ein båtmotor med påmontert ratt, byrjar du sikkert å lure. 

I hyllene innanfor kan du sjå raritetar og skipsklokker påmontert elektrisk lys - innimellom andre antikvitetar. 

På benken utanfor bua sit kanskje Einar og flikkar på eit gamalt kjerrehjul -eller skrapar gamal maling av eit eller anna klenodium. Kjent, eller ikkje. Einar låser gjerne opp døra og syner deg denne merkelege butikken, som er ein mellomting mellom museum, husflidsstove, krambu og fotogalleri. 


Vil du ta ein kikk innom ? Foto: Scandion.

Einar Austgulen, handelsmann i 40 år på kaia i Furenes, har ikkje tvinna fingrar frå han nyttåraftan 1994 la ned butikkdrifta. Derimot har han, med livleg fantasi og flittige hender, nytta tida som pensjonist til å skape nytt liv i dei tidligare butikklokala. 

Her kan du gjennoppleve landhandelen gjennom 72 år som Ingvald Austgulen, far til Einar, starta her i 1922. Det var Einar som peika seg ut til å overta familieverksemda då faren døydde brått i 1954. Med handelsskule og ein periode i tolletaten i Bergen, var han vel kompetent til å ta på seg oppgåva som distriktskjøpmann. 

Når han så var heldig å få kona Grethe med på etableringa og flytte til Furenes, så var alt såre vel. 
- Før far starta butikk her, hadde han ei tid butikk på Oppdalsøyra. Fram til vegen kom i 1968, hadde me filial på Fivelsdal og, fortel Einar. 


Kva skal det være i dag då ? Foto: Scandion.

Ikkje for sal 
Ikkje mange daglegvarer å finne no, men nokre småting står framleis i hyllene, innimellom gamle skipsklokker, stein, ror, 
trerøter og meir eller mindre sjølvlaga raritetar. Einar har i mange år sysla med rosemåling, og her har mange fine arbeid fått sin heidersplass. På eine veggen finn du historia om rekefiskarane frå Furenes og bilder av alle reketrålarane frå bygda som har tråla langs det meste av norskekysten. Det er Ingolf, bror til Einar som har skrive historia, som starta med pioneren Ludvik Furnes, ein svært foretaksom mann i Gulen på den tida. 

Av den store flåten av reketrålarar som opp gjennom åra har hatt tilhaldsstad i Furenes er det no berre 2 båtar som driv med tråling, M/K Furnes og M/K Gulaskjer. 


Maritim krok med informasjon om fjordabåtane. Foto: Scandion.

Det meste av butikkinnreiinga er inntakt, men innimellom finn ein merkelege ting som heilt sikkert ikkje var ein del av ein landhandel. Men om du spør om han vil selje noko, får du eit kontant svar; 
- Eg sel ingenting! Eg gjev vekk eitt og anna, men resten får familien slåss om når eg er borte. - Alt dette har eg gjort berre for meg sjølv, borna og borneborna. Det hender folk spør om eg har tenkt å bu her nede på butikken. Det er ikkje alle som har sansen for det eg driv med. Men dei som er glade i båtlivet, dei som har innsikt - dei set pris på det. 


Sjølvlaga kopi av smuglarskuta "Visnes" er ein fantasifull kollasj med Grant Whisky som basis.
Foto: Scandion.

På ei hylle står ein båt (ei trekanta Grant whiskyflaske med ein slant på). På kahytta (lokket til ei flaske etterbarberingsvatn) står "Visnes" med sirleg sølvskrift. I 1991 vart 18 tusen liter smuglarsprit beslaglagt på denne båten i Austevoll. Drammeglasa etter bestemor dinglar på dekk medan ein lighter gjer nytte som skorstein. Ein kulepenn frå Norsk Tipping har fått eit nytt liv som mast på skuta. 
- Eg har ikkje vist ho til lensmannen, seier Einar, og fortel om ein annan smuglarbåt - Kadetten - som vart avslørt her i Gulen omtrent på den tida flaska var ferdig. 


Rosemåling er ein kjær hobby, og her ser du litt av det Einar har laga. Foto: Scandion.

Mange interesser 
Butikkdrifta i 40 år krov sitt, men likevel har Einar hatt tid til mykja anna. Bak seg har han 3 periodar i kommunestyret i Gulen. Jobba for vegen og ny aktivitet i Brandangersundet, -noko som ikkje alltid var så lett med minkande folketal og sviktande næringsgrunnlag. Aktiv i ungdomslaget gjennom mange år. Einar har og gjort ein innsats for at det vart planta meir skog i det nokså trelause distriktet. Og litt av æra for samfunnshuset som kom opp, skal han og ha. I samanheng med kystsogevekene i Gulen har det dei siste åra vore ein tradisjon med rekebord i samfunnshuset. Hit kjem folk frå fjern og nær for å nyte ferske, nykokte reker. 


Heimen. 
Hagen har fått eit maritimt preg. Legg merke til propellen på bilde.
Foto: Scandion.

Sjølv bur han og kona Grethe i andre etasje. Her har dei panoramautsikt over hamna og elles det som går føre seg på vågen. Grethe er i full jobb som nattevakt ved Gulen sjuke- og aldersheim i Eivindvik. Med ein mann som Einar, som dei siste åra har brukt det meste av tida på eigne syslar, seier det seg sjølv at Grethe har stått for mykje av alt annna viktig arbeid i heimen. Sjølv i vår moderne verden, er det likevel lite som gjer seg sjølv. 

Når vi spør Einar om han saknar butikken, vert det ein lang pause. 
- Eg angrar ikkje på at eg la ned, kjem det etter ei stund. - Når eg ser attende på kundegrunnlaget og båttrafikken dei siste åra, og min alder teke i betraktning, så var det nok rette tidspunkt å avvikle drifta av butikken. 

Kva tankar hadde du då om bruk av butikklokala ? 
- Etter så mange år opp og ned kjellartrappa, til og frå forretninga, var det vanskeleg å tenkja seg noko anna bruk av lokala. Slik det har vorte no lever mange minner framleis vidare gjennom samlinga. Til glede for meg, familien og mine søsken. 
- No kan eg leve livet, og gjere det eg har lyst til. No kan eg stelle i hagen, snikre og rosemåle. Endeleg kan eg glede meg over det eg har laga. 
Heimen vitnar om at fantasien til Einar ikkje har ligge nede alle desse 40 åra. Dei rosemåla skålene har han til dømes grunna ved å sette dei på platespelaren - då vert penselstroka så jamne og fine.... 


Båten "Vibeke" ligg som ein solstråle ved kaia. Foto: Scandion.

Båtliv ? 
I barndommen voks Einar opp med ein båttrafikk som på mange måtar var annleis enn i dag. Heilt frå gutedagane var reketrålarane eit vanleg syn på vågen. Fjordabåten var og eit fast innslag ved dampskipskaia. Denne epoken vart avslutta då vegen kom. I 1970 gjekk siste rutebåten frå Furenes -og samstundes vart brevhuset lagt ned. 
Som framtidig båteigar vart det sjølvsagt trebåt på Einar óg. 
- Frå barndommen har vi hatt båtane "Rolf", "Porat" og no "Vibeke" som er oppkalla etter vår dotter. Den ligg som ein solstråle ved kaia utanfor butikken. 


Denne steinen, som liknar utruleg på ein kval, fann Einar på Austgulstølen i 1995. 
Foto: Scandion.

Songfuglar 
Saman med kona Grethe har dei hatt rike opplevingar i å delta i Dalsøyra Songkor. 
- Songen fekk eg inn då eg gjekk på Nordhordland Folkehøgskule i 1950-51, og den har gjeve meg mange gleder vidare i livet. Er no 25års-jubilant som tenor i Dalsøyra songkor, seier Einar. 


Ein livbåt har også fått ein velfortent plass i samlinga. Foto: Scandion.

Håkonarspelet - ein ny utfordring 
Det kjende "Håkonarspelet" har i fleire år vore ein attraksjon på Gulatingstaden Flolid. Einar og Grethe fatta interesse for å være med. Dei stod begge på scena i den fyrste framsyninga i 1997. I åra etter har det vorte fleire framsyningar av spelet. I 2000 vart det synt fram for bergensarane på Bergenhus festning - og i sommar fekk kongeparet sjå ei forkorta utgåve av spelet då dei besøkte Gulen. Einar spelar ei sentral rolle som kongens vakt. 
Som ivrig amatørfotograf har Einar alltid fotoapparatet med seg. Mange bileter frå spelet og andre hendingar i Gulen er ein viktig del av innhaldet i samlinga. Her finn vi bilder frå kongebesøket tidlegare i sommar, med kongeskip, konge og dronning. 


Einar i sjølvlaga kongestol og vikingskip på veggen. Foto: Scandion.

Ungdommen satsar på ei framtid i Furenes 
I dei siste åra har ein ny generasjon slege rot i Furenes. Mange nye hus er komen til - og fleire er under oppføring. Å møte unge med barnevogn etter vegen er ikkje lenger uvanleg. Det er stort og lovar godt for ei vidare utvikling i bygda. Kommunikasjon er i dag ikkje til hinder for å busetje seg her. 
Mange, med draumen om ei hytte i eit vakkert landskap, har og fått denne oppfylt i området rundt Brandangersundet. Nær på 100 hytter langs sundet er det etterkvart vorte. 


Foto: Scandion.

På lang avstand forstår du at her bur ein som er glad i lys. På ein bergknaus like ved butikken blenkjer ei 6 meter høg varselbøye som kom rekande frå Shetland. Det var Odin Ottesen som fann bøya - og tenkte at dette måtte være noko for Einar. 

Service for sjøfarande 
Mange sjøfarande besøkjer Furenes iløpet av sommaren og dei vert nok skuffa no når butikken ikkje er meir. Men framleis tenkjer Einar på båtturistane. På kaia har han laga eit lite servicesenter med dusj / toalett og vaskerom. 
- Eg kunne jo halde ope i sesongen med ein liten kiosk her. Men eg vil ikkje binde meg til faste opningstider og slikt. No vil eg vere fri - og unyttig. Men det er klart, eg går no her på kaia, og kjem det folk som er nyfikne på kva eg driv med, skal dei alltids få ta ein kikk. 

No let Einar fantasien bløme og lysa blenkje i alle krikar og krær. 


Verten opnar eit koauge, og der inne har han sanneleg barskapet sitt. Fine merkevarer på rad og rekkje. Men ikkje alle er edle.
Foto: Scandion.


Ikkje mangel på fantasi her nei.... - Lys er liv, og det må vere liv, seier Einar. 
- Lys er ei markering av det gode. Eg har montert det overalt der det passar.
Foto: Scandion.


Her syner Einar bruken av ei sirupsvekt. 
Foto: Scandion.


Huskar du tida då denne typen bensinpumpe var i bruk ? 
Foto: Scandion.

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal