Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
 

 

               
Prost Dahl til minne
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 18.08.2002

Mange eldsjeler har gjennom fleire år kjempa for å børste støvet av dei mange minna som prost Niels Griis Alstrup Dahl har lagt att etter seg i Gulen. I dag fekk folket overrekt minnesmerket over «Eivindvigens anden skaper». 


Minnestøtta over prost Niels Griis Alstrup Dahl.
Foto: Scandion.

Alle som har kjempa for å få reist eit minnesmerke over prost Dahl har fått løn for strevet. Minnesmerket har fått ein sentral plassering i bygda, like ved den erverdige Herresalen, Dahl sin bustad, truleg bygd i 1819. 

Etter opptak frå Magnor Midtun har Eivindvik ungdomslag, Gulen sokneråd og Gulen kommune v/kulturkontoret, stått bak oppføringa av minnesmerket som er utforma av kunstnar Elisabeth Steen på naturstein som er funnen i distriktet. 
Det er reist med innsamla midlar og tilskot frå verksemder og organisasjonar i og utanfor Gulen kommune. Arbeidet med innsamling av midlar, framleiting av stein og ferdiggjering av merket har teke omlag tre år opplyser leiaren i minnesmerkekomiteen, Magnor Midtun. 

Største sponsorar: 
BKK, Statoil A/S, Wergeland Holding A/S, Sogn og Fjordane Sparebanklag, Sparebanken Sogn og Fjordane Gulen, Svaneapoteket, Skien, v/Aase Falnes, Gulen Hestetrygdelag, P.R.Sandal A/S, Eivindvik Ungdomslag, Scandinavian Delopment A/S, Oslo, Gulen kyrkjelege fellesråd, Gulen Pensjonistlag, Felleskjøpet Vest, Johny Birkeland Transport A/S, Peter Olav Midthun, Wergeland Elektro, Gulen sokneråd. 


Magnor Midtun les sjølvskreven prolog over prost Dahl. Foto: Scandion.

Prost Niels Griis Alstrup Dahl - Eivindvigens anden skaper. 
Han var prost, gardbrukar og stortingsmann, og ved sida av dette var han ein føregangsmann når det gjalt utskiftingssaker, helsestell og undervisning. Han ordna fattigstellet, han bygde hus, og alle desse utgiftene gjekk av eiga lommebok. 

I diktet -Til Eivindvig, skreiv Henrik Wergeland om Dahl -Byd, du sjel ! Naturen taber, Eivindvigens anden Skaber triner under sin Tropæ.. 


Ordførar Trude Brosvik held tale ved minnestøtta. Foto: Scandion.

Mennesket Dahl
Dahl vart fødd på garden Fet i Kvinnherad 14. mars 1778. Han vart student med Laud ved Bergens Katedralskole 1796, og teologisk kandidat med samme karakter ved universitetet i København oktober 1800. 

24. februar 1804 vart han utnemnt til res. kap. i Eivindvik Pestegjeld, og 18. desember 1807 til sokneprest her. Han var prost i Ytre Sogn frå 1823 til 1847. 
Dahl var gift med Hylleborg Hertzberg, fødd 21.9.1766. Dei hadde ikkje born. 
Niels Griis Alstrup Dahl døydde i Eivindvik 4. august 1852. Kona Hylleborg døydde i Eivindvik 25. mars 1848. 


Magnor Midtun har avduka minnesmerket og får overrekt blomster av ordførar 
Trude Brosvik. Foto: Scandion.

Kva slags menneske var Dahl ? 
To av dei som kanskje kan gje eit svar på dette spørsmålet er Magnor Midtun frå Eivindvik og Aud Randal frå Mjømna. 
Magnor Midtun har gjennom mange år samla mykje stoff om Dahl, og i heftet -Eivindvik før og no, har han med fleire sider. 
Aud Randal har Niels Griis Alstrup Dahl som emne i hovedoppgåva i historie. 
Randal og Midtun er einige om at Dahl var ein uvanleg velmeinande og dyktig person, men samtidig kanskje litt stiv og formell. Når vi ser på alt Dahl dreiv med og fekk ordna med, så er det ikkje tvil om at han hadde litt av ein arbeidskapasitet. Attåt å vera prost, var han gardbrukar og stortingsmann, og på toppen av det heile så engasjerte han seg sterkt på områder som helsestell, undervisning og fattigstell. 


Blomster frå ordføraren til Halvor L. Brosvik, Gulen sokneråd og Kari Øvstedal, Eivindvik Ungdomslag. Foto: Scandion.

Dahl brukte rundhånda frå eigne midlar og inntekter. Han betalte skulepengane for mange, han ordna med og betalte for underhaldet til dei fattige, han betalte for vaksiner. Trass i ei stor årsinntekt, døydde Dahl som ein fattig mann i 1852. 
Aud Randal fortel at ho har lese protokollen etter auksjonen etter Dahl, der alt frå sokkar og skor til husdyr og reiskap vart selde. Etter at alt var selt, mangla det 3.000 kroner på at gjelda var dekka. 

Men når ein ser på dei, ikkje-handfaste, verdiane som Dahl skapte, slik som skule- og helsestell, så kjem nok reknestykket på pluss-sida likevel. 


Kunstnaren Elisabeth Steen som har utforma minnestøtta. Foto: Scandion.

Gardbrukaren Dahl 
Då Dahl vart prest i Eivindvik prestegjeld var det dårlege tider i landet vårt med uår og vanskelege kår. Prestegarden han flytta til var i dårleg stand, men Dahl tok straks til med dyrkningsarbeid. Etterkvart fekk han arbeidd prestegarden fram til eit mønsterbruk både når det gjalt jord og bygningar. 
Dåverande biskop, Neumann, var svært imponert over arbeidet som Dahl hadde lagt ned, og etter ei reise i Sogn og Sunnfjord i 1823 skreiv han: -Denne mark var, om ikke megen Anstrengelse kom til, aldeles tabt for Agerbruket. Men Dahl har trodset naturen. 


Folk kosa seg med mat og drikke utanfor prost Dahl sin heim. Foto: Scandion.

Dahl hadde ei stor årsinntekt, men desse pengane fekk føter å gå på i og med at han måtte betala alle utgifter til nydyrking og bygningar sjølv. Eit av minnesmerka som står igjen etter Dahl er den solide og vakre steinmuren som han fekk bygt rundt prestegarden. Muringa vart utført av folk frå Midtun til ei betaling av kr 1,- pr. dag. Sikkert inga dårleg betaling den gangen. I tillegg til det vanlege jordbruket gjorde Dahl prøvar med planteslag som ikkje var vanleg på våre kantar, t.d. -lucerne. 

I ei teljing som vart utført i 1848 er oppgjeve at det då budde 36 personar på prestegarden, og at buskapen var 4 hestar, 39 kyr, 167 sauer og 68 geiter. At Dahl sette stor pris på garden og gardsbruket ser vi av fylgjande uttale frå preikestolen: 
-Lykkelig er den som har rigedomme, lykkelig den som har en god hustru, men tifold lykkelig den som har en bakke som vender mot syd, hvori man kan sette poteter. 


Foto: Scandion.

Stortingsmannen Dahl 
Dahl møtte på Stortinget som representant for Nordre Bergenhus Amt i 1814, samt åra 1828, 1829 og 1830. På Stortinget var Dahl ein klok, grundig og uredd debatant. 
På det -Første overordentlige Storthing, som vart halde i oktober 1814, var han ein klar motstandar av sambandet med Sverige, og han var mellom dei 5 som stemte imot unionen. I debattane som fylgde i denne saka kunne han vera skarp i kanten når det var trong for det. 

I biskop Neumann si dagbok frå denne tida står det at det kom til Personligheder mellom Dahl og Wedel-Jarlberg, og presidenten -satte dem begge irette. 

I ein tale som Dahl heldt på Stortinget 20. oktober 1814 gjorde han det klart at han fann det vanskeleg og gjere eid både til Noreg og Sverige. Han stolte tydlegvis meir på den vanlege innbyggar enn han gjorde på ein del av embetsmennene som møtte på Stortinget, for uti talen seier han: -Endnu er Ed, som allanden Tro og Love, ikke bleven en lettsindig Børneleg blandt Noregs vel mindre oplyste, men maaske mere ærlige Klippe- og Dale-beboere. Vi ved det jo alle, at Nutidens Sværgen og Ædsafleggelse nu til en Konge, nu til en anden, er fremmed for vore ærlige Landsmænd. 


Magnor Midtun les sjølvskreven prolog over prost Dahl. Foto: Scandion.

AVDUKING AV MINNESMERKE
Prolog av Magnor Midtun 

I 1804 kom Dahl her som ung kapellan, 
vart sokneprest i 1807, 
neppe nokon ofra som Hylleborg og han 
i kommunen der dei valde og bu. 

Han vart fødd 1778 i Kvinnherad, 
I Finnås, frå 1766, ho sine barnesko trakkar, 
for at dei kom hit er kvar guling glad, 
- skjebnen me hjarteleg takkar ! 

Audmjuke, i vakkert sommarver, 
står me på denne store dagen, 
føler at Hylleborg og Niels med oss er 
her i den gamle prestehagen. 

Ved kveld dei ofte svala sinn og kvilte hender 
her under lauvrike tre i fuglesang 
mens beitande dyr frå liene si helsing sender 
med takksamt mæle og bjølleklang. 

Etter arbeidsdagen stri og lang 
dei, mellom blomar, roa kan nyte, 
faldar hendene i sine fang, 
- ikkje med nokon vil dei byte. 

Gleda over det spirande aks, 
lukkelege folk i arbeid og bøn, 
at frøa dei sådde grodde og vaks, 
var dei så god ei løn. 

I prestegarden var det eit yrande liv, 
mange skulle ha mat og husrom, 
embets-og tenestefolk, kontoristar som reknar og skriv, 
studentar, reisande og talrike gjestar som kom. 

Hylleborg hadde nok hendene fulle, 
men i mas, kav og jag, 
fekk ho alt til å gå som det skulle, 
året rundt, kvar einaste dag. 

Den innsatsen ho i heimen gjorde 
gav Niels høve til fritt 
å ofra seg for det kjende og store, 
skapande samfunnsarbeidet sitt. 

Han øvde sitt kall med kløkt og styrke, 
synte også praktisk dugleik stor, 
både i tillitsverv og preste- og prosteyrke 
sette han mange gode, djupe spor. 

Han lærde bønder dyrka si jord, 
fekk dei på moderne landbruk tent, 
hans innsats for drift og jordskifte var så stor 
at han over heile landet blei akta og kjent. 

Den steinfulle prestegarden vart 
til åker og eng med topp avling, 
som eit mønsterbruk stod han snart, 
med nye hus og solid steingjerde omkring. 

Dahl bygde trapper og brygge, 
over Takledalen laga han veg, 
slik at folk lett og trygge, 
til kyrkje kunne koma seg. 

Jordmor fekk han tilsett i 1827, i Sygnefest. 
Dei mange dårlege bustadhus han ille lika, 
i sin iver etter betre helse for folk flest 
reiste han difor mønsterhuset i Fonnevika. 

Som velgjerar og lækjar var han høgt akta, 
folk frå heile Ytre Sogn til han gjekk, 
det er utruleg kva han kunne, og makta, 
her dei hjelp og lækjeråd fekk. 

Han kjempa hardt mot spillsjuka, 
betra fattigstellet, underviste og informerte, 
smittekjelder bort han luka, 
- helsetenesta han revolusjonerte. 

I hans vidsveimte prestegjeld 
vart alle vaksinerte mot koppar, 
dette farangen i 1833 borte frå Gulen held, 
- omkring låg det strødd med døde kroppar. 

Mot rusdrykken også tappert han stridde, 
redda mang ein gard og grunn, 
frå alkoholen sine lenker ut han fridde 
mange til ein livsførsel god og sunn. 

Stundom syntest hans midlar harde, 
men etter kvart dei fleste såg 
at gode resultat som ville vare, 
det i hans løysingar låg. 

Folkeopplysning var enno eit felt 
der han ofra mykje pengar og arbeid, 
lærarkurs han for ungdomar heldt, 
eller kosta seminaropphald på dei. 

Han ordna med fastskular i fleire lokale, 
på Undertun det i 1835 skulehus kom, 
Dahl måtte sjølv betale, 
for «skolekassen» den var tom. 

I 1829 fekk blioteket i Gulen sin start 
ved at Dahl 134 av sine eigne bøker ga 
til institusjonen som møtestad vart 
for folk som bokleg kunnskap ville ha. 

Så mykje kunnskap og visdom 
Dahl og hans hjelparar til folket ytte 
at då Ivar Åsen i 1843 på målgransking kom 
over arbeidet og fruktene svært han skrytte. 

For soge og tradisjon hadde Dahl stor sans, 
reiste i prestegjeldet mykje omkring 
og samla ord og segner som i folket fans 
om bygda og gamle Gulating. 

Han var stortingsmann i fleire bolkar, 
hausten 1814 er han krass i diskusjonen, 
mot kongefellesskap han folkeviljen tolkar 
og røystar difor imot svenskeunionen. 

Som fyrste ordførar han kommunen styrde 
frå formannskapslova kom til han i 1848, 
som sjølskriven leiar og folkehyrde, 
av helsegrunnar trekkja seg måtte. 

I dette året han tunge stunder møtte, 
miste si kjære Hylleborg, 
ho var han så god og trufast ei støtte, 
saknet var sårt, stor var hans sorg. 

I hans slitne kropp fann viljen framleis rom 
for tungt arbeid og strie reiser på land og sjø, 
men 4.8.1852 han til eit møte ikkje kom 
- i stolen hans fann dei han død. 

Her skreiv du, gode Dahl, 
mang ei eldfull preike, 
her i din eigen Herresal 
hjelpte du sjuke og veike. 

Her såg du folket mang ein gang, 
ved jordeferd, bryllup og til høgmesse, 
under malmfull klokkeklang 
i den fagre kyrkja seg sesse. 

Her du for samfunnssaker brann, 
kjempa mot det du tykte var gale, 
fram med dine tankar du ofte vann 
både i skrift og i tale. 

I området her ved kyrkja, 
på denne tradisjonsrike samlingsstad, 
både i helg og yrka 
lærdom, hjelp og trøyst du folket ga. 

Her kom du heim etter reiser harde, 
fekk kvile din trøytte fot, 
Hylleborg si søtte og kjensler vare 
gav ny styrke, varme og mot. 

I ein arbeidsdag tyngre enn for dei fleste, 
motbør de ofte fekk 
og med i strevet til folket sitt beste 
alle dykkar innkomer gjekk. 

Men her de og kunne frukter nyte 
ved gleda over eit samfunn i framgang, 
det vanka og heider og medaljer, lovord fekk flyte, 
som i Wergeland sin vakre hyldningssang. 

For alt det verdfulle de fekk gjort 
me i hyllesten også vil ta del, 
det var eit livsverk så stort, 
det prega samfunnsånd og folkesjel. 

Med varm takk og kjensler sterke 
her me Niels og Hylleborg æra vil 
med eit velfortent, solid minnesmerke, 
- her skal dei for alltid høyre til. 

Her ved deira jordiske borg 
ærbødige omkring me går, 
ved minna etter Niels og Hylleborg 
i takksemd me varsamt trår.

Måtte deira ånd sveva og rå 
ved merket framover i all tid, 
folk i ettertanke til staden gå, 
her finna ro, fred og harmoni. 

I dag me i glede og stor respekt 
avdukar steinen som gåve frå oss alle 
til heile den komande Gulen-slekt, 
ta godt imot - la teppet falle ! 

     
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal