Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
 

 

        
Berga av oppvakt postmann
Forfatter: Rita Birknes Stendal
Publiseringsdato: 16.11.2002

I Gulen har mange, opp gjennom åra, hatt fiske som sitt levebrød. Åleine på sjarken kvar dag året igjennom er tøft og har ført til mange hendingar både i storm og stilla. Når nordvesten set inn som “sleppt ut or ein sekk” kan godt sjømannskap og ein oppvakt postmann være redninga. 

Denne historia er fortalt av Rita Birknes Stendal til Ingolf Austgulen og er å lese i heftet "Mjømna og øyane" (2002) 

------------------------------------------------------------ 

Det skjedde 9 oktober 1990 kl 14.10, og dagen sit som spikra i hukommelsen min. 

Eg ville tjena pengar til skuletur, og sette ut trollgarn ved Kjeøy utanfor Eivindvik mot Skjærjehamn. Då eg skulle dra garna var veret bra, og det vart godt med fisk i brønnen. - Eg lånte snekka til far min. 
 



Rita Birknes Stendal i sjarken "Sjøfuglen". 

Nordvesten kom som “sleppt ut or ein sekk” 
På veg heim byrja vinden å auke på, og eg måtte gå i le ved Vesøy for å ause ut sjø framme i baugen. Då eg skulle vidare over Ålenappsosen, rauk det opp med storm frå nordvest, og haglbyger. - Dei som kjenner ver og vind, veit at nordvesten kjem som “sleppt ut or ein sekk”. 

Eg fekk ikkje opp augene for hagl og vind, og sakka på farten, snudde ryggen mot veret, og passa på å styre mot bylgjene. Midtvegs i osen slo ei svær bylgje over baugen, og fylte baugrommet med sjø (båten var óg nedtyngd av garn i åpen brønn). 

Motoren rusa opp og stoppa, og baugen skar ned i sjøen. Eg sparka av meg støvlane, tok ullsokkane i lomma, og skar laus ei blåse frå eitt av garna. Då stod eg oppå maskinkassen, med sjø til knea, og det var berre å leggje seg ut i det kalde havet. 
Båten sank i løpet av 5-10 sekundar. Kulden merka eg ikke mykje til sidan eg var så oppkava. Redd fekk eg ikkje tid til å bli. 

Der låg eg midt i ein os, langt til land, og ingen båtar å sjå. Eg prøvde å symje mot vest, men bylgjene slo over meg, så eg la på sym mot aust, mot straumen, så det gjekk tregt. Mange tankar for gjennom hovudet der eg låg, men det som eg syns var verst var å ikkje få seie farvel til familien min. Såg det som håplaust å nå land, men ville kjempe til siste gnist. 

Postbåten kjem 
Så fekk eg auge på postbåten til Odin Ottesen. Hellet var at den var 1 time sein den dagen, og han hadde med broren pga. uværet. Eg vinka med blåsa, så høgt til værs som eg makta, og dei svinga mot meg. Du trur ikkje kva for kjensle eg hadde då eg forstod at redninga kom. Eg nærmast jubla høgt. Då dei kom bort sa broren Arthur: “Nei, er det du Rita som ligg her?” 
Jaaaa.. sa eg, men tenkte: “Tei still og fà meg opp herifrå”. Dei kasta eit tau ut til meg, og eg treiv det før det tok sjøen, ganske febrilsk. Sitert frå Arthur: “Det var nett so hurnmaren”. Eg e nett ikkje tung, men med kjeledress og oljehyre fylt med sjø, so var det nett så vidt dei fekk drege meg over ripa. 

Dei køyrde meg heim etter å ha plukka opp flytande ting frå båten. Eg kom til tomt hus, og det var då reaksjonen kom. Eg skylde salte klede, og tårene rant stridt ned i stampen. Tenkte mest på tapt båt og bruk, ettersom livet var berga. Det var derfor godt å få trøyst då mamma og pappa kom heim. For å sitere pappa: “Blås i båten, det viktigaste er at du lever”. 

Eg kan aldri få takka Odin og Arthur nok for den bragda dei gjorde. Utan dei hadde eg mest truleg ikkje levd i dag. Så, Odin og Arthur, nok ein gong HJARTELEG TAKK!! 

Båten ligg no på 190 meter. Eg bur på Straume, driv fiske frå eigen sjark, er gift og har 3 viltre gutar. Køyrer óg post med bil og båt (vikar). Dette takka vere ein oppvakt postmann og bror hans. 

   
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal