Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Gulatinget
Frå Gulating til Storting

 

 
Frå Gulating til Storting
Tekst: Anne K. Misje (05.03.08)

Mandag 3. mars hadde ein delegasjon med ordførar i Gulen kommune Trude Brosvik, Prosjektleiar for Tusenårsstaden Gulatinget Anne-K. Misje og Utviklingsdirektør v/United World College Magne Bjergene eit hyggeleg møte med Stortingspresident Thorbjørn Jagland.  


F.v. Anne K. Misje, Magne Bjergene, Thorbjørn Jagland og Trude Brosvik.

Ordføraren orienterte Stortingspresidenten om bakgrunnen for at Gulatinget blei valt som tusenårsstad i Sogn og Fjordane, og ga ein kort orientering om det internasjonale engasjementet som ligg i utviklingsarbeidet knytta til prosjektet. 

Misje orienterte om Gulatinget si nasjonale politiske, juridiske og forsvarshistoriske betydning, og om planane for eit Tingstadnettverk mellom dei nordiske og nordeuropeiske landa. Jagland blei også informert om planane for ein samarbeidskonferanse mellom ei rekkje nordiske og nordeuropeiske land på Gulatinget i juni 2008. 

Stortingspresidenten blei videre informert om at Gulatinget har muligheit for å få plass på UNESCOs Verdenssarvliste saman med Thingvellir på Island og evt. andre tingstader. Island har signalisert at dei vil stille seg bak ein søknad frå Noreg om slik plassering for Gulatinget dersom norske myndigheiter ønsker dette. 

Jagland fekk ved slutten av møtet overrekt professor Knut Helles praktbok om Gulatinget og Gulatingslova.

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredakt?r: Magne Opdal