Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Gulatinget
Gulatingsparken
Gulatingseminaret
 
 
Gulatingseminaret

Internasjonalt Gulatingseminar (30.09.2006)
Gulatingseminaret 8. og 9. september 2006 vart i ein internasjonal seanse, med innleiarar frå inn og utland. Seminaret gjekk over to dagar som begge var opne for publikum. 

Første seminardagen innleia Barbara Crawford frå Scotland med å gjere reie for tingstadane på Orknøyane og Isle of Man. 
Crawford har spesialisert seg på dei nordiske busetnadane i det noverande Skottland i vikingtid og mellomalder, og skreiv ein oversikt over ”The Scandinavian Scotland” (”Det skandinaviske Scotland”) i 1987. For sin faglege innsats er ho valt inn i det skotske vitskapsakademiet (Royal Society of Edinburgh) og i Det Norske Videnskaps-Akademi. Det var soleis eit selebert besøk i Gulen denne helga. 

Frå Tyskland kom Gertrud Thoma som er universitetslektor i mellomalderhistorie ved Universitetet i München. Ho arbeider med tilhøva for bønder i Bayeren og Tyrol i mellomalderen, og deira deltaking i landsbyforsamlingar og rettsinstitusjonar. 
Thoma fortalde om dei tidlige bondetinga i Bayern og Tyrol, og fortalde om dei to plassane Garmich og Partenkirchen – opphavleg to byer som til slutt vaks saman og vart Garmich-Partenkirchen. I dag mest kjend som arena for vinteridrett, men desse stadane var opphavleg tingstader på same måte som Gulatinget. 

Deretter var det omvisning i Eivindvik ved Knut Helle som blant anna hadde nye moment om steinkrossane i Eivindvik. Til saman eit førtitals steinkrossar er førte opp langs vestkysten, og prøvar viser at dei aller fleste av dei vi finn i Sogn og Fjordane er av Hyllestadstein. 

Dernest fortalde Magnús Stefánsson fra Island om det islandske tingsystemet og samanlikna det med Gulatinget, før John Ragnar Myking presenterte utdrag fra sitt kjeldemateriale frå rettssaker på bondetinga i Gulen. Myking held også innlegg den andre dagen av Gulatingseminaret, og det vanka både smil og lått då han drog fram morosame eksempel på kva saker datidas gulingar drog kvarandre til tings for. Det var lett å flire av 16-1700 tals gulingane som rota seg bort i sedløyse, krangla med naboen og drog kvarandre til tings etter at vonde ord hadde falle. Ofte var det æra som sto på spill, og tinget vart då staden der ein kunne reinvaske namn og ære. Ære og eigedom sto høgt, og simpelt tjuveri vart straffa med døden. Utruskap vart ikkje behandla så alvorleg som ein kanskje ville tru, men valdtekt var ”ubotarmål” – ein gjerning så grov at den ikkje kunne straffast. 
I staden vart gjerningsmannen lyst fredlaus og kunne takast av dage ustraffa av kven som helst. 

Seminaret vart avslutta med Arkadiy Zaitsev frå St. Petersburg som snakka om tidleg demokratisk utvikling i Novgorod (omtala som ”Holmgard” i vikingtida) i Russland. Novgorod var den russiske staten si vogge. 

Hit kom også skandinaviske vikingar så tidleg som på 800- talet. Zaitsev hevda å ha kjelder som synte at både Harald Hårfagre og Harald Hardråde hadde vore i Novgorod! Til minne om Eivindvik fekk alle innleiarane og debattantene kvar sin angliske kross i miniatyr, huggen i Hyllestad. 

Etter seminaret var det omvisning på Tusenårstaden Gulatinget. Ærverdige MS Bruvik la til kai med over 200 passasjerar. 
Desse var heldige og fekk ei orientering om Gulatinget og Gulatingslova av Knut Helle. Eit svært populært tiltak! Etter dette fekk innleiarane sitte på med ”Bruvik” attende til Bergen – ubetinga positive over ei minnerik helg i Eivindvik. 

Anne-K. Misje 
Teknisk arrangør for Gulatingseminaret 
 

Styrande og styrte (05.09.2005)
TEMA for Gulatingsseminaret på Flolid nyleg var "Avstanden mellom styrande og styrde". Det er eit viktig tema, og i si helsing til seminaret sa ordførar Trude Brosvik i Gulen at den lokale makta vert Svarteper i det store maktspelet der sentrale styresmakter tek mesteparten av potten. Les meir på smp.no

Imponerande Gulating om avstanden mellom styrande og styrde (29.08.2005) "Skal kommunen som politisk organ atterreisast må det bli slutt på den sentraliserte statsstyringa," var eit av varskua som vart ropte frå talarstolen på Gulatinget; denne gongen av professor Per Selle. Les meir på sf-f.kommune.no

Gulatingseminaret 2005 (27.08.2005)
Statsminister Kjell Magne Bondevik konsentrerte seg om dei lange historiske linjene i sitt innlegg på folkemøtet under Gulatingsseminaret 2005 på Tusenårsstaden Gulatinget på Flolid laurdag 27. august. Les innlegget her

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal