Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Tysvær
Lokalhistorie
Kjentfolk

   

    
Cleng Peerson -"den norske stifinnaren"
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 26.01.2005

I sin ungdom flakka Cleng Peerson om på Kontinentet. Han kom tidlig i kontakt med kvekarane, og som utsending for kvekar - menigheten i Stavanger undersøkte han 1821 - 1824 staten New York med tanke på å opprette eit nybyggarsamfunn. 

Det førte til at han seinare vart stifinnar for den første flokken utvandrarar som drog over havet med sluppen "Restauration" 4. juli 1825. 

I Tysværvåg i Tysvær, 30 km øst for Haugesund, er det reist eit monument til minne om Cleng Peerson "den norske utvandrings far". 17.05.1783 - 16.12.1865. Født i Tysvær under namnet Kleen Pedersen Hesthammer (Foto: Scandion) 

"Restauration" på 38 tonn var lite egna til fart over atlanterhavet, og dei 52 menneska ombord fekk ei eventyrleg reise. 

"Sluppen" gjorde ein sving heilt ned til Madeira, der den med naud og neppe unngjekk å bli skoten i senk av festningskanonane i Funchal, og først 9. oktober kom dei fram til New York. Då var antallet ombord auka til 53. Ei lita jente vart født på Atlanterhavet. 

I New York vart dei norske utvandrarane møtt av Cleng Peerson. Han var sendt i av stad for å sjå på landet, og det var etter hans råd utvandrarane kom. Derfor er Cleng Peerson kalla "den norske utvandringens far". 

Cleng Peerson skaffa jord i Kendall Township ved Lake Ontario, men då han i 1833 oppdaga den fruktbare Fox River-dalen i Illinois, overtalte han alle til å flytte dit. 

Dermed opna han vegen til den frodige Midt-vesten, som etterkvart vart målet for dei fleste norske utvandrarane. 


Heimen som Cleng Peerson kom frå på Sandbekken. Foto: Scandion.

Cleng Peerson la ut på nye vandringar og han døydde i Texas 16.12.1865. Han fann si kvile på Norse Kirkegård i Bosque County, Texas lille julafta 1865. Tjue år etter vart ein minnestein reist på grava, og steinen har denne innskrift: 

CLENG PEERSON - 
den første norske Indvandrer til Amerika. 
Født i Norge, Europa, den 17. mai 1782. 
Kom til Amerika i 1821. 
Døde i Texas den 16. December 1865. 

Takknemmelige Landsmænd i Texas 
reiste ham dette Minde. 

..........................................

(Når 1782 angis som fødselsår på minnesteinen i Texas, så er dette feil.) 

Nokon regelmessig utvandring kom ikkje i gang frå Noreg før i 1836. Men frå det året drog emigrantskipa ut frå norske havner kvar einaste vår, like sikkert som snøen smelta i dalane, og trekkfuglane kom attende. I den første tida drog utvandrarane over med seglskip, og dei heldt seg sjølv med mat og utstyr på reisa, som kunne ta opptil tre månader. Vi får eit inntrykk av det som skulle til, når vi høyrer korleis tre brør, som utvandra over Bergen i 1851, hadde utstyrt seg. 

Av klær hadde kvar av dei "4 nye vadmelskledninger, 12 vadmels underbenklær, 12 vadmels underskjorter, 12 striskjorter, 24 par strømper, 3 åkler og 3 nye kvitler. Matforsyningen var felles for alle tre, og bestod av 16 spekekjøttlår, 4 fleskeskinker, 6 bismerpund smør, 120 lefser, 80 leiver flatbrød, 8 skjepper poteter, 7 våger skipskavring som ble kjøpt i Bergen, 2 skjepper erter, 1/2 skjeppe hjemmemalt rug og 2 anker med hjemmelaget øl. Dessuten hadde de med en del kaffe, sukker, sirup og forskjellige andre ting". 

En tønne sur mjølk nekta kapteinen dei å ta ombord. Den eine av brødrene vart svært oppbrakt over det, og meinte at då ville han ha avslag i frakten, for når han ikkje kunne få såpass som litt sur mjølk til grauten, kunne ikke skipet vente å få full betaling heller. 

I andre halvdel av 1860-åra vart seglskutene i emigrantfarten utkonkurrert av dampskipa. I dei neste åra reiste storparten av dei norske utvandrarane over Liverpool med britiske dampskip. Seinare frakta den danske Thingvallalinja mange nordmenn over havet. 

Ei norsk dampskipslinje for passasjertrafikk på Amerika vart grunnlagt alt i 1870-årene, men den klarte seg berre nokre få år. I 1911 vart endelig Den Norske Amerikalinje stifta, og sommaren 1913 dampa "Kristianiafjord" for første gang over havet. 

Tida fram til 1865 var grunnleggingsperioden i norsk utvandrings historie. I denne tida festa bevegelsen rot over heile landet. Amerikafeberen greip om seg, sa folk. I midten av 1860-åra var det ikke eit fylke og knapt nok ei bygd som ikkje leverte sin kontingent av utvandrarar. I 1866 starta masseutvandringa si tid. 

I løpet av det neste halve århundre utvandra nesten 700 000 mennesker frå Noreg. Meir enn 95 % av dei sette kursen for Amerika. Folkemengda gjekk attende i mange bygder i Noreg i denne perioden, og det skuldast for ein stor del utvandringa. Samtidig var det store flytningar innanfor landets grenser, og det forklarer tilbakegangen enkelte stader. 

Utvandringa gjekk i bølger. Den første bølga rulla fram i åra 1866-73. Omkring midten av 1870-åra var utvandringa lita. Då var det dårlige tider i Amerika, og lite arbeid å få. I 1879 kom en ny bølge- den største i vår historie. I løpet av 15 år utvandra vel en kvart million nordmenn. 

Endå ein periode voldsom utvandring fikk vi i første tiår av 20. århundre, men tala var på veg nedover då den første verdskrig braut ut. Under krigen var det liten utvandring, og nokre få år etter at den var slutt, vedtok Sambandstatene ei lov som innskrenka utvandringa frå alle europeiske land. Noreg fekk berre ein liten kvote, som blei endå mindre seinare. 

Medan Sambandsstatene stengte døra for europearane etter første verdenskrig, tok Canada framleis imot dei med åpne armar. Mange nordmenn drog dit i 1920-åra, og storparten av dei slo seg ned som jordbrukarar på prærien. Under depresjonen i 1930-åra stoppa utvandringsstraumen nesten helt. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal