Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Sokndal
Kyrkja
Sokndal kyrkje

 

Sokndal kyrkje
Tekst og foto: Scandion (30.12.08)

Sokndal kyrkje ligg i kommunesenteret Hauge i Dalane og vart vigsla 8. juli 1807. Kyrkja vart bygd i 1803 og teken i bruk same året - sjølv om ho ikkje var heilt ferdig. Arkitekt og byggmeister for kyrkja, som har 600 plassar, er ukjent.

Kyrkja har vore restaurert fleire gonger og funn har vist at tidlegare kyrkjer låg på same grunn. Den siste var òg av tømmer, innvendig brunmalt med kvite girlander - og både takbord og tømmer frå den kyrkja er brukt i den nye. 

Kyrkja har korsform og bygd i Louis XVI stil med galleri rundt nesten heile kyrkjerommet. Fine rosemalinger (rokokko) på galleri gir eit harmonisk og vakkert interiøret. Tårnet har vore ombygd fleire gonger. Det første tårnet var ein takryttar med spir forma som løkkuppel. 

Historia til Sokndal kyrkje fortel at heile interiøret blei kvitmalt i 1868. 60 år seinare, i 1928, fekk kyrkja ei større restaurering, og då blei bl.a. kvitmalinga frå 1868 fjerna slik at kyrkja i dag har fått igjen sitt vakre interiør og fine fargar. På 1950-60 talet blei det montert nye benker og nye trapper opp til orgelgalleriet. Tårnet har vore endra på fleire gonger. Altersølvet er frå 1620-åra, og i dag har kyrkja kalk, disk og oblatøskje.

I kyrkja heng to maleri. I søndre tverrskip heng ”Lasarus’ oppvekkelse”. Bildet må være malt av Gottfried Hendtzschel. I nordre tverrskip heng ”Jesu omskjærelse”. Dette er truleg ein kopi frå eit maleri av italienaren Perugini.

Kyrkja har to gamle og verdfulle messehagler i fløyel. Ein frå 1600-talet og ein frå ca. 1700. Ingen av dei er i dagleg bruk. Eit eksemplar av Kristian IV’s bibel ligg også i kyrkja, og likedan ein bibel som var i bruk i Blåfjell gruver.

Skipet som heng i kyrkja, skal være laga av Nils Hanson Elle i 1662. Lysekruna over alteret er eit tysk arbeid frå 1724. Den andre lysekruna er frå ca. 1900.
 

Altertavla er frå 1608. Billedfelta framstiller Jesu korsfestelse. Desse er malt av Peter Reimers. Seinare er altertavla utstaffert med venger laga av Lauritz Snekker. Vengene er dekorert av Gottfried Hendtzschel. Øverst på altertavla står den sigrande Kristus.
Døypefonten er utforma i bondebarokk. Den er laga av Oluf Drageland i 1724. Over døypefonten heng ein himling i same stilart.

  

Prekestolen er gjort av barokkunstneren Anders Smith. Han 
var frå Skottland og heitte opprinneleg Andrew Lawrenceson Smith. Arbeidet gjorde han i 1666. Sentrale ledd i juleevangeliet er skildra i billedflatene. Døra opp til preikestolen er svært forseggjort og dekorert. Heile preikestolen er kunst av høg klasse, og eit verdfullt klenodium. 
Kyrkja har hatt orgel frå ca.1900. Nytt orgel vart montert i 1995 - laga av orgelmakerij Gebr. Reil, Nederland. Orgelet blei innvia i september same år. Det er eit rikt instrument, med mange klangfargar og muligheiter. Sokndølen Olav Åmodt har utført treskjæringane på orgelet etter teikningar av Johan Amrud (Fåvang), som også har fargesett orgelet.


Kongen feira 200 år
Sokndølane er svært stolte over kyrkja si som er ei av dei finaste korskyrkjene i landet.
Søndag 17. august 2003 blei Sokndal kyrkje sine 200 år feira med kongebesøk og festgudsteneste. 

Kjelde:
Sokndal menighetsråd
Sokndal kommune

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal