Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Sokndal
Attraksjonar
Lille Presteskjær fyr

 

 
Lille Presteskjær fyrstasjon
Tekst: Scandion (04.01.09)
 
I Rekefjord, rett sør for Hauge, ligg Lille Presteskjær fyr - eit innseglingsfyr som blei oppretta i 1895. Fyret - 20,8 m høgt og av støypejarn, er automatisert og blei avfolka i 1973. Eigar er Staten v/ Kystverket.

I 60 år gjekk jobben som fyrvoktar på Lille Presteskjær i arv frå far til son gjennom tre generasjonar. Fyrvoktaren heitte då Gjertsen, og fyrfamilien levde sitt liv i tårnet. Reserveassistenten budde i øverste etasje, og så var det soverom i to etasjer ned. Stova var under der igjen, og i første etasjen var kjøkkenet. Eit besøk på Lille Presteskjær gir eit godt inntrykk av korleis livet i eit fyrtårn har vore. 

I over 28 år stod fyret tomt, inntil familien Midtbø fekk i stand ein leigekontrakt av staten og begynte oppussingsarbeidet. Lille Presteskjær manglar i dag den karakteristiske toppen. Då fyret blei automatisert blei lyktehuset kasta på sjøen, men sjølve fyrlykta blei plassert på Sjøfartsmuseet. Familien Midtbø jobbar med å få lyktehuset på plass for at fyret skal få tilbake sin opprinnelege utsjånad. Fyret tok i mot sine første gjestar i 2004 og ønsker stadig fleire turistar velkomen. 

Lille Presteskjær fyr kan besøkast på opne dagar i løpet av sommaren. Du kan også leige fyret for å bu eller arrangere private selskap.

Fyret er ikkje freda.

Kjelde: www.fyr.no

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal