Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Sokndal
Attraksjonar
 

 

    
Helleren i Jøssingfjord
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 09.08.2007

Under Helleren i Jøssingfjord står restar etter ein busetnad som går langt attende i tid. Husa slik dei står i dag er frå tidleg 1800-talet, men delar av husa kan være eldre. Dei kan sjå beskjedne ut for oss i dag, men sett i forhold til si samtid er dei ikkje spesielt små eller kummerlige; mange bønder budde i tilsvarande hus. 


Helleren i Jøssingfjord. Foto: Scandion. 

Tidlegare stod det fleire hus under Helleren, blant anna små driftsbygningar. Det har også vore eit sauefjøs - ein slags innhegning der Helleren fungerte som tak. 

Hellaren er ca 60 meter lang og inntil 10 meter djup frå dråpefall og inn. Husa står no opne heile året. 

I historisk tid var Helleren husmannsplass under garden Haneberg. 

Folk levde av fisken i havet, og husdyr som gjorde seg nytte av det vesle foret som var å finne. 

Husa står utan taktekking fordi fjellet beskyttar i dag - som det har gjort i umminelege tider. I det svarte, rike kulturlaget som dekkar grunnen i Helleren har arkeologane funne spor etter busetnad frå eldre steinalder. Hellaren blei fråflytta på 1920-talet - etter at den moderne industri hadde innhenta Jøssingfjord. 


Helleren i Jøssingfjord. Foto: Scandion. 


Helleren i Jøssingfjord. Foto: Scandion. 


Helleren i Jøssingfjord. Foto: Scandion. 


Båtstø ved Helleren i Jøssingfjord. Foto: Scandion. 


MYSIL BERGSPREKKEN. Denne informasjonstavla om Mysil Bergsprekken, som vart født under eit steinsprang i Jøssingfjord i 1918, står ved Helleren og var avduka 19. juni 1992 av Kjell Aukrust. 
Foto: Scandion. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal