Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Eigersund
Attraksjonar
 

 

  
Eigerøy fyrstasjon
Tekst og foto: Scandion
Publiseringsdato: 05.08.2007

Eigerøy fyrstasjon ligg heilt ute på dei ytterste klippene i Eigersund kommune. Fyret har i over 150 år halde stand mot ver og vind og losa båttrafikken trygt forbi ein verhard kyststrekning. I 2005 kjøpte Eigersund kommune Eigersund fyrstasjon ( unnateke fyrtårnet) av Kystverket. 

Eigerøy fyrstasjon har, med det tekniske utstyret bevart, høg fyrhistorisk verdi. Området rundt fyrstasjonen med alle bygningar blei freda frå 1998 etter kulturminnelova. Formålet er at dette unike område skal utviklast for å komme alle til gode. 

Fyrkommisjonen av 1824 hadde på eit tidspunk tankar om at ein fyrstasjon skulle byggast på Eigerøya i periode 1842-1845. Arbeidet starta først opp i 1853 og fyret stod ferdig i 1854. 

Eigerøy fyrstasjon er landets eldste støypejernsfyr og vart bygt etter topp moderne byggjemetodar frå England. Byggjeperiode blei kort fordi fyret blei levert i seksjonar og montert direkte på byggeplassen. Modulane blei levert av Bærums Verk og Horten mekaniske Verskstad. Materiala til lyktehuset blei støpt på Næs Jernverk. På det meste var 75 arbeidarar i jobb for å bygge fyret - som vart modell for mange av dei andre støypejernstårna som kom til langs kysten av Noreg i åra etter. 

Tårnet i støypejern er 32,9 meter høgt og fora med teglstein. For å nå toppen må ein gå 134 trappetrinn i tillegg til 34 trinn opp til inngangen. Fyret har 1. ordens lynblinklinse frå 1897 i drift og diafon med trykktankar er intakt. 

Som oftast har dei store kystfyra ei roterande linse som er oppbygde av to eller fleire prisme med eit glasauge i sentrum. Linsene har ulike storleik, dei minste har eit indre tverrmål på 30 cm, kalla 6. ordens linser. Linsa på Eigerøy fyrstasjon er på 184 cm og er ei 1. ordens linse. 

Fyret blei automatisert og avfolka i 1989. 


Eigerøy fyrstasjon. Foto: Scandion. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal