Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Nordhordland
Samferdsle
 

 

    
Indre Nordhordlands Dampskibsselskab
Forfatter: Leidulv Hundvin
Publiseringsdato: 08.11.2006

Den 29. mai 1891 var det konstituerande generalforsamling for Indre Nordhordlands Dampskibsselskab. Det nyskipa selskapet gav seg straks i kast med krevjande oppgåver. 

«I Kraft av Fuldmagt given av Generalforsamlingerne i «Ole Bull» og «Osterø»s Dampskibsselskaber kand undertegnede inden 30de Desember 1890 vedtage at de to nevnte Selskaber skald sammensluttes til et». (Saksa frå eit møte mellom dei i slutten av 1890). 

Det nyskipa selskapet gav seg straks i kast med krevjande oppgåver. Båtane dei hadde overteke «Osterø», «Ole Bull» og «Arne», greidde ikkje å stetta ei tilfredstillande ruteordning. Så alt i januar 1894 vart det teikna kontrakt om bygging av ny båt. Han vart bygd i Newcastle, og levert same året. Båten fekk namnet «Johan Jebsen», og han vart ein tru tenar i selskapet gjennom meir enn 50 år. 

«Johan Jebsen» var elles ei kort tid ute or selskapet si eige. Den 24. november 1914 var han på veg inn til Eidslandet. Fjorden var islagd, og under stampinga i isen fall ein lampe ned frå taket. Det tok fyr i olja som rann utover, og mannskapet greidde ikkje sløkkja elden. Kapteinen sette båten på grunn ved Kalandsholmane, og han vart svært skadd av brannen. Men ingen av dei reisande eller besetningen omkom. 

Vraket av «Johan Jebsen» vart seld på auksjon den 4. januar 1915. Assuranseselskapet som overtok båten sette han på ny i stand, og den 5. juli 1915 kjøpte selskapet han att for kr. 83.000,- 

Like etter 1906 greidde desse fire båtane trafikken tolleg bra. Men då vart Mostraumen oppmudra, og modølane sette fram krav om betre rutesamband. Så i 1907 vart det vedteke å byggja ein båt til, og i januar 1908 vart det teikna kontrakt med Kristiansands Mekaniske Værksted om nybygging. Båten vart levert same året, han kosta kr. 97.000,-, og namnet hans vart «Oster». 

«Oster» vart symbolet på sjølve gamletida i selskapet, og tente det trufast i 56 år. 

I 1913 vart «Arne» seld. Han hadde gått på fjordane like frå 1877, og var den andre båten med dette namnet. Einar Hausvik & Co. i Bergen kjøpte han, og kva som vidare hende med båten kjenner vi ikkje til. 

For å fylla romet etter «Arne» bygde selskapet ein ny båt i 1914. Han vart bygd hjå Mjellem & Karlsen i Bergen, og fekk namnet «Haus». Båten kunne ta 250 ferdafolk, og han kosta kr. 95.000,- 

Om ikkje «Haus» vart så legendarisk eller fekk slik omtale som «Oster», var han truleg selskapet sin vakraste båt. Han hadde fine reine liner, og vart bygd etter dei same teikningane som «Austrheim» og «Seimstrand» var bygde etter året før. 

No var flåten godt rusta. Men alt same ettersommaren braut den fyrste verdskrigen ut. Kolprisane flaug i veret, og rutene måtte innskrenkast. I 1918 viste rekneskapen underskot for fyrste gong i selskapet si soge. Det var på kr. 7.405,-, så målt i våre pengar var det lite å tala om. Men gamlekarane likte det ikkje. Drifta skulle bera seg. 

Året før hadde dei seld «Osterø». Han gjekk såleis ut or selskapet si eige i 1917, og han forliste under namnet «Thor Magnus» i 1932. 

I 1919 kom turen til «Ole Bull». Men han vart likevel gåande lenge på fjordane våre som lastebåt. Han overlevde også andre verdskrigen, og forliste i 1951 ved Ombo under namnet «Ombofjord». 

I to år, frå 1924 til 1926, åtte selskapet ein artig båt som dei gav nanet «Hamre». Båten var bygd i Kristiansand i 1911, og det fyrste namnet var «Farø». Denne båten var lite i Sør- og Osterfjorden, så etter to år gjekk han over til ny eigar under namnet «Farø 2». Men alt året etter, i 1927, kjøpte Olav Bjørkum på Frekhaug båten. Han starta då opp eit konkurranseselskap men Alversund & Manger, som han kalla Alversund & Meland Eimbåtlag. Bjørkum døypte båten om til «Frekhaug», og under dette namnet gjekk han til han vart opphogd i 1947. Men då var båten overteken av Alversund & Manger dampbåtlag, som hadde slukt heile Bjørkumselskapet i 1943. 

I 1927 kjøpte så selskapet ein ny «Hamre». Denne båten var bygd i Kristiansand i 1910, og heitte «Tinfos». Båten var såleis 17 år gamal då selskapet kjøpte han, og no fekk han namnet «Hamre». 

Med desse båtane greidde selskapet seg like fram til 1939. Då vart den fyrste sjøbussen bygd, og dette skjedde ved Glommens Mek. Verksted i fredrikstad. Båten kosta kr. 243.000,-. og han vart kalla «Hosanger I». 

Dette vart det fyrste brotet med gamletida. Den nye båten hadde ikkje dampmaskin, men motor. Dessutan hadde han ein heilt annan utsjånad enn dei andre båtane. I eldre folk sine augo var han vel heller lite vakker, men han var ein god båt for dei reisande. Og det talde mykje i dei lange rutene, særleg om sommaren og i storhelgene. 

Straks etter kom krigen. Det vart ei hard og vanskeleg tid, for både «Haus» og «Oster» vart rekvirert av den norske marine, og seinare av den tyske okkupasjonsmakta. Då freden kom i 1945 måtte båtane ombyggjast, då dei vart sterkt nedslitne etter hard medfart. 

I 1949 kom så «grombåten» som sette alle dei andre i skuggen. Det var «Bruvik», bygd ved Glommens Mek. Verksted, og levert i juli månad 1949. Denne båten var på heile 307 br. reg. tonn, og han kosta kr. 1.328.000,- Men så var det også noko til båt, som det gjekk gjetord om langt ut over selskapet sitt ruteområde. 

Den fyrste som vart seld var «Hamre». Det skjedde alt året etter, i 1940. Han har seinare heitt Blåøy», og frå 1971 «Mira». 

I 1951 kom turen til «Johan Jebsen». Han vart og ombygd til lastebåt, fyrst under namnet «Ulstein», og seinare «Mestein». I 1962 grunnstøytte han og sokk ved Hesteskjær sør for Kristiansund. 

«Haus» vart gåande til i 1960. Då var tida hans ute. Nyetida hadde ikkje lenger bruk for han. Men ferdig på sjøen var han ikkje. Han vart ombygd til lastebåt, og fekk namnet «Listein». 

Til slutt kom turen til «Oster». I 56 år gjorde han teneste i fjordane våre, og han frakta vel 1 milliona reisande desse åra. 
Julehelga 1963 gjorde han si siste ferd i Osterfjorden, og året etter, i 1964, vart han seld. Mange freista redda båten, slik at han kunne verta verande i Bergen. Men det gjekk ikkje. Pietetskjensla var ikkje så stor då som ho vart seinare, og difor måtte han gå. Han var den siste kolfyrde dampbåten i Bergen, og få har vorte hylla slik som han. 

«Hosanger 1» vart seld i 1973,og «Bruvik» i 1979. Men då heitte ikkje selskapet Indre Nordhordland Dampbåtlag lenger. 
For den 1. januar 1974 gjekk Indre Nordhordland og Bergen Nordhordland Trafikklag saman, og det nye namnet vart A/S Bergen-Nordhordland Rutelag. 

Dei små einingane si tid var over. Og skal vi vera heilt ærlege er det vel ingen som for ramme alvor ynskjer gamletida attende. 

Men vi saknar båtane, og drøymer om dei i stille nattetimar. Vi ser dei for vårt indre auga, og minnest dei som var mannskap ombord. Dei var ikkje berre selskapet sine tru tenarar. Nei, dei var heile distriktet sine. På den vesle fritida dei hadde måtte dei ofte gjera ærend for bygdefolket. Det kunne vera medisin, ei tåteflaske eller narresmokk, eller eit hypoteklån som skulle betalast. Mannskapet gjorde det. Dette var så sjølvsagt at det var ikkje noko å tala om eingong. 

Og den som har sett landternene koma framom neset i dei mørke kveldane og høyrt ulet frå dei kjende dampfløytene, gløymer det aldri. Det var gamletida på sitt beste. 

Med vyrnad og age minnest vi dei som gjekk føre og bygde opp dei små selskapa. Store midlar hadde dei ikkje. Men dei hadde ei urokkeleg tru på at det skulle lukkast. Og som Vinje seier: 
«Dei åtte det som du må hava 
om eingong du skal verta stor». 
---------------------------------------------------------- 
Artikkelen er henta frå BNR-nytt nr. 4 - 1981 

    
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal