Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Nordhordland
Samferdsle i Nordhordland
Fjordabåtar

 

 
D/S "Lindaas" si berging av "San Remo"
Forfatter: Leidulv Hundvin
Publiseringsdato: 08.05.2003
D/S "Lindaas" hadde gått frå Bergen tysdag den 4. mars 1919, i rute til Fedje - Byrknesøy. Veret var grovt. Fleire dagar hadde det rast kuling og storm langs kysten. 

Forseinka og innstilte ruter var ikkje til å unngå, men dei reisande fann seg i dette med stor ro. 

Når vi blar i selskapet si soge er det mange hende som dukkar fram. Det er mangt ein kunne skrive om, men eitt hende vil vel alltid verta hugsa og sett på som ei bragd. Denne historia stod i BNR - nytt nr. 3/78 og er fortalt av matros Nils Valde, som var med på bergingsdåden, og det er også røkt etter kva avisene skreiv om hendinga: 


D/S "Lindaas" si berging av "San Remo" i Fedjefjorden 5/3 1919 

D/S "Lindaas" hadde gått frå Bergen tysdag den 4. mars 1919, og skulle i rute til Fedje - Byrknesøy. Veret var grovt. Fleire dagar hadde det rast kuling og storm langs kysten. Forseinka og innstilte ruter var ikkje til å unngå, men dei reisande fann seg i dette med stor ro. Det var betre å koma seint fram, enn i det heile teke å ikkje koma fram. 


Kaptein Emanuel K. Rebnord 

Då "Lindaas" nådde Fedje denne tysdagskvelden var sjøen grov. Frå nord bles det full storm, og mørkt og ufjelgt var det på alle måtar. Kaptein Emanuel K. Rebnord - som hadde ført "Lindaas" det siste året - fann det rådlaust å gå vidare. Båten vart fortøya, og mannskapet gjekk til ro for å freista å få seg nokre timar søvn. Men kaptein Rebnord var vaken. Han var ung og sterk, og hadde vandt for å godta at veret hadde vunne over han. Stadig vekk var han ute for å sjå om det betra seg. Ut på morgonkvisten tykte han det løya litt, og mannskapet vart purra. Fyrbøtaren hadde også halde seg vaken. Han hadde halde fyren ved like, så då dei andre kom på dekk var alt klart til avgang. 
Kaptein Rebnord førde båten ut frå hamna på Fedje, og tok fatt på den opprivne fjorden. Det var stummande mørkt, og sterke haglelingar og snøkavar gjorde ikkje sikten betre. 


Matros Nils Valde 

I mellom eit par kavar betra denne seg, og brått vart det oppdaga naudljos oppe til babord. Utan å ensa veret sette kaptein Rebnord kursen dit. "Lindaas" kom så og seia utan last, rulla fælt i storsjøane. Men kursen var stødig og fast. 

Då dei kom nærare såg dei havaristen. Det var lastebåten "San Remo" som tilhøyrde Toresenlinjen,og gjekk i fart for Den 
Norske Amerikalinje. Han dreiv no styringslaus ned mot Midtfjordbåen, då både propell og ror var sette ut av funksjon. 

I det grove veret gjekk kaptein Rebnord inn mellom båten og båen. Han greidde å manøvrere seg så nær havaristen at dei 
hadde ein tokke av at "Lindaas" ville verta knust. Frå havaristen greidde dei å få kasteline over til "Lindaas", og med mykje slit fekk dei også hala slepar ombord. Under arbeidet med dette dreiv havaristen nærare og nærare brenningane rundt båen. 

"Lindaas" sin maskin gav no alt han åtte, men like fullt tok det over ein time før dei kunne sjå at båten mea fram med den tunge havaristen på slep. Fleire gonger såg det ut til at den store havaristen ville knusa "Lindaas" under slepinga, men fram gjekk det. Mellom 3 og 4 timar sleit den 139 tonns vesle "Lindaas" på den 3.500 tonns store "San Remo" som rulla styrlaus i grovsjøane, før han greidde å buksera havaristen inn i Sildevågen på Fedje. 

"San Remo" var berga. Ankeret, som tidlegare hadde vore ute utan å finna botn, vart på ny slept ut. No fekk det hald. 
Trosser vart feste i land, og los Heggholmen på "San Remo" gav kaptein Rebnord det rådet at han skulle venta til det kom slepebåt frå Bergen. Dei ville ikkje angra på det. 

Den unge kapteinen lydde på rådet, og det synte seg at det var eit verdfullt skip dei hadde berga. Båt og last var verdsette til 7 mill. kroner, og då bergeløna vart betalt ut fekk selskapet 325.000,- kr. 

Det var uhorveleg mykje pengar på den tida, og ikkje mindre enn 1/3 av bergeløna fall på kapteinen og mannskap. Dette utgjorde rundt 108.000,- kr. 

Kaptein Rebnord vart etter denne dåden sett på som selskapet sin ukrona konge på sjøen. Det er sagt at han synte ein stor sjømannsdug og eit stort mot under berginga. Men utan dugande maskinist og styrmann, og eit godt trimma mannskap, kunne han ikkje greidd denne dåden. Dei skal også ha si ære, for det var eit umenneskeleg slit dei hadde med manøvrering av maskin og haling av dei store manillatrossene før dei fekk fast slep, og under slepinga. Vi minnest dei i djup vørdnad, og namna deira er: styrmann Olav Sletten, maskinist Anders Hølleland, billettør Oliver Ystebø, matrosane Jon Ystebø, Kristen Sleire og Nils Valde. Fyrbøtar var Bertin Hølleland, men maskinassistenten kan ikkje hugsast namnet på. Trisene ombord var Anna og Hildur Nilsen. Dei fekk også part av bergeløna. 

Vi skal sjå litt på kva som hende med pengane selskapet fekk. Staten hadde i nokre år måtta yta ekstraløyvingar. No krov han desse pengane att. Der for 110.000,- kr. Selskapet sat då att med 107.000,-. Desse vart straks betalte inn til banken som avdrag på gamal skuld. Og no - 39 år etter at selskapet vart skipa, og 12 år etter at d/s "Masfjord" var bygd - kunne dei som hadde trygda for selskapet si skuld pusta letta ut. Nokre av dei hadde stått som kausjonistar like frå skipingstida, medan andre hadde trygda for nytt lån på 85.000,- kr. då "Masfjord" vart bygd. "Dette var offervilje". 

Desse mennene ville rå seg sjølve. Ingen av dei tvilte på selskapet si framtid. Gard og grunn hadde dei sett i pant for å byggja opp flåten, og mang ei vakenatt med sut og uro hadde dei hatt. No kunne det gjerne verta høve til å hjelpa ein granne eller slektning som trong trygd for eit lån. "Viljen og hjelpsemda var der." 

Vi skal gje att det Morgenavisen skreiv om hendinga. Den 6. Marts 1919 står det fylgjande: 

"Lindaas" redder "San Remo". 
Skib og Last var værdsat til 7 mill.kroner. 
Dampskibet "Lindaas" som tilhører Lindaas og Masfjorden Dampskibsselskab, observerede igaarnat i Fedjeruten Blussing fra Skib i Nord. "Lindaas" gik strax i Retning af Blusserne,og det viste sig at være Toresenlinjens Damper "San Remo", som havde mistet Propellen og var hjælpeløs. Det var stærk Vind med høi sjø. 

Fra "San Remo" blev det bragt Slæbere ombord i "Lindaas", som begynte at bugsere "San Remo" mot Land. Begge Skibe kom igaarmorges velbeholden ind til Sildevaagen. Senere fortsattes Slæbningen ind til Byen, hvortil Skibet ankom igaaraftes. 

"San Remo" laster 3.500 Tons og er bygget i 1910. Skibet var fragtet af Staten og Den norske Amerikalinje og var paa Reise fra Amerika til Norge med stykgods. En del af Lasten skal losses her, medens Resten gaar til Østlandet. Skib og Last er værdsat til 7 Mill. Kroner. 

Bergens Tidende og Gula Tidend skreiv også om dåden. Vi skal ikkje gjeva att noko av dette. Derimot vil vi gje att det Gula Tidend skreiv om uveret som rasa. Det finn vi på ein annan stad i bladet same dagen (6. mars). 

"Stormen natt til i gaar og fyrre natti hev vore uvanleg sterk både ved kysten og inne i fjordane. Jamvel inne i dei inste fjordgreiner hev han vore so hard at ein ikkje kunde fara med baatar eller motorbaatar. Fraa ymse stader fretter me um hustak som er lyft av, tre som er upprivne med røter og anna. Sume stader var det attaat tett snjofok so folk lite kunde koma av huset. 

Noko skade hev stormen elles valda på fiskeplassarne, både paa baatar og fiskereidskap. Rutebaatarne hev vore seinka i alle rutor, stundom eit halvt døger og meir. Attaat stormen hadde dei minorne aa ottast. No i paalandsveret hev dei drive i tette hopar inn til strandi". 

Ja, dette var eitt av blada frå selskapet si soge. Vi har ikkje dramatisert hendinga, men gjort ho kvardagsleg og liketil. Vi har ikkje skrive at sjøen var så grov at pollerar vart knekte,og at ein til slutt måtte festa slepetrossa kring heile brubygningen. Difor har vi skrive enkelt og roleg. 

Men vi vil gjerne få senda ein takk frå det selskap manskapet tente gjennom mange år, og som dei også i si tid var med og kvitta gamal skuld for. Hjarteleg takk. 

---------------------------------------------------------- 
Informasjonen er henta frå BNR- NYTT nr. 4 - 1979 - Tekst: © Leidulf Hundvin. 
 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal