Ålesund
kommune
 Foto: Scandion
  
  Oppretta
som eigen kommune i ?
  Kommunenummer
: 1504 
  Fylke
: Møre og Romsdal 
  Administrasjonssenter
: Ålesund 
  Flatevidde
: 98 km² 
  Folketal
: 41833 
  Målform
: Nøytral
På 1200-talet var Kaupangen Borgund, seinere Ålesund,
eit handelssenter. Seinere gjekk det tilbake med staden, og rundt 1450
mista Borgund sine kjøpestadprivilegier. I 1793 blei byen på
nytt ladestad og i 1848 fekk Ålesund bystatus. 
  
 Ålesund er i dag regionsenter for heile Sunnmøre,
og byen fekk sine noværande grenser i 1977 då Sula blei skilt
ut som eigen kommune. 
 Ålesund kommune omfattar øyane Hessa (4 km2)
i vest, Aspøya (0,5 km2) og Nørvøya (7 km2) i midten
og halvdelen av Oksnøya (Ålesunds del 58 km2) i øst.
I nord ligg den langstrakte Ellingsøya (22 km2) atskilt frå
dei førstnevnte øyane ved Ellingsøyfjorden. 
 Ålesundstunnelane:
 Ålesund og Giske tunnel- og bruselskap opna i 1987
verdas lengste og djupaste undersjøisk tunnelsamband: 
 Ålesund  - Ellingsøy - 3.481 m lang
og 140 m djup 
 Ellingsøy – Valderøy 4.176 m lang og 137
m djup 
 Giske – Godøy 3.835 m lang og 155 m djup 
 Rekorden er seinere slått fleire gonger. 
 Kjelde: Ålesund kommune  |