Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Skipsfart
 

   

     
Logg - i gamle dagar
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 03.11.2005

For å måle farten på skip i gamle dagar vart eit loggbrett, festa til ei logglina, kasta i sjøen. Loggbrettet vart ståande på tvers av fartsretninga då logglina, som hadde knutar (knop) med fast avstand, gjekk ut. Denne innretninga vart kalla hand-logg eller flyndre-logg, og logglina hadde knutar med 14,4 meters avstand. 

For å måle tida brukte ein eit timeglass der sanden rann ut på 28 sekundar. Når glasset var tomt, telte ein antal knutar som hadde gått ut. Ein fekk såleis eit mål for skipet sin fart f.eks. 5 knop. 
1 knop er altså 14,4 meter på 28 sekundar, dvs. at 1851 meter er 1 nautisk mil i timen. 

Seinare kom patent-logg eller slepe-logg som består av ein propell som vert slepa etter skipet og roterar i samsvar med den farten skipet har. Rotasjonen vert her overført via logglina til eit teljeverk, der ein kan lese av seglingsdistansen. 

Elektrisk logg består av to konsentriske rør som er fastskrudd i ein botnventil på skipet. På grunn av farten på skipet vert vatn pressa opp gjennom det innerste røret og driv ein propell - før det går gjennom det ytre røret som har opning akterover. Propellen driv ein kontaktinnretning som sluttar ein elektrisk straum ein gong for kvar omdreining. Straumstøta driv så eit teljeverk. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal