Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Skipsfart
 

 

 
Shetlandsbussane
Forfatter: Bjørn West Museet
Publiseringsdato: 09.07.2004

Shetlandsbussane "Hitra", "Hessa" og "Vigra" gjorde til saman 115 turar frå Scalloway på Shetland - og traffikerte på norskekysten mellom Hådyret ved Egersund til Måsøy i Nordland frå hausten 1943 og fram til krigen slutta. 

Shetlandsgjengen var namnet på fiskarar og sjøfolk som frå sommaren 1940 - og på oppdrag frå britane (SOE og SIS), gjekk med agentar og utstyr frå Shetland til norskekysten. På tilbaketuren hadde dei som regel med seg flyktningar, eller folk som vart kalla til England av styresmaktene. 

Sommaren 1942 kom Shetlandsgjengen under norsk leiing med navnet Norwegian Independent Naval Unit, og dei disponerte 14 fiskefartøy. I det lange løp var fiskeskøytene ueigna til denne farten, og i sesongen 1942-43 var det mange forlis og tap av menneskeliv. 

Hausten 1943 vart difor fiskefartøya bytta ut med heilt moderne amerikanske ubåtjagarar. Då kom "Hitra" og "Hessa" og fekk Ingvald Eidsheim og Petter Salen som sjefar, medan Leif Larsen vart sjef for "Vigra", som kom i januar 1944. 

Ubåtjagarane hadde ein marsjfart på 16 knop (20 knop over kortare strekninger), eit mannskap på 24, og var utstyrt med 
mange moderne hjelpemiddel, m.a. kanon framme og bak, på kvar side bak brua, og i tillegg eit Colt maskingevær på kvar bruvenge. 

"Hitra" gjekk den første turen frå Shetland til Skorpen ved Stad 17. november 1943, og "Hessa" til Sotra 13. desember 1943. "Vigra" gjekk sin første tur 17. januar 1944 til Lånan i Vega kommune på Helgelandskysten. 

Dei tre ubåtjagarane, Shetlandsbussane som dei vart kalla, gjorde til saman 115 turar fram til krigen slutta. "Hessa" gjorde 29 turar, "Vigra" 41 og "Hitra 45 turar. Dei traffikerte mellom Hådyret ved Egersund til Måsøy i Nordland. 

14. mai 1945 gjekk ubåtjagarene sin siste tur frå Scalloway, Shetland. Dagen etter kom "Vigra" og "Hitra" til Bergen. "Hessa" kom til Ålesund same dagen. 

Nedanfor er ei oversikt over turane til Hordaland og Sogn og Fjordane. 

Sotra - 13.12.1944 

Hovden i Nordfjord - 09.03.1944 - 16.03.1944 - 18.08.1944 - 18.09.1944 - 26.11.1944 

Skorpen i Sognesjøen - 07.04.1944 

Skorpen ved Stad - 11.04.1944 - 01.05.1944 

Dombevåg i Solund - 16.04.1944 - 18.04.1944 

Gangsøy i Nordfjord - 07.09.1944 

Klufti i Fensfjorden - 01.10.1944 

Follesvåg i Korsfjorden - 20.11.1944 

Torkildsvåg på Bømlo - 12.02.1945 - 27.03.1945 

Årøy i Fensfjorden - 21.02.1945 - 14.03.1945 

Kjelnesvika i Nordfjord - 04.03.1945 

Slottet i Sunnhordland - 08.03.1945 

Nautøy på Bømlo - 05.04.1945 

Storsund i Solund - 23.04.1945 

Batalden i Sunnfjord - 24.03.1944 - 27.03.1944 

Bømlo i Sunnhordland - 31.03.1944 

Torkildsvåg på Bømlo - 12.04.1944 - 16.04.1944 - 06.01.1945 

Stavenes i Sunnfjord - 18.08.1944 

Gangsøy i Nordfjord - 07.09.1944 

Drønen i Austevoll - 18.09.1944 

Horgo i Austevoll - 21.09.1944 - 08.11.1944 

Steinsøy i Nordhordland - 06.10.1944 

Dombevåg i Solund - 14.10.1944 

Sløvåg i Gulen - 21.10.1944 - 23.12.1944 - 18.01.1945 

Terneskjær i Sunnhordland - 03.11.1944 

Leirvåg i Nordhordland - 08.12.1944 

Føllesvåg i Austevoll - 15.01.1945 

Hernar i Øygarden - 24.01.1945 

Kjelnesvika i Nordfjord - 01.02.1945 

Røytingen i Gulen - 12.02.1945 

Årøy i Austrheim - 21.02.1945 - 14.03.1945 

Kvalosen i Øygarden - 24.03.1945 

Nautøy i Sunnhordland - 05.04.1945 

Storsund i Solund - 14.04.1945 - 04.05.1945 

Stadlandet - 24.04.1945 

Stavenes i Sunnfjord - 22.08.1944 - 14.03.1945 

Gåsvær i Solund - 21.11.1944 

Mjømna i Gulen - 15.10.1944 

Klufti i Fensfjorden - 05.02.1945 

Staksvåg i Øygarden - 06.12.1944 

Kvalosen i Øygarden - 14.04.1945 

Langøy på Sotra - 21.02.1945 - 10.03.1945 - 04.05.1945 - 09.05.1945 

Bergen - 14.05.1945 

Drønen i Austevoll - 26.02.1944 

Føllesvåg i Austevoll - 11.10.1944 - 23.12.1944 

Torkildsvåg på Bømlo - 08.11.1944 - 06.01.1945 

Melingsvåg på Bømlo - 23.02.1944 - 17.08.1944 

Slottet i Sunnhordland - 25.04.1945 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal