Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Skipsfart
 

  

 
Anker - frå stein til jern
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 04.02.2004

Dei første ankera som historia kjenner til, var steinar som var festa i eit tau til båtane. Kinesiske og egyptiske fartøy brukte slike anker omkring 3000 år f. Kr. 

Etterkvart kopierte grekarane og romerane desse ankera, men utviklinga gjekk vidare. Etterkvart kom metallankeret med berre ein arm. Denne typen er kjent frå omkring 600 f. Kr. 

Ein må heilt fram til 1700-talet før ein finn smijern i ankera, og på denne tida var det vanleg at dei hadde ei bueform. Omkring 1770 blei det heilt slutt på anker med ankerstokk av tre, desse blei no også laga av jern. 

I 1821 konstruerte engelskmannen Hawkins eit anker utan ankerstokk. Armane var slik montert at dei automatisk greip tak samtidig i botnen. Denne typen blei vidareutvikla mellom 1872 og 1877 av engelskmennene C. og A. Martin, S. Baxter og W.Q. Byers. 

CQR-ankeret, eller plogankeret, som engelskmannen G.I. Taylor tok patent på i 1933, har ein uvanleg konstruksjon. I enden på ankerfoten sit det eit dobbelt plogskjær, som har ei nesten dobbel så god festeevne som vanlege anker. 

I dag er desse ankertypane vanlige ; dregg, Halls anker (stokkanker) og patentanker. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal