Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Shetland

 
 

    
Shetland - eit forblåst paradis
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 15.03.2005

Shetland, britisk øygruppe nordvest for Orknøyene og Skottland, består av ca. 100 større og mindre øyar. Størst er Mainland med hovudstaden Lerwick og fiskarhamna Scalloway. 

Andre store øyar er Yell og Unst nord for Mainland, og ute i havet i sør ligg Fair Isle med fugleobservatorium. 

Klimaet er mildt og fuktigt, med mykje vind. Vegetasjonen består for det meste av lyngheier. Vakker natur, med høge fjellskråningar, fuglefjell og djupe bukter. Oljeindustri, fiske, husdyrhald og ullproduksjon er dei viktigaste næringsvegane. 

HISTORIE 
Gravfunn og hustufter vitnar om fast norsk busetnad frå ca. 800. Shetland vart seinare ein del av Orknøy-jarlane sitt rike, men var ein del av Gulatinget sitt lagdømme. I 1152 / 53 vart Shetland eit eige bispedømme under erkebispestolen i Nidaros, og med Orknøy-jarlen si støtte vart Shetland i 1195 lagt direkte under Norge. 

I seinmiddelalderen var det skotske adelsmenn som styrte øyane - inntil Christian 1 i 1468, utan det norske riksrådets samtykke, pantsette både Shetland og Orknøyane som sikkerheit for dottera si medgift i ekteskapet hennar med skottekongen. 

SHETLANDSGJENGEN, norsk marineavdeling under den 2. verdskrig, gjennomførte over 200 tokt mellom Shetland og Norge på mindre fartøy, skøyter, motortorpedobåtar og dei tre ubåtjagarane Hessa, Hitra og Vigra. Dei utførte ei rekkje hemmelege oppdrag, og frakta bl.a. folk frå Linge-kompaniet, flyktningar, militærutstyr og etterretningsfolk. Mange av turane hadde som mål å bygge opp Bjørn West-avdelinga i Masfjordfjella med både folk og utstyr. 
Shetlandsgjengen fekk mot slutten av krigen namnet Norwegian Naval Special Unit (NNSU) 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal