Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Oppfinningar
 

   

 
Gallup (04.06.08)
Forfatter: Scandion

Gallup vert brukt som nemning for undersøking av folkeopinionen etter eit system som vart utarbeida i 1933 av amerikanaren George H. Gallup (1902-84). Framgangsmåten er at det vert stilt ei rekkje spørsmål etter eit bestemt skjema.

Med bakgrunn i eit studium av befolkningsstatistikken vert det plukka ut eit tal personar som representerer ulike samfunnslag og grupper. Desse får stilt dei same spørsmåla - og svara gir ein god peikepinn på folkemeininga.

Metoden slo i gjennom i 1936, då Gallup temmeleg nøyaktig kunne spå utfallet av det amerikanske presidentvalet. Prestisjen til det amerikanske Gallup-instituttet fekk derimot ein knekk, då det spådde heilt gale i 1948 ved Trumans attval som president. Instituttet tok etter det opp sine metodar til ny prøving.

Gallup-metoden vert også brukt til marknadsanalyser, slik at veksemder f.eks. kan få undersøkt behovet for varene dei produserer. Gallup-metoden vert brukt i ei rekkje land til ulike føremål. I Noreg brukar ein som kjent metoden før stortingsval.

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal