Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Oppfinningar
 

   

 
Den første blodtrykksmålinga
Forfattar: Scandion
 05.06.08

Den engelske presten Stephen Hales måtte opp på ein skammel for å måle hesten sitt blodtrykk i eit glasrøyr. Dette forsøket for 250 år sidan er grunnlaget for all blodtrykksmåling i dag.

Utstyrt med eit langt glassrøyr, ein messingkanyle og luftrøyret frå ei gås gjorde den engelske presten Stephen Hales verdas første blodtrykksforsøk for 250 år sidan. Oppdagelsen er blitt brukt som den lettaste og mest verdifulle undersøkinga ein lege i dag kan gjere. Prinsippet er framleis det same, sjølv om ein heilt ny teknikk har gjort målingane endå betre.

Hales var svært natur- og dyreinteressert, og saman med drengen på prestegarden gjorde han forsøket på ein gammal hest som skulle avlivast. Kanylen vart ført inn i eit stort blodkar - ein arterie - som førte blodet frå hjerta opp i hjernen, og blodet steig raskt opp i det høge røyret. Presten og drenge kunne sjå korleis blodsøyla steig og sank. Den største høgda kom då hjertet trekte seg saman, og den lågaste kom då hjertet kvilte.

Hales og drengen hadde målt blodtrykket for første gong i verdshistoria, og målinga synte at vi har to blodtrykk.
Maksimaltrykket som er kalla det systoliske, og det lågaste trykket som er kalla det diastoliske.

I dag vert blodtrykket målt ved hjelp av ein mansjett, kalla indirekte blodtrykksmåling. Denne måten å måle blodtrykket på vart oppfunnen av Riva-Rocci i 1896, og den er nøyaktig den same i dag.

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal