Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Natur
 

    

 
Jettegryter
Forfatter: Scandion
01.07.08

Eit særmerkt fenomen vi kan støyte på i naturen er jettegryter - hol som har form som gryter rett ned i fjellet. Ikkje rart at dei i folkefantasien er kokekar for overmenneskelege vesen.

Jettegryter er runde eller lange fordjupingar i fast fjell og vi finn dei helst i stryk og fossar, eller under uttørka fossar. Når dei ligg oppe på runde fjellet, må dei være danna i istida av fossar som har kasta seg ned gjennom isen og sett steinar i hvirvlande rørsle. Saman med vatnet har steinane svarva eller hola ut fordjupingane.

Jettegryter finn ein i alle storleikar frå ganske små til store - som er fleire meter i diameter og 10-20 meter djupe. Innvendig har jettegrytene ofte riller i skrueform, og i botnen kan ein finne trill runde steinar.

Nord-Europas største jettegryter, som har fått namnet "Helvete", finn ein i Espedalen i Gausdal, nordvest for Lillehammer. Den største gryta er 40 meter høg og 20 meter i diameter.

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal