Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Landbruk
 

 

   
Ferguson TE20 - Gråtass
Tekst og foto: wikipedia
Publiseringsdato: 19.05.2006

TE20, også kalla Gråtass, er ein traktor frå britiske Ferguson som kom på marknaden like etter andre verdskrig. Det var Henry Ferguson som skapte TE20, som hadde 20 hestekrefter. 

Det som var revolusjonerande var Ferguson-systemet eller trepunktssystemet. Dette gjorde at reidskap kunne lyftast opp og ned ved hjelp av hydraulikk. Dei eldre traktorane var som hesten, dei fungerte berre som drivkraft, og utstyr måte setjast på og dragast i same høgde under heile arbeidsoperasjonen. Dette vart det slutt på med trepunktssystemet. 
 
 

Gråtassen vart ein slags folketraktor over heile verda. Den var enkel og billeg i drift, den effektiviserte landbruket og den var liten og trengte ikkje mykje plass. Totalt vart det laga over 500 000 stykker. 

Dei første traktorane kom i 1948, desse hadde bensinmotorar og 6 volts elektrisk anlegg. Etter kvart kom dieselmotorane og 12 V. Produksjonen stansa i slutten av 1950-åra då nyare modellar tok over. 

Desse gamle traktorane hadde også ulemper, kanskje den største og mest farlege var at dei velta veldig lett. 

Mange skada seg på dette, spesielt i Noreg der det er mange bakkar og skråningar. 

Fordsons Dextra og Major vart konkurrentar til Gråtassen. 

I nyare tid har Fantasifabrikken A/S blåst liv i den gamle slitaren igjennom barne-TV, filmar og anna. 

Modellar og produksjonsår.

TE-20 Continental Z-120 bensinmotor (1946-1948) 
TEA-20 Standard Motor Company bensinmotor (1947-1956) 
TEB-20 Continental Z-120 bensinmotor, smal sporvidde (1946-1948) 
TEC-20 Standard bensin, smal (1948-1956) 
TED-20 parafinmotor (1949-1956) 
TEE-20 parafinmotor, smal (1949-1956) 
TEF-20 diesel (1951-1956) 
TEH-20 parafinmotor (1950-1956) 
TEJ-20 parafinmotor, smal (1950-1956) 
TEK-20 bensinmotor, for vingårder (1952-1956) 
TEL-20 parafinmotor, for vingårder (1952-1956) 
TEM-20 parafinmotor, for vingårder (1952-1956) 
TEP-20 bensinmotor, industritraktor (1952-1956) 
TER-20 parafinmotor, industritraktor (1952-1956) 
TES-20 parafinmotor, industritraktor (1952-1956) 
TET-20 dieselmotor, industritraktor (1952-1956) 

Massey Ferguson (MF) er eit kanadisk selskap som produserer traktorar, skurtreskarar, traktorgravarar og andre landbruksreidskap. 

Massey Ferguson var tidlegere to ulike traktormerker. Massey Harris var eit kanadisk merke som slo seg saman med Ferguson frå Irland i 1953. Massey Ferguson inngår i dag i Agco-konsernet. 

Artikkelen er henta frå wikipedia.org - det frie oppslagsverket. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal