Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Kyrkjer
 

   

 
Vest-Norske tømmerkyrkjer frå 1600 talet

Hestad kapell
(Gaular)
Forfatter: Arne Høyland
Publiseringsdato: 31.05.2006


Hestad kapell ligg ved Viksdalsvatnet i Gaular. Kyrkja vart bygd i 1805 men har ein del til felles med dei Vest-Norske 1600- tals kyrkjene. Noko av materialane i kyrkja skal skriva seg frå den gamle stavkyrkja på staden. Hestad kapell er svært lite endra sidan ho var ny. Foto: Arne Høyland. 


Døra inntil koren er frå den gamle stavkyrkja. Foto: Arne Høyland. 


Fine jarnbeslag på den gamle stavkyrkjedøra. Foto: Arne Høyland. 


Innvendig er mest heile kyrkja trekvit, berre preikestolen og altertavla er måla. Kyrkjebenkane står mot einan, rygg mot rygg. Utskjeringane ved alterringen og korveggen har mykje til felles med dekoren i dei gamle trekyrkjene på Færøyane. (”Kirkjurnar i Føroyum” ved J.P.Gregoriussen 1995). Foto: Arne Høyland. 


Koren med alteret, alterring og altertavle. Foto: Arne Høyland. 


Heilt bak i skipet på mannfolksida, står ein spesiell benk med dør og ein stolvang frå mellomalderen med ormedekor. Foto: Arne Høyland. 


Stolvang med ormeornamentikk. Foto: Arne Høyland. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal