Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Jernbanehistorie
 

   

     
Vossebana
Forfatter: Leidulv Hundvin
Publiseringsdato: 07.01.2008

I 1883 vart Vossebana offisielt opna. Ingen tvil om at bana har hatt mykje å seia for framvoksteren i det distriktet ho fekk å trafikkera. Vi kan i fleng nemna Trengereid, Vaksdal, Dale og Voss, så får vi ei lita aning om det. 

Men elles treng vi ikkje gå så langt heller. Vi har både Hop, Nesttun, Espeland og Indre Arna. Dei fyrstnemnde av desse stadane fall rett nok bort då Ulrikstunnelen vart opna,og bana slapp omvegen gjennom Heldalen. 

Langs banelina voks fabrikkar og verksemder opp, den eine etter den andre. Dessutan var mange av dei tilsette frå bygder som jernbana gjekk gjennom. 

Vossebana var i årtier vegen ut til lærdom og vidare utdanning for mange vestlendingar. Fyrst kom Voss Folkehøgskule, med den landskjende styraren Lars Eskeland. Og i 1916 tok Voss offentlege landsgymnas til, som ei frukt av det arbeidet Noregs Ungdomslag og Noregs Mållag dreiv for å gje landsungdom opplæringa si på nynorsk. 

Om det ikkje var flust med landsungdomar som fekk noko vidare utdanning før fram mot 50-åra, hamna dei fleste av dei som fekk det frå vår del av landet, på Voss. Difor skaper namnet Voss for mange kjære minner, sjølv om læreåra der kunne vera både harde og pengelause. Og for dei som ikkje fekk gå der, skaper namnet age og vyrnad. Der låg lærdomssætet som dei stunda etter, men som dei ikkje nådde. 

Vossingane sjølv står for oss som det heilnorske, som urkraft i norskdomen. Med sitt klangfulle mål - og ikkje minst vyrnaden dei har for det - skaper dei age kring seg kvar dei ferdast. 

Dessutan har Bergensbana, som er ei forlengjing av Vossebana, vore vegen vår til hovudstaden. I dei seinare åra har nok flyet kome inn i biletet, og etter at alle med vyrnad for seg sjølv fekk det så travelt, har ein ikkje lenger tid til å reisa med jernbanen. Du og du for tilstander vi har fått. 

Visst har dei fleste av oss tid, og nytte av ei slik reis óg. Jamen er det godt å setja seg på morgon- eller ettermiddagsekspressen og nyta turen. Sitja å sjå på fjord, fjell og dalar med skumande elvar og fossestup, på blenkjande snøjøklar og raudnande fjellvidder i låg og klår haustsol. Eller snøkledde vidder vinters dag som kan liggja bada i sol, men og vera forblåsne og fårlege i uver og storm. 

Og når vi ser ut over alt dette - eit stykke av det vakre landet vårt - må vi berre seia med diktarpresten Anders Hovden: 
Fagert er landet du oss gav, 
Herre vår Gud og vår Fader! 

Vi må gjerne av og til lukka auga att, for inntrykka vert for store. Vi maktar ikkje å fordøya alt vi ser. Det fyller oss med den store tanken at alt dette er vårt. Det er mitt ferdeland! Du kva vi har å takka for. 

No var det Vossebana vi skulle skrive om, så vi får halda oss til henne. Før ho kom, var nok bygdene mellom fjorden og Voss heller isolerte, så vi trur ikkje at folket der reiste til byen utrengsmål. Vi for vår del kan ikkje utan ei viss stoltheit dra til minnes at ein av dei varmaste talsmennene for å få Vossebana bygd, var han som i si tid sette den fyrste dampbåten i rute på fjordane våre. 

Mannen heitte Peter Jebsen, og han var ein av dei tre Jebsen-brørne som kom hit til landet i midten av 1800-talet. 

Peter Jebsen var fødd i Slesvig i 1824, og som 19 åring kom han til Bergen i 1843. Brørne hans heitte Johan og Jürg, og dei skulle heller ikkje vera ukjende i byen og i distriktet si soge. 

Peter Jebsen arbeidde fyrst i manufakturbransjen hjå Adam J. Müller, men godt og vel eit år etter at han kom hit kjøpte han rettane til Blindheimselva,og i 1846 sette han i gang med ullvarefabrikk og spinneri i Arna. Han utvida fabrikken til veveri, så før 20 år var gått hadde verksemda omlag 500 kvinner og menn i arbeid. 

Dei fyrste åra vart råvarene og dei ferdige produkta rodde og sigla mellom Arna og Bergen, men det kunne i lengda ikkje gå. Difor kjøpte dei i 1864 ein dampbåt som dei kalla «Arne», og han vart sett i rute mellom Bergen, Arna og stoppestadene i Sørfjorden. Denne båten var det som i 1866 tok dei fyrste rutene til Lindås og Masfjorden, til å byrja med ein gong i veka, seinare to. Elles var det berre Nordre Bergenhus Amt sine båtar som gjekk nordover i fjordane til Sogn, Sunnfjord og 
Nordfjord, og på si reis la turen innom Alverstraumen, Lygra og Kjelstraumen. 

Johan Jebsen, ein av dei tre brørne, var med å skipa Indre Nordhordland Dampskibsselskab i 1891, og var styreformann der frå 1893 til 97. Han fekk og den fyrste båten dette selskapet bygde, oppattkalla etter seg. 

Peter Jebsen derimot, flytte snart inn til Bergen og vart m.a. skipsreiar og konsul. Han kom tidleg med i det politiske livet, og vart to gonger vald til stortingsmann for Søndre Bergenhus Amt - fyrste gongen i 1874. 

Tre år før - i 1871 - kunne bergensarane lesa ein annonym artikkel i «bergensposten» under tittelen: «Jernbane mellem Bergen og Kristiania». 

Forfattaren av denne artikkelen var forstmeister Hans T. G. Gløersen, busett på Voss. Han var alt på denne tid ein ivrig talsmann for jernbaner og vegbygging, og artikkelen fengde. Det må han vel, for der står det m.a.: 
«Bergen har jo en udmærket Beliggenhed på den skandinaviske Halvøs yderste Vestkyst, og har en Havn, der saa at sige aldrig tilfryser. Skulde ikke Bergen kunde blive det samme for de forenede Riger som Liverpool er for Storbritannien, en Hovedstation og Stapelplads især for al vestlig Trafik?» 

Men bygging av Bergensbana var det for tidleg å tenkja på. Derimot melde tanken seg om bane til Voss, i alle høve i fyrste omgang. Og så er det at stortingsmann Peter Jebsen vert ein varm talsmann for Vossebana, og som nyvald tingmann sa han m.a. i Stortinget sitt jarnbaneordskifte når dei drøfta bygging av denne bana: 
«Ved bedømmelsen om Anlæg af Jernbane i disse Distrikter maa man erindre disse Tusener, som i Storm og Slud og Regn gaar med sine Melkebøtter og andre Varer paa Ryggen, eller fører dem paa Kløv eller Kjærre». 

Han stridde drabeleg for Vossebana, og vi tykkjer vi ser han - framandarbeidaren, som han truleg ville vorte kalla i dag - kor han tala småfolket og bøndene si sak. Sjølvsagt såg han også framtida for industri og verksemder der bana ville gå, men her tala han til kjenslene hjå bøndene og dei andre stortingsmennene som gjerne stridde for same saka på andre stader i landet. 
Han må også ha vore litt av ein politisk hestehandlar, slik vi ofte kjenner politikarar i dag, for han allierte seg med dei som ville byggja Jarlsbergbana. Og på ei eller anna forunderleg vis gjekk det igjennom, slik at Vossebana kunne verta røyndom. 

På rundt sju år vart heile bana bygd mellom Bergen og Voss. Ikkje mindre enn 51 tunnellar fekk ho, og samtlege var bora og slegne med handekraft. Rett nok var bana dei fyrste 25 åra smalspora, men dei var just ikkje «smalspora» dei som stridde ho fram. 

Vossebana kosta ferdigbygd omlag 10 mill. kroner. Den gongen var dette ein uhorveleg stor sum, som gjorde at andre løyvingar måtte koma i bakgrunnen i lange tider. 

Ein kan gjerne kalla Peter Jebsen far til både Vossebana og fjordabåten i Nordhordland. Han viste også kva det ville seia å vera far i det private livet også. I fylgje Norsk Alkunnebok hadde han ikkje mindre enn 24 born, rett nok med to koner. Men likevel. Berre det var eit fullt mannsverk, om han aldri hadde greidd å få bygd Vossebana. 

Til slutt kan ein nemna at forstmeister Gløersen sin plan om bygging av Bergensbana også vert sett ut i livet, men fyrst fleire år etterpå. Ho måtte vente til det nye århundre hadde runne, og vart opna i november månad 1909. Då denne opninga fann stad, hadde også Vossebana vorten ombygd til breispora drift. 

------------------------------------------------
Artikkelen er henta frå BNR-nytt oktober 1978 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal