Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Jernbanehistorie
 

   

    
Verdas første jernbane
Tekst: Scandion
Publiseringsdato: 11.06.2003

Verdas første verkelege jernbane, the Stockton and Darlington Railway , vart opna i England 27. september 1825. Det var den 40 km lange strekninga mellom gruvebyen Stockton og industribyen Darlington. 

34 fullasta vogner, med ei samla vekt på 90 tonn, tordna bortover skinnegangen med ein fart på opptil 24 km i timen, trekt av George Stephensons dampvogn med det stolte namnet "Locomotion No. 1. 



Lokomotivet "Caroline", som vart bygd i England i 1862, hadde eit vellukka "come-back" i 1954, 
då jernbanene i Noreg feira sitt 100-års jubileum. 

Dei fleste beretningar om jernbana fortel at mange ryttarar hadde møtt fram for å kappri med toget, men dei måtte gi opp å halde følgje, trass i at dei slo over i galopp. 

Så starta tida der dei fryktsomme- og bakstrevarane starta sin kampanje mot dette nye, farlege fartsvidunder. Naturens fred og ro ville bli borte, buskapen ville stryke med på grunn av den giftige røyken, og avlingane bli øydelagde. Bayerns overmedisinalkollegium advarte regjeringa mot alle planar om å byggje jernbaner, fordi "reise med dampvogn kan framkalle hjernesykdommer hos de reisende likså vel som hos tilskuerne; for å beskytte i ethvert fall disse siste bør alle baner omgis med et høyt plankegjerde". 

I Shildon er huset og verkstaden til Timothy Hackworth, jernbana sin sjefsingeniør, bevart som eit jernbanemuseum frå dronning Viktorias tid. 

Tanken på å lette transporten ved hjelp av planerte baner og spor er gammal. Egyptarane brukte jevne steinbaner fleire tusen år før vår tidsrekning, og grekarane og romerane utstyrte ofte sine baner av stein med innhogde spor for hjula. I malm- og kolgruvene i Mellom-Europa vart det alt i mellomalderen nytta treskinner og firehjulsvogner som vart trekt av hestar, og tidleg på 1800-talet konstruerte Richard Trevithick ei dampvogn som vart prøvd på ei gruvebane i Wales, men skinnegangen klarte ikkje påkjenningane av den tunge maskina. 
............................................................................ 
Litt.: G. Wallén : De första ånglokon (1952) 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal