Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
M?re og Romsdal
Leksikon
Industrihistorie
 

   

   
Industrien forandra verda
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 04.12.2003

I løpet av dei siste 150 åra har industri og maskiner forandra verda. Kvardagen er heilt forskjellig frå det den var, eller frå det den kunne vore om utviklinga hadde tatt eit anna spor. 

Industrien har gjort det fullstendig av med den gamle naturalhusholdninga, lagt om handverket, i ulik grad også mange andre næringsgreiner. Først og fremst handel og varebyte, men også jordbruk og fiske. 

Samtidig har industrien skapt mange nye næringsvegar, og spelar i dag ein heilt dominerande rolle for vår livsførsel. Industrien har gjort livets tempo uendeleg mykje raskare i alle land. Vi kan berre minne om bilen, kinoen, kringkasting - og ein heilt nødvendig tilgang på elektrisk kraft. Vidare dataalderen og den moderne presse som er industriprodukt som forandrar vår kvardag i stadig raskare tempo. 

Industrien, i moderne betydning av ordet, har på ein måte forårsaka det mest avgjerande brot mellom menneske og naturen. På andre måtar har den ført menneska tilbake til naturen - som tidlegare generasjonar ikkje kunne tenkje seg. 

Den første industrielle revolusjon gjorde arbeidarar til mekaniserte slavar av maskinene. Den andre revolusjonen gjekk i motsett retning, med stadig auka krav til arbeidarane sine menneskelege eigenskapar, karakter, intelligens, evne til samarbeid og faglege kvalifikasjonar. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredakt?r: Magne Opdal