Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Industrihistorie
 

    

   
Starten på norsk industri
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 04.12.2003

Den første statistikken over industrien i Norge er frå 1829. Det året var det 4090 industrielle anlegg i landet, men ein heil del av desse ville ikkje kallast det i våre dagar. 

3400 var forholdsvis små sagbruk, dernest kom 172 brenneri, 163 teglverk, 81 stampemøller (til behandling av ulltøy), 80 tobakksfabrikkar, 42 kalkbrenneri, 37 reipslageri og 29 kornmøller. 

Går ein vel hundre år fram i tida - til 1946, er antal bedrifter 5532. Men statistikken tar berre med bedrifter som har over 12000 timeverk i året. Visse grupper er heller ikkje med, slike som glass-sliperi, sand- og grustak, meieri, ysteri o.l. Om alt vart rekna med, ville nok talet av bedrifter vore mellom 30 000 og 40 000. 

Dei første fabrikkar med preg av den første industrielle revolusjon var bomullsspinneria i Halden og Drammen. Dei vart starta i 1813 og 1818. Det var først i 1840-åra at tekstilindustrien tok til å skyte vekst, samtidig som mange ullvarefabrikkar kom i gang. 

Dei første verkelege mekaniske verkstadane fekk vi først i 1840-åra. Treforedlingsindustrien, tremasse-, cellulose- og papirfabrikkar, kom i gang i 1870-åra - og den første margarinfabrikken blei starta i 1876. 

I 1880-åra kom så fiskehermetikkindustrien til, og dei første sementfabrikkane starta opp i omkring 1890. 

Ved århundreskiftet kom så endeleg den elektrokjemiske storindustri. Norsk Hydro blei starta i 1905, aluminiumsindustrien i 1906 og den moderne nikkelproduksjon i 1912. 
...............................................................................
Kjelde: Famileboka (1950) Industrien i Norge 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal