Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Historie
 

   

 
Arkeologi - fortidas største arkiv
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 25.10.2003

Å utforske fortida har til alle tider vore interessant for menneska. Arkeologi er historia om korleis menneska har levd, fortalt av dei gjenstandane dei har etterlate seg. 

Nesten overalt på jorda kan ein finne spor av fortida - sjølv i utilgjengelege fjelltrakter, jungel og ørken, ja til og med på havbotn. 

Det som er bevart frå over ei halv million år av menneska sitt liv, har eit utruleg mangfald. Flintstykke og restar av dyreknoklar på ein buplass der steinalderfolk held til, er like viktig for kunnskapen om menneska si historie som greske tempel eller egyptiske gravskattar. 

Arkeologen er ikkje på jakt etter det luksuriøse og kostbare, men etter det vanlige og kvardagslege som viser korleis menneska levde. 

Bit for bit føyer arkeologen saman brotstykker frå historia sitt veldige arkiv, og gir oss dermed levande kunnskap om det som ein gong var - for lenge, lenge sidan. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal