Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Historie
 

   

 
Den store brennevinsflaumen
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 12.12.2004

Då vi i 1814 fekk grunnlova vår, var det slik at berre byborgarane hadde lov til å brenna og selja brennevin. I 1816 vedtok difor Stortinget at alle som bruka jord, óg kunne få lov til å brenna til husbruk. 

Grunnen til dette var at ein ville få fart på jordbruket - og bøndene ville få god avsetnad på korn. 

Dei som stod for dette vedtaket såg vel ikkje heilt for seg kva det kunne føre til. Snart vart det ei brenning og turing som Noreg aldri hadde sett maken til. Tusenvis av brennevinskjelar stod og osa utover heile landet. Historia fortel at når folk tok seg teneste, fekk dei med i kontrakta at dei skulle ha så og så mange drammar om dagen. 

Etterkvart som åra gjekk, fekk mange augene opp for at dette bar gale i veg. Brennevinet øydela folket, og landet fekk også mange fleire straff-fangar. 

Ole Gabriel Ueland var klokkar og lensmann, og møtte som tingmann frå Rogaland frå 1833 til 1869. Ueland var ein mann som fleire av bondetingmennene frå Sør- og Vestlandet kunne samlast om. Saman arbeidde dei for forbod mot heimebrenning, og fråhaldsarbeidet hadde god støtte ikring Stavanger. 

I 1845 kom det så endeleg ei ny lov som gjorde ende på heimebrenninga og regulerte betre salet av brennevin. 

Karl Johan, som vart konge i 1818 då Karl 13. døydde, likte hverken brennevin eller tobakk. Mellom storfolk vart det óg ei motesak å vera varsam med brennevinsdrikking. Prestane gjekk føre, og det gjekk ikkje lenge før folket tok etter. 

Etter kvart tok drikkinga ei ny vending. I staden for brennevinsflaska kom kaffikoppen på bordet. I 1835 kjøpte kvar innbyggjar i gjennomsnitt 0,9 kg kaffi. I 1855 hadde det auka til 3,5 kg . Den store kaffidrikkinga var heller ikkje bra, men dei fleste var samde om at dette bytet likevel var ei stor vinning for folket. 
............................................................ 
Kjelde: Folket vårt - 1950 (Bernhard Stokke) 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal