Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Hav
 

   

 
Atlanterhavet
Forfattar: Scandion
10.06.08

Ein kan godt forstå at våre forfedre i oldtida såg på Atlanterhavet som uendeleg stort. Og når dei attpåtil trudde at det var tilhaldsstad for fryktelege havuhyrer vart det endå meir avskrekkande.

Mange forskarar meinar at det alt i bronsealderen må ha vore ein del «trafikk» over dette veldige havet, men vikingane sine ferder til Vinland er dei første historiske Atlanterhavs-kryssingar vi kjenner til.

Historia fortel at Columbus var den første som eigentleg utforska Atlanterhavet. På sine fire reiser til Amerika 1492-1504 tok han ulike ruter for å kunne utnytte vindane. Seinare, i 1497-98, oppdaga Kohn Cabots Newfoundland-bankane.

Fram til i dag har menneska og teknikken lagt Atlanterhavet under seg som den breie handelsveg - og fått havet til å skrumpe saman til ein liten «dam» i forhold til det dei første oppdagarane hadde å stri med..

Frå nord til sør er Atlanterhavet omgitt av folkerike kystar. Naturleg nok har difor Atlanterhavet - samanlikna med dei andre hava - fått den største betydning, trafikkmessig og handelsmessig. Men når det gjeld størrelsen, kjem det på andreplass, berre halvparten så stort som Stillehavet. Om vi reknar polarhava i nord og sør med, er Atlanterhavet sin utstrekning frå nord til sør om lag 21 000 km.

Atlanterhavet har, saman med bihava: Polhava, Norskehavet, Det karibiske hav, Mexicogolfen, Hudson bay, St. Lawrencegolfen, Engelske kanal, Irskesjøen, Nordsjøen, Østersjøen og Middelhavet, eit arial på ca. 106.450.000 km² - som er 10 gonger så mykje som heile Europa. Dette tilsvarar ca. 20 % av jordas overflate. Gangar ein dette arialet med gjennomsnittleg djupne (3332 meter) får ein eit rominnhald på ca. 354.700.000 km³.

Om ein ikkje reknar med bihava, har Atlanterhavet eit areal på ca. 82.362.000 km² - og med ei gjennomsnittleg djupne på 3.926 meter, skulle det bli eit rominnhald på 323.300.000 km³.

I gjennomsnitt er Atlanterhavet 3000-5000 meter djupt, men ved Antillane, i det såkalla Puerto Rico-djupet, har ein målt ei djupne på heile 9200 meter.

Dersom vi på ein eller annan måte kunne tappe ut alt vatnet, ville vi sjå ei uendeleg bølga slette som, her og der, er broten av vulkanske toppar, fjellkjedar og høgdeplatå.

Atlanterhavet vart til for ca. 55 millioner år sidan, då den midtatlantiske rygg tok til å opne seg. Ein stor S-forma fjellkjede strekkjer seg frå nord til sør og dannar den store «ryggraden» i det atlantiske botnlandskap. Dei ulike partia av denne rygen har ulike namn, ved Island heiter den «Reykjanesryggen», mellom Storbritannia og Nord-Amerika «Telegrafplatået» og sør for ekvator «Challengerryggen».

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal