Geografi, topografi og klima
 Forfattar: Scandion
 ( 07.07.2006)
 
 Sognefjorden med fjellet Lihesten i Hyllestad Kommune
i bakgrunnen. Foto: Scandion.  
Noreg har eit opprive og fjellrikt landskap. Kystlinja
på meir enn 25 000 kilometer er broten av steile fjordar og eit mangfald
av øyer og holmar. Noreg er òg kjent som midnattssolas land,
av di det ligg delvis nord for polarsirkelen. Her går sola ikkje
under horisonten ei tid om sommaren, og om vinteren er desse områda
utan sollys ei tilsvarende lang tid. 
 Heile lengda av Noreg følgjer Nordatlanteren. Tre
havområde utgjer kystlinja; Nordsjøen og avstikkaren Skagerrak
i sørvest og sør, Norskehavet i vest, og Barentshavet i nordaust.
Det høgste punktet i Noreg er Galdhøpiggen med sine 2469
meter. 
 Det norske klimaet er temperert, særleg langs kysten
som er påvirka av golfstraumen heilt nord til Barentshavet. Noreg
ligg i ei sone der polarfronten skaper ein vestleg luftstraum, og dette
dominerer ver og klima i stor grad. Klimaet i innlandet er noko kaldare
om vinteren, og i den nordligste delen herskar meir arktiske forhold. Kjelde:
Nynorsk
Wikipedia 
 Geografisk avgrensning 
 Nord: Knivskjelodden på Magerøy 71°
11´ 09¨ n.br. 
 Sør: Pysen i Mandal 57° 57´ 31¨
n.br. 
 Vest: Holmebåen ved Utvær i Solund 04°
29´ 57¨ ø.l. 
 Øst: Hornøya i Vardø 31° 10´
07¨ ø.l. 
 Landegrense, kystlinje m.m.
 Landegrense i alt : 2 542 km 
 Mot Sverige : 1 619 km 
 Mot Finland : 727 km 
 Mot Russland : 196 km 
 Avstand i rett linje Kinnarodden-Lindesnes : 1 752 km 
 Fastlandets totale kystlinje : 25 148 km 
 utan fjordar og bukter : 2 650 km 
 Øyanes kystlinje : 58 133 km 
 Landets største breidde : 430 km 
 Landets minste breidde : 6 km 
 Areal 
 Kongeriket Norge : 385 199 km2 
 Hovedlandet : 323 802 km2 
 Svalbard : 61 020 km2 
 Jan Mayen : 377 km2 
 Biland 
 Bouvetøya : 49 km2 
 Peter 1.s øy : 156 km2 
 Dronning Mauds land : 2 500 000 km2 
 Kjelde: Statistisk sentralbyrå.  |