Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Fjordabåtar
 

    

    
Osterøens Dampskibsselskab
Forfatter: Leidulv Hundvin
Publiseringsdato: 14.08.2004

Både i Sør- og Osterfjorden hadde dampbåtferdsla vakse seg seint og sikkert fram frå Johan Jebsen kjøpte den fyrste dampbåten sin - "Arne" - i 1864. Mange småselskap tevla om marknaden, og vi trur knapt at nokon av dei hausta særleg forteneste av trafikken. 

Folket der var vel ikkje stort annleis enn folk flest på den tid. Det var god hjelp på gardane, dei levde av naturhushald, og la ikkje ut ei krone dersom dei kunne unngå det. Trass dette ser vi at "Arne" fekk konkurranse av både "Voss" og "Fritjof", og ut i 1870-åra også av Jægerselskapet. 

Alle desse båtane gjekk meir av forretningsmessige grunnar enn å vera folket sine tenarar, og difor tok bygdefolket saka i si eiga hand. 


D/S "Osterø" 

På same tid som Lindås-Masfjorden Dampskibsselskab vart skipa i ytre Nordhordland, skipa bygdefolket langs Osterfjorden sitt eige selskap og kjøpte ein båt som dei gav namnet D/S "Osterø". Han vart sett inn i rute i 1880, og selskapet vart kalla Osterøens Dampskibsselskab. 

Harald Hagesæther skriv i boka om Indre Nordhordland Dampbåtlag "at med skipinga av dette selskapet hadde bygdefolket sjølv teke eit viktig steg i arbeidet for betre kommunikasjonar". 

D/S "Osterø" vart bygd ved Bergens Mekaniske Værksted i 1880. Båten var på 59 br. reg. tonn, og målte 74,8 fot. 
Dampmaskinen var på 18 NHP. Han vart seld i 1917, og fekk i 1918 namnet "Thor Magnus". Båten forliste ved Uthaug på Ørlandet i 1932. 

Vi ser at ferdsla auka etter kvart, og "Osterø" åleine greidde ikkje å stetta ruteområdet sine krav. Sørfjordingane, og dei som budde på den sida av øya, kjende seg forsømde og tok skeia i si eiga hand. I 1883 skipa dei sitt eige selskap og tinga ny båt i Sverige. Han vart bygd i Gøteborg og levert i 1884, og sett i rute same året. Denne båten var mykje større enn "Osterø", og Harald Hagesæther skriv dette nokså råkande: Gjæv båt skal ha gjævt namn, tenkte karane - og så kalla dei han like godt "Ole Bull". 


D/S "Ole Bull" 

D/S "Ole Bull" vart bygd ved Eriksbergs Mekaniske Verksted A/B, Gøteborg i 1883. 

Båten var på 72 br. reg. tonn, og målte 96,2 fot. Dampmaskinen var på 25 NPH. 
I 1919 vart båten seld, og i 1924 fekk han namnet "Ombofjord". 

Båten forliste ved Ombo i 1951, og vraket vart hogd opp to år etter. 

Desse to båtane utførde trafikken i indre luten av Nordhordland ut 1880-åra, og bygdefolket og skiparane hausta lærdom og røynsle av kvart sitt føretak. Ut av dette voks samarbeidstanken fram. Folket såg at to små einingar kunne verta betre ved å gå saman i eitt selskap. På ny siterer vi Hagesæther: 
"To selskap. Skipa av bygdefolket sjølv for å tena eit distrikt med to fjordarmar, men sams interesse. Tanken om samarbeid til sams bate låg attom skipinga av båe lag. Denne levande tanken, fødd av ynskje og krav om betre samband mellom by og bygd, mellom grend og grend, arbeidde vidare mot eit naturleg mål: Ei samordning av dei gode krefter som var sett i sving. 

Slik vart dei to lag den 29. mai 1891 slegne saman til eitt. Nyskapningen fekk namnet Indre Nordhordland Dampskibsselskab, seinare brigda til Indre Nordhordland Dampbåtlag L/L". 

1. januar 1974 gjekk då det nærare 83 år gamle selskapet i fusjon med Bergen-Nordhordland Trafikklag, og namnet deretter vart A/S Bergen-Nordhordland Rutelag. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal