Ein pioner i norsk luftfart
 Forfatter: Scandion
 Publiseringsdato: 27.07.2005
 Bernt
Balchen (1899-1973 var mekanikar og vernepliktig flygar i marinen 1919-25.
I 1926 var han med Roald Amundsen til Svalbard for å assistere ved
flyging over polen med luftskipet "Norge". 
 Då Richard E. Byrd fekk problem med skiunderstellet
på flyet, stilte Roald Amundsen Balchen til rådvelde - noko
som gjorde Byrd si polflyging muleg. Balchen vart seinare med Byrd til
Amerika og var i fleire år flygar, prøveflygar og teknisk
konsulent ved fleire fabrikkar. 
 Han flaug i 1927 saman med Byrd over Atlanterhavet og
deltok som førsteflygar i Byrd sin sydpolekspedisjon 1928-30. 
 I 1933-34 deltok han i Ellsworths transarktisk ekspedisjon. 
 Frå 1935 var han inspektør i Det norske luftfartsselskap.
Han var på reise i U.S.A. då Noreg vart okkupert 1940. 
 I åra 1940-41 var han flygar i det britiske flyvåpen
sitt Ferry Command. 
 I 1941 gjekk han over til den amerikanske hær sitt
flyvåpen, vart oberst i 1942, og gjorde teneste på Grønland
og i Nord-Europa fram til 1945. Han organiserte "Slepp-operasjonar" til
heimestyrkane og deltok i gjenerobringa av Finnmark. 
 Organiserte oppbygging av U.S.A. sine luftbaser på
Grønland. 
 Frå 1946-48 var han direktør i Det norske
luftfartsselskap - for så å bli henta attende til det amerikanske
flyvåpen for å leie arktisk forskningsarbeid. 
 Bernt Balchen var i sin yrkesaktive karriere knytta til
fleire flyselskap i Noreg og U.S.A., og har hatt stor betydning både
for den sivile og militære luftfart. 
 Bernt Balchen døydde 18.oktober 1973 og er gravlagt
på Arlington æreskirkegård i Washington DC. 
 23. oktober 1999, på hundreårsdagen for Balchens
fødsel, avduka kong Harald V ei statue til minne om Bernt Balchen
i Østerhavna i Kristiansand. 
 Les meir om Bernt Balchen på wikipedia.org  |