Luftferd mot Nordpolen
 Forfatter: Scandion
 Publiseringsdato: 25.07.2005
Salomon August Andrée er kjent for sitt forsøk
på å nå Nordpolen i ballong. Han starta frå Danskeøya
på Spitsbergen 11.07.1897 med to hjelparar, men dei kom aldri attende
i live. 
 Den svenske ingeniøren Salomon August Andrée
(1854-97) gjorde ni vellukka ferder med ballongen "Svea" i åra 1893-97,
som hadde vitenskapleg føremål, men i 1896 vart starten på
eit forsøk på å nå Nordpolen i ballong mislukka. 
 Han starta på ny med ballongen "Örnen" frå
Spitsbergen 11. juli 1897 saman med K. Fränkel og N. Strindberg. Etter
berre 3 dagar vart ballongen nedisa og dei måtte naudlande 14. juli
nær 83° N. Etter 3 månader med slitsom marsj over drivisen
kom dei til Kvitøya 5. oktober, der dei slo leir. 
 Kort tid etter døydde alle tre. Levningane vart
først funne i august 1930 av ein norsk ekspedisjon på Kvitøya,
med dr. Gunnar Horn som leiar. Ein fann også dagbøker, som
viste at dei hadde nådd 83° N breidde. 
 Same året (1930) kom boka "Med Örnen mot Polen",
skrive på grunnlag av dagboknotater og framkalla fotografi frå
ballongferda. 
 Funn som vart gjort etter ballongferda er utstilt i Andréemuseet
i Gränna, Småland - fødestaden til Salomon August Andrée. 
 Ferda er også skildra i dokumentarromanen "Ingenjör
Andrées luftfärd (1967) av Per Olof Sundman, og i den svensk-norske
filmen "Ingenjör Andrées luftfärd" (1982), der Jan Troell
har regien. 
 Les også om Nordpolekspedisjonar   |