Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Ekspedisjonar
 

    

     
Kon-Tiki-ekspedisjonen
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 19.11.2003

Med ei oppsiktsvekkjande ferd mot vest over Stillehavet ville Thor Heyerdahl bevise at polynesarane, bl.a. innbyggarane på Tahiti og Marquesaøyane, delvis stammar frå Sør-Amerika. 

Kon-Tiki-ekspedisjonen var ei forskningsferd på ca. 8000 km som etnologen Thor Heyerdal gjennomførte saman med 5 kamerater på ein balsaflåte 28/4 - 7/8 1947. Ferda gjekk over Stillehavet frå Callao i Peru til dei dei stranda på Raroia-revet på ei aude øy i Tuamotu-gruppa i Polynesia. 

Dei fem som var med Heyerdal på ekspedisjonen var nordmennene Herman Watzinger (flåtens konstruktør), Knut Haugland, Erik Hesselberg og Torstein Raaby, og den svenske etnograf Bengt Danielsson. 

Flåten blei bygd av balsatre og bambus, som ein kopi av dei balsaflåter dei peruvianske indianarane frå før spansketida benytta gjennom århundrer. 

Flåten fekk namnet Kon-Tiki etter inkaene sin solgud Con Tiki Viracocha som er omtala i peruvianske sagn. 

Hensikta med ferda var å bekreft Heyerdal sin teori om at Polynesia kan ha vore kolonisert av indianarar frå Sør-Amerika som let seg drive med straum og vind på flåter over Stillehavet. 

Forskningsferda hadde, og vakte stor interesse, og er omtala i Heyerdal sine bøker : Kon-Tiki-ekspedisjonen (1948) og American Indians in the Pacific (1952). 

Sidan 1950 har flåten vore oppbevart og utstilt i ein eigen museumsbygning på Bygdøy i Oslo. 

Kon-Tiki-ekspedisjonen var ein suksess, og gjorde Thor Heyerdahl verdsberømt. Dokumentarfilmen frå ekspedisjonen blei belønna med ein Oscar-pris i 1951. Boka om ferda blei omsett til over 70 språk, og det blei ei stund hevda at berre Bibelen hadde hatt eit større samla opplag. 

Heyerdal sitt forskningsarbeid på Galapagosøyane og Påskeøya har også gitt resultat som kan støtte teorien om at ein emigrasjon til Stillehavsøyane kan ha funne stad ved hjelp av havstraumane. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal