Gjøa
 Forfatter: wikipedia
 Publiseringsdato: 06.06.2006
Gjøa var det første fartøy som segla
gjennom Nordvestpassasjen. Med eit mannskap på seks, under leiing
av Roald Amundsen, nådde skuta Stillehavet i 1906 etter ei reise
på over 3 år. 
 Den 70 fot store skuta vart bygd i 1872 i Rosendal, Hardanger,
og vart dei første 28 åra brukt i fiskeria før Roald
Amundsen kjøpte den i 1900 for bruk i arktiske ekspedisjonar. 
 
 
 Foto: Scandion.  
Mannskapet på ekspedisjonen var (forutan Amundsen),
Helmer Hanssen, Anton Lund, Peder Ristvedt, Gustav Juel Wiik og Adolf Henrik
Lindstrøm. 
 Gjøa segla ut frå Oslo den 17. juni, 1903,
og etter å ha segla mellom fastlands-Canada og sørspissen
av Victoria Island nådde Gjøa Nome i Alaska den 31. august,
1906. Den segla så vidare til San Francisco, der den fekk ein storslagen
velkomst den 19. oktober same år. 
 
 
 Foto: Scandion.  
Under ekspedisjonen gjorde mannskapet blant anna fleire
målingar for å bestemme posisjonen til den magnetiske nordpolen. 
 Gjøa vart seinare kjøpt av eit Norsk-Amerikansk
samfunn og donert til San Francisco by i 1909. Der vart den stilt ut i 
 Golden Gate Park. Gjøa vart henta heim til Noreg
og vart offisielt overlevert til Norsk Sjøfartsmuseum på Bygdøy
i Oslo 17. juli 1972. 
 
Henta frå wikipedia.no
  
 Foto: Scandion. 
  
 Foto: Scandion. 
  
 Foto: Scandion. 
  
 Foto: Scandion.  
 |