Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Dyreriket
 

   

   
Iberiaskogsnigel
Forfatter: Nynorsk Wikipedia
Publiseringsdato: 15.07.2006

Iberiaskogsnigel (Arion lusitanicus), også kjend som brunsnigel eller mordarsnigel, er ein brunfarga landsnigel som nyleg er komen til Noreg. Opphavleg kjem sniglane frå den iberiske halvøya og Sør-Frankrike. 

Gjennom import av jord og plantedelar har dei spreidd seg til Nord-Europa, mellom anna til Noreg, der dei blei påvist første gong i 1988. 


Iberiaskogsnigel. Foto: Kjetil Lenes. Nynorsk Wikipedia. 

Snigleinvasjon 
Den første staden sniglen haldt til var på Stord, men han spreidde seg snøgt og finst no langs heile norskekysten nord til 
Trondheimsfjorden. 

Det nordeuropeiske klimaet har passa han betre enn det søreuropeiske, og den nye sniglearten er årsak til at bestanden av vanlege skogsniglar går tilbake. Det er likevel mogleg for iberiaskogsniglen å kryssa seg med vanleg skogsnigel. 

Utsjånad og levevis 
Sniglen er raudbrun av farge med mørkare hovud og tentaklar. Yngre sniglar har lengdeband på sidene av kroppen og kappen. 
Vaksne sniglar blir som regel sju til femten cm lange. Dei et levande planter og hageavfall, og er rekna som eit problem i hagar, åkrar og gartneri. Han kan òg eta andre døde sniglar, og blir difor òg kalla kannibal- eller mordarsnigel. 

Livssyklusen går over eitt år der vaksne individ legg opptil 400 egg om sommaren og hausten, før den døyr om vinteren. Egga klekker etter eit par veker og larvane overvintrer i jordholer og komposthaugar. Føda til iberiaskogsnigelen består av levande planter, hageavfall og døde artsfrendar. 

Nedkjemping av Iberiaskogsnigelen 
Iberiaskogsnigelen vert av menneska sett på som eit skadedyr, og han blir prøvd nedkjempa med mange metodar. Salt vert ofte nytta for å ta «kverken» både på iberiaskogsnigelen og andre sniglar, ettersom saltet tørkar ut snigelen på stutt tid. 
Problemet mange møter med denne metoden, er at dei døde sniglane særs ofte trekk til seg nye hordar med kannibalistiske iberiasniglar. 

Eit anna botemiddel er å helle øl i ein isboks som ein så set i hagen, eller ved vegkanten der ein har observert snigelen. Øldunsten vil tiltrekkja seg sniglane som så druknar nede i isboksen. 

Ein siste utveg er å bruka gift i kampen mot sniglane. 

Informasjonen er henta frå Nynorsk Wikipedia 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal