Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Dyreriket
 

    

   
Kvifor flyg fuglar i V-formasjon ?
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 14.10.2003

Det hender ofte ein ser at trekkfuglar flyg i store V-formasjonar. Er det for at dei skal sjå betre, eller har dei ein eller annan form for hierarkisk flygeorden, eller.... 

Det er berre store fuglar som f.eks gås, svane, trane, skarv m fl. som for alvor nyttar seg av formasjonsflyging. Som regel er dette aktuelt når dei legg ut på lange strekningar. 

Grunnen til at dei vel ein V-formasjon er at dei då sparer mykje krefter. Det heng saman med dei spesielle aerodynamiske trykkforhold som oppstår i nærleiken av ein flygande fugl. Like under, over, og bak fuglen vert det danna luftstraumar som går nedover. Derfor er det ikkje særleg gunstig for ein fugl å være der i forhold til naboen i trekkflokken. Den måtte då bruke mykje meir energi for å halde seg oppe. 

For fuglane i lufta gjeld altså ikkje det same forhold som for bilar på vegane. Bak ein bil i fart oppstår nemleg eit kraftig luftsug. 

For ein fugl er det mykje betre å ta plass utanfor vengespissen til fuglen framfor. Der, og på skrå bakover er det ein luftstraum som går oppover. 

For småfuglar går berre ein liten del av energien med til å halde seg oppe. Utbytte av å flyge i formasjon for dei vil være minimal. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal