Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Byggverk
 

   

 
Panamakanalen - eit meisterverk
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 29.05.2003


Panamakanalen er ei oppleving utanom det vanlege. 
Den åtte timar lange reisa gjennom den 84 kilometer lange kanalen er ei reise gjennom eit av vår tids største meisterverk. 

Panamakanalen, gjennom Panamaeidet, forbind Atlanterhavet (Karibiske hav) med Stillehavet. Kanalen går mellom byane Colón og Ciudad de Panamá. Samla lengde er 84 km, på det høgaste er vannstanden 26 m.o.h., minste djupne er 13 meter. 
Tre sluser på atlanterhavssida og tre på stillehavssida utjevnar skilnaden. Kanalen forkortar sjøvegen mellom New York og San Francisco med ca. 19.000 km, og passeringstida i sjølve kanalen er 8 timar. 

HISTORIE

I 1850 fatta USA og Storbritannia den såkalla Clayton-Bulver-avtalen om å byggje ein kanal gjennom Panamaeidet. 
Kanalen vart teikna og påbegynt av Ferdinand de Lesseps i 1879 . Lesseps hadde tidlegere bygd Suezkanalen. 

Arbeidet med kanalen vart starta i 1891 av eit fransk selskap, men enda med eit økonomisk samanbrot i 1889. Då var fleire tusen arbeidarar døde av tropesjukdomar. 

Amerikanarane tok over prosjektet i 1902, men arbeidet kom ikkje i gang att før i 1907, då den nye staten Panama hadde gjeve USA retten til å byggje og administrere kanalen. 

For $10 millioner i gull vart USA og Panama einige om ein avtale. Det vart oppretta ein nøytral kanalsone og arbeidet gjekk til eit amerikansk selskap. 

Kanalen vart så bygd som ein slusekanal med to kunstige sjøar, Gatún-sjøen og Miraflores-sjøen. 

I løpet av dei siste sju åra av prosjektet vart det fjerna 140.000.000 kubikkmeter masse i tillegg til dei 20 millionar som franskmennene hadde fjerna. Ein konstruerte og bygde noko av det mest solide og komplekse utstyr nokonsinne til betjening av sluser, og kraftige lokomotiv trekkjer skipa gjennom slusene. 

43000 mann var på det meste med i arbeidet på kanalen. 

Det første skipet som segla gjennom kanalen 15. august 1914 var S/S Ancon. Men så kom eit jordskred som stoppa for vidare trafikk i mange år. 12. juli 1920 kunne likevel president Woodrow Wilson innvie den 84 km lange vannvegen. I dag verdas mest traffikerte kanal. 

Dermed var den lange og farefulle ferda rundt Kapp Horn, som kunne strekkje seg over måneder for eit seglskip, redusert til 8-9 timer. 

I gjennomsnitt passerar 36-38 båter gjennom kanalen kvar dag. Skipa blir heva 25 meter over havet når dei kryssar kanalen. 
Det går med omtrent 200 millionar liter ferskvann for å få kvart skip gjennom kanalen. Rundt 9500 mennesker jobbar ved Panamakanalen. 

Det er berre 64 kilometer mellom Atlanterhavs- og Stillehavskysten i Panama, men meisterverka til dei oppfinnsomme skaparane er synlege langs heile kanalen som består av både innsjøar og sluser. Dette er garantert ei reise du aldri vil gløyme! 

Tidleg på 1970-talet reiste webredaktøren gjennom Panamakanalen som ung motormann ombord på Bergenske sitt cruiseskip "Royal Viking Star". 

Geografi 
Panama bind Sør- og Mellomamerika saman, grenser til Colombia og Costa Rica og har det Karibiske hav på den eine sida og Stillehavet på den andre. Landskapet er rikt på fjell og krydra med store områder med lågland og elvar. 

Lokalt namn : Panama (República de Panama) 
Statsform : Republikk 
Hovudstad : Panama City (766.405) 
Språk : Spansk (offisielt), engelsk og ei rekkje indianske språk. 
Største religion : Romersk katolsk 
Innbyggarar : 2.719.000 (1997) 
Valuta : Balboa = 100 cent 
Nasjonaldag : 3. november (Sjølvstendig i 1903) 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal