Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Bilhistorie
 

   

 
Frå trehjuling til «Super-Mercedes»
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 10.08.2003

Gottlieb Daimler og Karl Benz, som grunnla Daimler-Benz AG, har sin plass blant skaparane av verdas bilindustri. Pussig nok traff dei aldri kvarandre. 

Benz og Daimler budde berre nokre få kilometer frå kvarandre. Benz i Mannheim og Daimler i Cannstadt like ved Stuttgart. 
Uavhengig av kvarandre konstruerte dei i 1886 verdas første bensindrevne motorar for køyretøy - og dei var dei første som produserte motorkøyretøy, framleis kvar for seg. 


Benz Patent Motorvogn frå 1886. 
Den veg 230 kilo, har ein-sylindra 0,98 liters motor som yter ni hestekrefter, 
og kan komme opp i ein fart på 15 km/t. (Foto: Bildarchiv Daimler-Benz A.G) 

Den trehjulingen som Benz laga i 1886, hadde lærbremser og ein motor som vart dreven med renseveske frå nærmaste apotek. Bilen kunne kjøpast for 3000 mark. Den vakte stor interesse, men ingen kjøparar melde seg. 

Men Benz gav seg ikkje. I 1893 kom han med ei firehjulsvogn - Benz Viktoria, og året etter med ein lettare og meir økonomisk utgåve - Benz Velo. 

Den hadde to gir framover og revers,og ein halvannan hestars motor som kunne få den opp i ein fart på 20 km/t, som var ein god del meir enn trehjulingen. Endå viktigare var det at den kunne serieproduserast - etter Benz´ system, naturlegvis. 

Rivalen Gottlieb Daimler kom frå ein bakarfamilie og arbeidde hos den berømte oppfinnaren Ottos Gasmotoren-Fabrik Deutz, der det då vart laga stasjonære, gassdrevne motorar som vart seld i stort antall. I 1882 sa Daimler opp stillinga for å starte for seg sjølv. Han fekk med seg den unge ingeniøren Wilhelm Maybach, og saman bygde dei om Daimler sitt drivhus til verkstad. 

Merkeleg nok klarte dei i løpet av knapt eit år å konstruere ein motor som kom opp i ein fart på 900 omdreiningar i minuttet. Det var tre gonger meir enn nokon motor som hittil var komen i produksjon - og motorvekta var berre tredjeparten. 

Fram til 1885 forbedra Daimler denne motoren slik at ein modell kunne monterast på ein tresykkel, som dermed vart verdas første motorsykkel. Så monterte han, saman med Mayback, motorar og kraftoverføring i ein karjol, ein båt, sporvogner, brannbilar og varmluftsballongar. 

Bilen får namn 
I 1900 bestilte Emil Jellinek 36 bilar frå Daimlerselskapet. Han var ein rik forretningsmann og Østerikes generalkonsul i Nice i Frankrike. Han forlangte at bilen skulle være lang, låg og ha kraftig motor - og at den skulle få namn etter dottera Mercedes, som då var 11 år gamal. 

Resultatet kom i 1901, den første bil i verda som likna dei bilane vi har brukt i etterkrigstida. Før den tid vart automobilane bygt etter mønster av hestekøyretøy, høge og ustøe. Mercedes var låg med lågt tyngdepunkt, skrå rattstamme, kraftig motor på 35 hestekrefter og ein toppfart på 86 kilometer i timen - ganske utruleg på den tida. 

Denne nye bilen vart så populær at alle Daimler sine modellar frå då av fekk namnet Mercedes, som seinare vart forandra til Mercedes-Benz. 

Daimler døydde alt i 1900 og fekk ikkje oppleve nyskapinga Mercedes og utviklinga vidare. 

Karl Benz kjente han berre som sin hardaste konkurrent. Benz trekte seg attende frå firmaets ledelse i 1903, og døydde i 1929. Tre år tidlegare var dei to firmaene slegne saman som Daimler-Benz AG. 

Den nye fabrikken held fast på dei tradisjonane som grunnleggarane hadde skapt - med stadige fornyingar og forbedringar. Dei første produksjonsåra var prega av store, kraftige modellar. I 1931 starta også produksjonen av ein serie billigare typar, kalla modell 170, som snart etter vart fabrikken sin bestseljar. Dette var også den første modellen som vart produsert etter at fabrikken opna att etter store øydeleggingar i 1945. 

Etter krigen kom og dei eksklusive seriane 600 og 300 SL. I 1982 starta ein heilt ny produksjon med kompaktmodellen 190. 
I 1984 vart den nye serien 200-300 lansert, med typisk mellomstore bilar. 

Blant milepælane kan nemnast dei første bilane med dieselmotor, serieprodusert i 1936, og året etter \"Super-Mercedes\" eit monstrum med 7,7 liters motor på 230 hestekrefter. Alt i 1934 kunne ein få modellar med elektronisk bensininnsprøyting, og i 1978 lanserte Daimler-Benz blokkeringsfrie bremser for glatt føre. 

I Untertürkheim har Daimler-Benz eit museum der ein kan sjå firmaets mest berømte modellar. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal