Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Australia
 

    

    
Boomerang - eit effektivt våpen
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 12.10.2003


Foto: Scandion.

Myten om boomerangen fortel at våpenet alltid kjem tilbake til kastaren, men det kan være ei sanning med modifikasjonar. For sjølvsagt gjeld det ikkje om den treff målet. 

Boomerangen er kjent frå Australia der den vart brukt av aboriginer som jakt- eller krigsvåpen. Den har også vore i bruk mange andre stader på kloden. Den er kjent av Pueblo-indianarane i USA, i New England (ein del av øygruppa Melanesia), Celebes, og i Sør-India og Gujarat i Nord-India. Vidare i Mongolia, det østlege Sahara, i traktene rundt øvre Nilen og nokre av Zaires bielvar. 

På slutten av istida for ca 10000 år sidan finn ein boomerangen på bilder frå Nord-Afrika. Dei neste bilda ein har funne er av langt nyare dato, ca 1425 år f. Kr. I denne perioden finn ein boomerangen på eit veggmaleri i Amos tempel ved Theben. På maleriet vert den brukt til fuglejakt. 

Boomerangen har ei flat og ei konveks side, og kan variere i lengde frå ca. 30 til 100 centimeter. Den har ei bogeforma eller 
sirkulær kastebane. 

Dei små boomerangane vender tilbake til kastaren. Andre større typar, som bl.a. vert brukt til jakt, returnerer ikkje. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal