Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Årstider
 

    

 
Herskar over kvar sin vekedag
Tekst: Scandion
03.07.08

Dei fleste vekedagar har namn som skriv seg frå fortidas stjernetyding, det vi kallar astrologi. Ein trudde at sola, månen og dei fem planetane herska over kvar sin dag i veka. Men kvifor berre fem planetar ?

Berre fem av dei åtte planetane kan ein sjå med det blotte auga, og difor kjende fortidas menneske berre fem "vandrande stjerner". Desse fem er Merkur, Venus, Mars, Jupiter og Saturn. Dei andre planetane blei først oppdaga etterat kikkerten blei tatt i bruk i astronomien. 

Kanskje hadde vi hatt 10 vekedagar om fortidas menneske hadde kjend til Uranus, Neptun og Pluto.

Utifrå dette var :
søndag sola sin dag, og mandag månen sin dag. Mars herska over tysdagen, Merkur over onsdagen, Jupiter over torsdagen, Venus over fredagen og Saturn over laurdagen.

Namna på desse planetane var også romerske gudenamn, som hos oss seinare blei bytta ut med dei tilsvarande nordiske gudane. Mars, Merkur, Jupiter og Venus er altså bytta ut mot Tyr, Odin, Tor og Frigg, og desse gudane har så igjen gitt namn på tirsdag, onsdag, torsdag og fredag.

Vår betegnelse laurdag har ein heilt annan opprinnelse. Den betyr laugardag, badedag. På engelsk heiter laurdag saturday etter Saturn.

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal